13752_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/arkiv
13752
2,8 millionar Internett-abonnement
statistikk
2002-06-26T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå), breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadTeknologi og innovasjon, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Svalbard
false

Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

2,8 millionar Internett-abonnement

Det var ved utgangen av 1. kvartal 2002 knapt 2,8 millionar Internett-abonnement i Noreg. Abonnementa fordelte seg på om lag 140 000 bedriftsabonnement og vel 2,6 millionar privatabonnement. Det fanst i alt vel 50 000 abonnement med breiband via kabel, ADSL eller liknande.

Privatmarknaden. Abonnement med breiband (overføringskapasitet større enn 384 Kbit per sekund) i høve til befolkningstalet, etter fylke. 1. kvartal 2002. Prosent

Det er fyrste gong Statistisk sentralbyrå publiserer denne statistikken. Det er difor ikkje mogleg å syna utviklingstrekk. Tala byggjer på opplysningar frå leverandørar av Internett-tilgang. For meir informasjon om populasjonen sjå i "Om statistikken".

Sterk marknadskonsentrasjon

Dei største Internett-leverandørane har ein dominerande posisjon i marknaden. Internett-leverandørar med minst 100 000 abonnement gav tilgang til Internett til om lag 90 prosent av privatmarknaden. Det er også sterk marknadskonsentrasjon i bedriftsmarknaden. Internett-leverandørar med minst 10 000 abonnement gav Internett-tilgang til om lag 80 prosent av bedriftsmarknaden.

Mest breiband i byane

Oslo og andre fylke med tett busetnad har mest breiband. I denne statistikken vert breiband rekna som Internett-abonnement med overføringskapasitet (fart inn) høgare enn 384 Kbit per sekund. Det finst færre abonnement med denne overføringskapasiteten i fylke med spreidd busetnad. Den geografiske utbreiinga av breiband er mellom anna knytt til høvet til å ta i bruk teknologiar som kabel, ADSL eller liknande.

Privatmarknaden. Delen abonnement fordelt etter storleiken til Internett-leverandørane. 1. kvartal 2002. Prosent

Bedriftsmarknaden. Delen abonnement fordelt etter storleiken til Internett-leverandørane. 1. kvartal 2002. Prosent

Abonnementstala inneheld også abonnement som ikkje har vorte brukt i løpet av det siste kvartalet. Det er ikkje eit direkte samsvar mellom mengda abonnement og talet på bedrifter og personar med Internett-tilgang. For meir informasjon sjå i "Om statistikken". Statistikken vil etter kvart inkludera variablar som skildrar bruken av Internett. Det er ei målsetjing å publisera tal på eit meir detaljert regionalt nivå.

Tabeller: