Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stadig fleire breiband
Ved utgangen 2004 var det 679 000 breibandsabonnement i Noreg. Tilsvarande tal for 2003 var på 376 000, noko som inneber ein auke på heile 81 prosent.
Det var 604 000 private breibandsabonnement ved utgangen av 4. kvartal 2004, noko som er 269 000 fleire enn på same tid i fjor. Den mest vanlige breibandslinja er framleis 704 kbit/s, men den største prosentvise auken finn ein i linja fra 1 til 8 Mbit/s.
Oslo er fylket med flest breibandsabonnement i høve til hushalda med 41 prosent. Saman med Akershus og Rogaland utgjør dette dei tre fylka med forholdsmessig flest breiband. Hedmark og Nord-Trøndelag ligger i botnen med ca. 19 prosent.
Når ein ser på korleis fordelinga av dei ulike breibandslinja er, så skilje Oslo, Rogaland og Nordland seg ut ved at dei har forholdsmessig fleire raske breiband enn dei andre fylka. I disse fylka er godt over tretti prosent av breibanda over 1 Mbit/s.
Private breibandsabonnement 4. kvartal 2004, fordelt etter
kommunane si sentralitetskode |
Sentralitet1 | Breiband-abonnement | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 40 112 | 15,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 29 774 | 21,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 132 985 | 26,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 388 575 | 35,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Standard for kommuneklassifisering. Statistisk sentralbyrå 1994 (NOS C 192). |
Det er framleis dei mest sentrale kommunane som har flest breibandsabonnement. I dei mest sentrale kommunane hadde 35 prosent breibandsabonnement i høve til hushalda, medan det tilsvarande talet for dei minst sentrale kommunane var på 16 prosent. Dette tilsvarar eit nivå dei mest sentrale kommunane var på i andre kvartal 2003, altså 1 ½ år tidligare enn dei minst sentrale kommunane.
Ved utgangen av fjerde kvartal 2004 var det 34 av landets 433 kommunar som hadde få (under 10) eller ingen breibandsabonnement. Dette er 130 færre enn ved utgangen av fjerde kvartal 2003.
Kommunar med flest private breibandsabonnement ved
utgangen av 4. kvartal 2004 i høve til hushalda. Berre basert på data frå kommersielle internettleverandørar |
Kommunar | Breibandsabonnement i prosent av husholda. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 30,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1124 Sola | 48,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1528 Sykkylven | 45,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0219 Bærum | 44,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1103 Stavanger | 44,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1120 Klepp | 43,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1127 Randaberg | 43,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 43,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1601 Trondheim | 41,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0220 Asker | 41,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1102 Sandnes | 41,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0301 Oslo | 40,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0215 Frogn | 39,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0234 Gjerdrum | 38,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0231 Skedsmo | 38,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1563 Sunndal | 38,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1902 Tromsø | 38,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1634 Oppdal | 38,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1804 Bodø | 37,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0216 Nesodden | 37,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1502 Molde | 37,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, likeins kan fleire privatpersonar bruke eit abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang igjennom arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå undersøkinga " IKT i husholdningene ", for tal på hushald med breibandstilgang. |
For meir informasjon sjå i Om statistikken.
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelt, etter overføringskapasitet og fylke. 4. kvartal 2004
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 4. kvartal 2004
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement fordelt etter marked
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit/s). Bedrift- og privatabonnement. 4. kvartal 2004. Kommune
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42