Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stor auke i breibandsabonnement
Det var ved utgangen av 2003 vel 347 000 breibandsabonnement i Noreg. Dette inneber ein auke på nesten 120 prosent sidan utgangen av 2002.
Av desse er knappe 312 000 private breibandsabonnement. Veksten i private breibandsabonnement er på 123 prosent i 2003, medan talet på bedriftsabonnement nesten er dobla.
Mest vanleg med breiband i sentrale kommunar
Deler ein kommunane inn i SSB sin Standard for kommuneklassifisering, ser ein at det er fleire breibandsabonnement i høve til hushalda i dei mest sentrale kommunane. Samstundes er den prosentvise auken av breibandsabonnement i 2003 størst i dei minst sentrale kommunane.
Private breibandsabonnement 4. kvartal 2003 fordelt etter sentralitetskoden til kommunane |
Sentralitet1 | Breibandsabonnement |
Breibandsabonnement i
prosent av hushald |
Prosentvis auke i
breibandsabonnement sida 4. kvartal 2002 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 11 889 | 4,6 | 294 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 11 246 | 8,0 | 162 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 63 131 | 12,8 | 127 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommuner | 225 073 | 20,7 | 116 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Standard for kommuneklassifisering. Statistisk sentralbyrå 1994 (NOS C 192). |
Ved utgangen av 2003 hadde 164 av landets 434 kommunar få (under 10) eller ingen abonnement på breiband. Dette er 95 kommunar færre enn i 4. kvartal 2002. Av dei 164 kommunane som har få eller ingen slike abonnement er 120 klassifiserte som minst sentrale kommunar.
Kommunar med flest private breibands-
abonnement ved utgangen av 4. kvartal 2003 i høve til hushalda. Berre basert på data frå kommersielle Internett-leverandørar. |
Kommunar |
Breibandsabonnement
i prosent av hushalda |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 15,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1124 Sola | 30,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1411 Gulen | 29,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0219 Bærum | 28,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0301 Oslo | 27,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1103 Stavanger | 27,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1601 Trondheim | 26,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 25,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1871 Andøy | 24,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0220 Asker | 23,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1201 Bergen | 23,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1127 Randaberg | 22,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1106 Haugesund | 22,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 22,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1102 Sandnes | 22,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0215 Frogn | 22,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1804 Bodø | 22,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0216 Nesodden | 21,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0230 Lørenskog | 21,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0231 Skedsmo | 21,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0229 Enebakk | 21,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire Internett-abonnement, likeins kan fleire privatpersonar bruke eit abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med Internett-tilgang. Til dømes kan hushalda få Internett-tilgang gjennom arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå undersøkinga " IKT i husholdningene" , for tal på hushald med breibandstilgang. |
For meir informasjon sjå i Om statistikken.
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Internett-abonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 4. kvartal 2003
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Internett-abonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 4. kvartal 2003
- Tabell 3 Privatmarknaden. Utviklingstrekk. Internett-abonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke.
- Tabell 4 Bedriftsmarknaden. Utviklingstrekk. Internett-abonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke.
- Tabell 5 Aktive Internett-abonnement totalt og breiband. Bedrifts- og privatabonnement. 4. kvartal 2003. Kommune
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42