13750_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/arkiv
13750
25 000 fleire breibandsabonnement
statistikk
2002-11-29T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå), breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadTeknologi og innovasjon, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Svalbard
false

Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

25 000 fleire breibandsabonnement

Det var ved utgangen av 2. kvartal 2002 i underkant av 77 000 abonnement med breiband via kabel, ADSL eller liknande. Tilsvarande tal for 1. kvartal var vel 51 000. Abonnementstypar med lågare overføringskapasitet utgjorde om lag 90 prosent av alle abonnementa.

Fordelinga av Internett-abonnement på ulike overføringskapasitetar. Private abonnement. 2. kvartal 2002. Prosent

Fordelinga av Internett-abonnement på ulike overføringskapasitetar. Bedriftsabonnement. 2. kvartal 2002. Prosent

Eitt av fire Internett-abonnement som blei teikna i 2. kvartal var breibandsabonnement. Breibandsabonnementa hadde ein prosentvis auke på 50 prosent i høve til 1. kvartal, medan abonnement med lågare overføringskapasitet berre auka med 3 prosent. Det er likevel abonnement med tilkopling via analogt modem og ISDN som utgjer størsteparten av abonnementa, med høvesvis 44 og 51 prosent.

I denne statistikken vert breiband rekna som Internett-abonnement med overføringskapasitet (fart inn) høgare enn 384 Kbit per sekund.

Mest breiband i byar

Fylke med tett busetnad har mest breiband både når det gjeld private abonnement og bedriftsabonnement. Det finst færre abonnement med denne overføringskapasiteten i fylke med spreidd busetnad. Den geografiske utbreiinga av breiband er mellom anna knytt til høvet til å ta i bruk teknologiar som kabel, ADSL eller liknande.

Privatmarknaden. Abonnement med breiband i prosent av befolkningstalet, etter fylke. 2. kvartal 2002

Tre millionar Internett-abonnement

Internett-abonnement totalt fordelte seg på om lag 158 000 bedriftsabonnement og vel 2,7 millionar private abonnement. I høve til 1. kvartal auka abonnementstala med 13,5 prosent for bedriftsabonnement og 3,2 prosent for private abonnement.

Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire Internett-abonnement, likeeins kan fleire privatpersonar bruke eitt abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på personar/bedrifter med Internett-tilgang. Abonnementstala inneheld også abonnement som ikkje har vorte brukt i det siste kvartalet. Blant abonnement med analogt modem og ISDN er det særskild mange inaktive abonnement.

Tala byggjer på opplysningar frå leverandørar av Internett-tilgang. Vi gjer merksam på at tala for 1. kvartal har vorte reviderte sidan frigivinga 26. juni 2002. Statistikken vil etter kvart inkludere variablar som skildrar bruken av Internett. Det er ei målsetjing å publisere tal på eit meir detaljert regionalt nivå. For meir informasjon, sjå i Om statistikken.

Tabeller: