Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire og raskare breiband
Det var 828 000 breibandsabonnement ved utgangen av 2. kvartal 2005. Det var 317 000 fleire enn i same periode i 2004, ein auke på 62 prosent. Mange har også fått raskare breiband.
Av desse var 744 000 private breibandsabonnement, noko som er auke på 64 prosent frå same tid i fjor. I bedriftsmarknaden var det 84 500 abonnement, 48 prosent fleire enn i 2. kvartal 2004.
Oslo og Rogaland er fylka med flest breibandsabonnement i høve til hushalda med høvesvis 45,9 og 45,2 prosent. Akershus har også ein høg del abonnement, med 43 prosent. Hedmark, Oppland, Telemark, Sogn og Fjordane og Nord-Trøndelag er fylka med minst breiband med 28 prosent i høve til hushalda.
Det er ei endring i overføringskapasiteten i dei private breibandsabonnementa. Det har blitt relativt fleire abonnement i overføringskapasitetane frå 704 kbit/s til og med 1 Mbit/s. Sjølv om det har blitt fleire abonnement på 1 Mbit/s, er framleis 704 kbit/s det mest vanlige. På landsbasis har abonnement med overføringskapasitet 2 Mbit/s til 8Mbit/s auka med 113 prosent sidan førre kvartal. Vest-Agder er fylket med størst del breibandsabonnement over 1 Mbit/s, kor 45 prosent av abonnementa har denne overføringskapasiteten. I Finnmark er tilsvarande tal på 13 prosent.
Private breibandsabonnement fordelt etter kommunane si sentralitetskode. 2. kvartal 2005 |
Sentralitet1 | Breibands-abonnement | Breibands-abonnement i prosent av hushalda | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 61 073 | 24 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 41 829 | 30 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 175 833 | 35 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 464 889 | 42 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Standard for kommuneklassifisering (NOS C 192). |
Deler ein inn kommunane etter SSBs Standard for kommuneklassifisering ser ein at dei sentrale kommunane har høgast grad breibandsabonnement i høve til hushalda med 42 prosent. Til samanlikning er det berre 24 prosent i dei minst sentrale kommunane som har breiband.
Det er seks kommunar kor det er meir enn 50 prosent breibandsabonnement i høve til hushalda. 5 av desse 6 kommunane ligg i Rogaland. På kommuneoversikten med relativt flest breibandsabonnement skil også Akershus seg ut, og heile 8 av dei 25 kommunane med flest breiband i høve til hushalda kjem herfrå.
Ved utgangen av andre kvartal 2005 var det 6 av landets 433 kommunar som hadde få (under 10) eller ingen breibandsabonnement frå kommersielle internettleverandørar. Dette var kommunane Modalen i Hordaland, Nesset i Møre og Romsdal, Lurøy og Rødøy i Nordland og Kåfjord og Kvalsund i Finnmark. Samstundes veit vi at Modalen har 100 prosent breibandsdekning gjennom ein spesialordning i regi av si eiga kommune.
Kommunar med flest private breibands-abonnement ved utgangen av 2. kvartal 2005 i høve til hushalda1 |
Kommunar | Breibandsabonnement i prosent av husholda | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 37,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0941 Bykle | 59,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1120 Klepp | 54,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1127 Randaberg | 54,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1122 Gjesdal | 54,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1124 Sola | 53,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1103 Stavanger | 51,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1102 Sandnes | 49,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1563 Sunndal | 49,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0220 Asker | 48,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0216 Nesodden | 48,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1556 Frei | 48,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 48,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1804 Bodø | 47,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0215 Frogn | 47,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1528 Sykkylven | 47,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 46,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0706 Sandefjord | 46,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0231 Skedsmo | 46,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1621 Ørland | 46,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0301 Oslo | 45,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0219 Bærum | 45,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1001 Kristiansand | 45,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0234 Gjerdrum | 45,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1601 Trondheim | 44,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1121 Time | 44,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Berre basert på data frå kommersielle internett-leverandørar. |
Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, likeins kan fleire privatpersonar bruke eit abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang igjennom arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå undersøkinga "IKT i husholdningene", http://www.ssb.no/ikthus/, for tal på hushald med breibandstilgang. |
For meir informasjon sjå i Om statistikken.
Tabeller
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 2. kvartal 2005
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 2. kvartal 2005
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement fordelt etter marked. Berre aktive abonnement. Heile landet
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit/s). Bedrift- og privatabonnement. 2. kvartal 2005. Kommune
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42