Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire og raskare breiband
Ved utgangen av 3. kvartal 2004 var det 550 000 breibandsabonnement i Noreg. Dette er nesten dobbelt så mange som på same tid i 2003.
Folkelinja ser framleis ut til å være på 704 kbit/s, men stadig fleire får raskare breiband. Medan det var knappe 16 000 abonnement på 1 Mbit/s eller raskare tredje kvartal 2003, var det heile 117 000 slike abonnement ved utgangen av tredje kvartal 2004. Dette inneber ein auke på heile 640 prosent.
Dei mest sentrale kommunane har framleis fleire breibandsabonnement i høve til hushalda. Medan dei sentrale kommunane hadde 31 prosent breibandsabonnement i høve til hushalda, hadde dei minst sentrale kommunane berre 11 prosent.
Private breibandsabonnement 3. kvartal 2004 fordelt etter kommunane si
sentralitetskode |
Sentralitet1 | Breibandsabonnement |
Breibandsabonnement i
prosent av hushalda |
Prosentvis auke i
breibandsabonnement sidan 4. kvartal 2003 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 28 137 | 11 | 137 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 23 110 | 16 | 105 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 110 730 | 22 | 75 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 335 425 | 31 | 49 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Standard for kommuneklassifisering. Statistisk sentralbyrå 1994 (NOS C 192). |
Ved utgangen av tredje kvartal 2004 hadde 57 av landets 434 kommunar få (under 10) eller ingen abonnement på breiband. Av desse kommunane som ikkje har breiband, er 84 prosent i dei minst sentrale kommunane.
Kommunar med flest private breibands-
abonnement ved utgangen av 3. kvartal 2004 i høve til hushalda. Berre basert på data frå kommersielle Internett-leverandørar |
Kommunar |
Breibandsabonnement
i prosent av husholda |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 25,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0219 Bærum | 40,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1528 Sykkylven | 40,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1124 Sola | 38,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 38,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1601 Trondheim | 37,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1103 Stavanger | 37,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0220 Asker | 36,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0301 Oslo | 36,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0216 Nesodden | 34,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1102 Sandnes | 34,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1804 Bodø | 33,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0231 Skedsmo | 33,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 33,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0234 Gjerdrum | 33,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1902 Tromsø | 33,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0215 Frogn | 32,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1201 Bergen | 32,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1127 Randaberg | 32,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1502 Molde | 32,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1411 Gulen | 31,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire Internett-abonnement, likeins kan fleire privatpersonar bruke eitt abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med Internett-tilgang. Til dømes kan hushalda få Internett-tilgang gjennom arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire hushald deler abonnement. Sjå undersøkinga "IKT i husholdningene", http://www.ssb.no/emner/10/03/ikthus/ , for tal hushald med breibandstilgang. |
For meir informasjon, sjå Om statistikken.
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Internettabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 3. kvartal 2004
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Internettabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 3. kvartal 2004
- Tabell 3 Privatmarknaden. Utviklingstrekk. Internettabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke
- Tabell 4 Bedriftsmarknaden. Utviklingstrekk. Internettabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke
- Tabell 5 Aktive internett-abonnement totalt og breiband. Bedrift- og privatabonnement. 3. kvartal 2004. Kommune
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42