Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i breibandsabonnement
Det var ved utgangen av 3. kvartal 2002 om lag 1,5 millionar aktive Internett-abonnement i Noreg. Av desse var nesten 113 000 breibandsabonnement, medan det tilsvarande talet for 2. kvartal var knapt 77 000. Kvart åttande abonnement som blei teikna sidan 2. kvartal var eit breibandsabonnement.
I løpet av 3. kvartal 2002 blei det teikna nesten 280 000 Internett-abonnement. 13 prosent av desse abonnementa var breibandsabonnement. Sidan utgangen av 2. kvartal har talet på private breibandsabonnement auka med nesten 50 prosent.
I denne statistikken vert breiband rekna som Internett-abonnement med overføringskapasitet (fart inn) høgare enn 384 kbit per sekund. Statistikken omfattar berre abonnement tilbydd av kommersielle Internett-leverandørar.
Halvparten aktive abonnement
For 3. kvartal 2002 offentleggjer Statistisk sentralbyrå også tal for aktive Internett-abonnement. Aktive abonnement er abonnement som har vore i bruk i det siste kvartalet. Breibandsabonnement, som det gjerne fakturerast for månadleg, vert utan unntak rekna som aktive. Det tyder at ein i dei lågare overføringskapasitetane får skilt ut abonnement som har blitt oppretta for ei tid tilbake og som ikkje lenger er i bruk. Dette gjev eit rettare bilete av Internett-bruken i landet.
Ved utgangen av 3. kvartal 2002 var det vel 3,1 millionar Internett-abonnement totalt i Noreg. Berre halvparten av desse kan reknast som aktive abonnement.
Analogt modem mest vanleg i bedriftsmarknaden
Av alle aktive bedriftsabonnement er 10 prosent breiband, og av privatabonnementa er 7 prosent breiband. Abonnement med tilkopling via analogt modem og ISDN utgjer høvesvis 71 og 17 prosent av alle aktive abonnement i bedriftsmarknaden. For privatmarknaden utgjer desse abonnementstypane kvar for seg rundt 44 prosent av Internett-abonnement som er i bruk.
Regional fordeling
Abonnementstala vert denne gongen også fordelt på kommunar. 280 av landets 434 kommunar har få (under 10) eller ingen breibandsabonnement. Den geografiske utbreiinga av breiband er mellom anna knytt til høvet til å ta i bruk teknologiar som kabel, ADSL eller liknande.
Nokre kommunar er sjølve leverandørar av Internett-tilgang. Eit eksempel er Modalen kommune der alle hushaldningane i kommunen har tilgang til breiband. Denne type abonnement er ikkje inkludert i statistikken.
Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire Internett-abonnement, likeeins kan fleire privatpersonar bruke eit abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushaldningar/bedrifter med Internett-tilgang. For breidband er det likevel grunn til å tro at det er eit tilnærma ein-til-ein tilhøve mellom abonnement og hushaldning. Difor visar vi breibandsabonnement i prosent av hushaldningane i kommunane.
Kommunar med flest private
breibandsabonnement ved
utgangen av 3. kvartal 2002 i høve til hushaldningane november 2001. Berre basert på data frå kommersielle Internett-leverandørar (Retta 29.08.2003) |
Kommunar | Breibandsabonnement i prosent av hushaldningar | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 5,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1233 Ulvik | 18,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0219 Bærum | 13,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1601 Trondheim | 11,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1234 Granvin | 10,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1833 Rana | 10,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0301 Oslo | 10,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1201 Bergen | 9,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1502 Molde | 9,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 9,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1871 Andøy | 9,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0706 Sandefjord | 8,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0220 Asker | 8,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1902 Tromsø | 8,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2021 Karasjohka-Karasjok | 7,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0230 Lørenskog | 7,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1804 Bodø | 7,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1103 Stavanger | 7,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0231 Skedsmo | 7,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0215 Frogn | 7,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0233 Nittedal | 6,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Det er ein samanheng mellom kommunanes sentralitet og talet på breibandsabonnement. I dei mest sentrale kommunane (SSBs Standard for kommuneklassifisering) er det flest breibandsabonnement i høve til hushaldningar.
Private breibandsabonnement 3. kvartal 2002 fordelt etter kommunane si sentralitetskode
(Retta 29.08.2003) |
Sentralitet1 | Hushaldningar november 2001 | Breibandsabonnement | Breibandsabonnement i prosent av hushaldningar | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 263 027 | 1 869 | 0,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 140 423 | 2 536 | 1,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 490 057 | 18 823 | 3,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 1 068 078 | 89 340 | 8,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Standard for kommuneklassifisering. Statistisk sentralbyrå 1994 (NOS C 192). |
For meir informasjon sjå i "Om statistikken".
1 Artikkelen er retta og ny versjon publisert 29. august 2003.
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Internett-abonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 3. kvartal 2002. (Retta 29.08.2003.)
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Internett-abonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 3. kvartal 2002. (Retta 29.08.2003.)
- Tabell 3 Privatmarknaden. Utviklingstrekk. Internett-abonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 1., 2. og 3. kvartal 2002 (Retta 29.08.2003.)
- Tabell 4 Bedriftsmarknaden. Utviklingstrekk. Internett-abonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 1., 2. og 3. kvartal 2002. (Retta 29.08.2003.)
- Tabell 5 Aktive Internett-abonnement totalt og breiband. Bedrift- og privatabonnement. 3. kvartal 2002. Kommune. (Retta 29.08.2003.)
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42