255700_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/aar
255700
Auken i talet på faste breiband held fram
statistikk
2016-11-18T08:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå), breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadTeknologi og innovasjon, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Svalbard
false
Statistikken viser hastighet og antall bredbåndsabonnement hos private og bedrifter. I 1. kvartal 2016 økte gjennomsnittshastigheten på private bredbånd kraftig.

Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auken i talet på faste breiband held fram

Det er nesten 2 083 000 faste breibandabonnement i Noreg. På landsbasis har 84 prosent av hushalda fast breiband.

Faste breibandsabonnement
3. kvartal 20162. kvartal 20163. kvartal 20153. kvartal 2015 - 3. kvartal 2016
EndringEndring i prosent
Faste breiband i alt2 082 5642 061 4082 017 07365 4913,2
Private breiband
Talet på private breiband1 947 4761 928 8251 882 57464 9023,4
Private breiband per 100 hushald84,083,280,13,94,9
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)44,843,033,311,534,5
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)26,926,324,42,510,2
Bedriftsbreiband
Talet på bedriftsbreiband135 088132 583134 4995890,4
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)25,224,520,44,823,5
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)13,413,010,43,028,8

I 3. kvartal 2016 er det 1 947 000 private breibandabonnement i Noreg, inkludert Svalbard. Det er ein auke på nesten 19 000 abonnement frå 2.kvartal, og 65 000 det siste året. På landsbasis har no 84 prosent av hushalda breiband. Utbreiinga er størst i Oslo med 93 prosent, etterfølgt av Akershus og Hordaland med 87 prosent. Finnmark ligg lågast der 73 prosent av hushalda har breibandabonnement.

Talet på abonnement for bedriftsbreiband er på 135 000 i 3. kvartal. Det er ein auke på omtrent 2 500 abonnement frå 2. kvartal. Samanlikna med 3. kvartal 2015, er det så å seie ikkje endring i talet på abonnement.

35 prosent auke i gjennomsnittsfarta siste år

Frå 3. kvartal i fjor har hastigheita på private breiband auka heile 35 prosent til 44,8 Mbit/s. Samanlikna med dei to førre kvartala, har auken vore litt meir avgrensa. Den gjennomsnittlege hastigheita for bedriftsbreiband har auka frå 20,4 Mbit/s i 3. kvartal 2015 til 25,2 Mbit/s i 3. kvartal i år.

Medianverdien for hastigheita til private breiband auka frå 26,3 Mbit/s i 2. kvartal til 26,9 Mbit/s i 3. kvartal 2016. Samanlikna med 3. kvartal 2015 har medianverdien for hastigheita til private breiband auka med 10 prosent. Undersøkinga viser at gjennomsnittsfarta aukar meir enn medianverdien. Det kan tyde på at det er dei som allereie har raskt breiband som abonnerer på enno raskare breiband.

Medianverdien for bedriftsbreiband har frå 3. kvartal 2015 gått opp frå 10,4 til 13,4 Mbit/s i 3. kvartal i år.

6 prosent av dei private breibandabonnementa har ein hastigheit på over 128 Mbit/s, medan 18 prosent har ei fart på 8 Mbit/s eller lågare.

Nesten tre gonger så raske breiband i Rogaland som i Innlandet

Medianverdien på nedlastingshastigheita i Rogaland er målt til 43,5 Mbit/s, og er høgast i landet. Dei lågaste medianverdiane for nedlastingshastigheita finn vi i Hedmark og Oppland. Her er tala høvesvis 15,9 og 15,7 Mbit/s.

Følgjande eksempel kan illustrere kva hastigheit har og seie: For å strøyme ei HD-sending over internett, krev fleire strøymetenester ei minste hastigheit på 5 Mbit/s. Det betyr at medan eit typisk privat abonnement i Oppland ville klart 3 HD-sendingar samtidig, ville eit typisk abonnement i Rogaland klare åtte HD-sendingar.

Endra rutine for danning av hushaldÅpne og lesLukk

Mellom publisering av 4. kvartal 2015 og 1. kvartal 2016, publiserte SSB nye hushaldstal. Frå og med 1. kvartal 2016 vert talet på hushald rekna ut i frå tal per 1.1.2015. Nye rutinar for å rekne ut talet på hushald, gjer at talet på hushald blir litt lågare enn tala som blei brukt 4. kvartal 2015 og tidlegare. Andelen private abonnement per 100 hushald vil derfor få ein større auke enn den elles ville ha fått.

Meir informasjon om endringane på statistikksidene til Familier og husholdninger.