13746_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/arkiv
13746
Breiband mest vanleg i sentrale kommunar1
statistikk
2003-09-09T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå), breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadTeknologi og innovasjon, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Svalbard
false

Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Breiband mest vanleg i sentrale kommunar1

I dei mest sentrale kommunane hadde nesten 10 av 100 hushaldningar breiband ved utgangen av 2002. Det tilsvarande talet i dei minst sentrale kommunane var ein hushaldning av hundre. Samstundes fall talet på kommunar med få eller ingen breibandsabonnement.

Ved utgangen av 2002 var det vel 158 000 breibandsabonnement i Noreg. Dette inneber ein auke på nesten 40 prosent sida utgangen av 3. kvartal.

Fordelinga av aktive abonnement på ulike overføringskapasitetar. 4. kvartal 2002. Bedriftsabonnement

Fordelinga av aktive abonnement på ulike overføringskapasitetar. 4. kvartal 2002. Private abonnement

Talet på breibandsabonnement har auka jamt gjennom året. Frå 1. til 2. kvartal var den 49 prosent, frå 2. til 3. var den 47 prosent og frå 3. til 4. 40 prosent. I denne statistikken vert breiband rekna som Internett-abonnement med overføringskapasitet (fart inn) høgare enn 384 kbit per sekund.

Små endringar i fordelinga av abonnementstypar

Ved utgangen av 4. kvartal 2002 var det totalt rundt 3,4 millionar Internett-abonnement i Noreg. Halvparten av desse kan reknast som aktive abonnement, det vil seie at dei var i bruk siste kvartal eller var breibandsabonnement.

Kart

Dersom ein fordeler dei aktive abonnementa på ulike abonnementstypar, ser ein stor skilnad mellom bedriftsmarknaden og privatmarknaden. Abonnement med tilkopling via analogt modem og ISDN utgjer høvesvis 72 og 15 prosent av alle aktive abonnement i bedriftsmarknaden. For privatmarknaden utgjer desse abonnementstypane kvar for seg vel 40 prosent av Internett-abonnement som er i bruk. Denne fordelinga har vore nokså stabil i løpet av året. Delen breibandsabonnement var ved utgangen av året i rundt 10 prosent i både privat- og bedriftsmarknaden. Auka har vore størst i privatmarknaden der den gjekk frå 7,4 prosent i 3. kvartal til 9,7 prosent i 4. kvartal.

Fleire kommunar får breiband

Medan det ved utgangen av 3. kvartal var 280 av landets 434 kommunar som hadde få (under 10) eller ingen breibandsabonnement, hadde dette talet ved utgangen av 4. kvartal gått ned til 258 kommunar. Den geografiske utbreiinga av breiband er mellom anna knytt til høvet til å ta i bruk teknologiar som kabel, ADSL eller liknande.

Statistikken omfattar berre abonnement tilbydd av kommersielle Internett-leverandørar. Nokre kommunar er sjølve leverandørar av gratis Internett-tilgang. Eit eksempel er Modalen kommune der alle hushaldningane i kommunen har tilgang til breiband. Denne type abonnement er ikkje inkludert i statistikken.

Kommunar med flest private breibandsabonnement
ved utgangen av 4. kvartal 2002 i høve til hushald-
ningar 3. november 2001. Berre basert på data frå
kommersielle Internett-leverandørar.
Kommunar                               Breibandsabonnement i
prosent av husholdningar
Landsgjennomsnitt 7,1
   
1233 Ulvik 18,1
0219 Bærum 17,2
1419 Leikanger 15,4
1601 Trondheim 14,8
0217 Oppegård 13,5
1201 Bergen 13,5
1502 Molde 12,9
0301 Oslo 12,6
1833 Rana 12,1
1234 Granvin 11,8
1804 Bodø 11,8
0706 Sandefjord 11,7
1634 Oppdal 11,6
1103 Stavanger 11,5
0220 Asker 10,9
1221 Stord 10,9
0231 Skedsmo 10,5
0233 Nittedal 10,4
0213 Ski 10,3
2021 Kárásjohka-Karasjok 10,3

For å belyse samanhengen mellom kommunanes sentralitet og talet på breibandsabonnement kan ein gruppere kommunane etter SSBs Standard for kommuneklassifisering. Ein ser då at det er flest breibandsabonnement i høve til folkemengde i dei mest sentrale kommunane.

Private breibandabonnement 4. kvartal 2003 fordelt etter
kommunane si sentralitetskode
Sentralitet1 Hushaldningar
november 2001
Breiband-
abonnement
Breibandabonnement i
prosent av hushaldningar
Minst sentrale kommunar  263 027 3 020 1,1
Mindre sentrale kommunar  140 423 4 285 3,1
Noko sentrale kommunar  490 057 27 824 5,7
Sentrale kommunar 1 068 078  104 335 9,8
1  Standard for kommuneklassifisering. Statistisk sentralbyrå 1994 (NOS C 192).

Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire Internett-abonnement, likeins kan fleire privatpersonar bruke eit abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushaldningar/bedrifter med Internett-tilgang. For breiband er det likevel grunn til å tro at det er eit tilnærma ein-til-ein tilhøve mellom abonnement og hushaldning. Difor visar vi breibandsabonnement i prosent av hushaldningane i kommunane.

For meir informasjon sjå i "Om statistikken".

1 Ny revidert versjon er lagt ut på web 11. mai 2004 .

Tabeller: