Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Oslo er breibandsfylket
Det var 778 000 breibandsabonnement ved utgangen av første kvartal 2005. Tilsvarande tal for første kvartal 2004 var 478 000, og inneber ein auke på 63 prosent.
Av desse var 695 000 private breibandsabonnement, noko som er ein auke på 62 prosent frå same tid i fjor. I bedriftsmarknaden var det 84 000 abonnement - ein auke på 67 prosent frå 1. kvartal 2004.
Oslo er framleis fylket med flest breibandsabonnement i høve til hushalda med 45 prosent. Rogaland og Akershus har også ein høg del abonnement, med høvesvis 43 og 42 prosent. Hedmark, Oppland og Sogn og Fjordane er fylka med relativt minst breiband med 24 prosent.
Sida sist kvartal har det skjedd ei endring i overføringskapasiteten i dei private breibandsabonnementa. Det har blitt relativt fleire abonnement i overføringskapasitetane frå 704 kbit/s til og med 1 Mbit/s. Sjølv om det har blitt fleire abonnement på 1 Mbit/s, er framleis 704 kbit/s det mest vanlege. Nordland er fylket med størst del breibandsabonnement over 1 Mbit/s, kor 37 prosent av abonnementa er dette. I Finnmark er tilsvarande tal på 11 prosent.
Private breibandsabonnement fordelt etter kommunane si
sentralitetskode. 1. kvartal 2005 |
Sentralitet1 | Breibandsabonnement | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 51 094 | 19,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 36 147 | 25,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 159 051 | 32,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 447 398 | 40,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Standard for kommuneklassifisering. Statistisk sentralbyrå 1994 (NOS C 192). |
Deler ein inn kommunane etter SSB sin Standard for kommuneklassifisering ser ein at dei sentrale kommunane har høgst grad breibandsabonnement i høve til hushalda med 41 prosent. Til samanlikning er det berre 20 prosent av dei minst sentrale kommunane som har dette.
Det er fire kommunar kor det er meir enn 50 prosent breibandsabonnement i høve til hushalda, og alle desse ligg i Rogaland. På kommuneoversikten med relativt flest breibandsabonnement skil også Akershus seg ut, og heile 7 av dei 20 kommunane med relativt flest breiband kjem herfrå.
Ved utgangen av første kvartal 2005 var det 17 av landets 433 kommunar som hadde få (under 10) eller ingen breibandsabonnement.
Kommunar med flest private breibands-
abonnement ved utgangen av 1. kvartal 2005 i høve til hushalda. Berre basert på data frå kommersielle Internettleverandørar |
Kommunar | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 34,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1124 Sola | 54,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1127 Randaberg | 52,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1122 Gjesdal | 51,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1103 Stavanger | 50,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 48,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0220 Asker | 48,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1102 Sandnes | 47,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0216 Nesodden | 46,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0219 Bærum | 46,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1556 Frei | 46,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0215 Frogn | 45,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1528 Sykkylven | 45,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0301 Oslo | 45,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1601 Trondheim | 45,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0231 Skedsmo | 45,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1804 Bodø | 45,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1120 Klepp | 44,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1563 Sunndal | 43,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 43,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2004 Hammerfest | 43,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, likeins kan fleire privatpersonar bruke eit abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang igjennom arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå undersøkinga "IKT i husholdningene", for tal på hushald med breibandstilgang. |
For meir informasjon sjå i Om statistikken.
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 1. kvartal 2005
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 1. kvartal 2005
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement fordelt etter marked
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit/s). Bedrift- og privatabonnement, etter kommune. 1. kvartal 2005
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42