Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire og raskare breiband
Det var 893 000 breibandsabonnement ved utgangen av 3. kvartal 2005, heile 314 000 fleire enn i same periode i 2004. Mange har også fått raskare breiband.
804 000 var private breibandsabonnement, ein auke på 56 prosent frå same tid i fjor. I bedriftsmarknaden var det 89 600 abonnement, 41 prosent fleire enn i 3. kvartal 2004.
Oslo og Rogaland er fylka med flest breibandsabonnement i høve til hushalda med om lag 48 prosent. Akershus har også ein høg del abonnement, medan Hedmark og Oppland er fylka der færrast hushald har breiband med 30 prosent.
Det har blitt fleire abonnement i overføringskapasitetane frå 1Mbit/s til og med 2 Mbit/s. Men sjølv om det har blitt fleire abonnement på dei høgare overføringskapasitetane, er overføringskapasiteten 704 kbit/s framleis den mest vanlege.
På landsbasis har abonnement med svært rask overføringskapasitet frå 2 Mbit/s til og med 8 Mbits auka med 24 prosent sidan førre kvartal. Vest-Agder er fylket med størst del breibandsabonnement over 1 Mbit/s, kor 53 prosent av abonnementa har denne overføringskapasiteten. I Sogn og Fjordane er tilsvarande tal på 21 prosent.
Private breibandsabonnement fordelt
etter kommunane sin sentralitetskode. 3. kvartal 2005 |
Sentralitet1 |
Breibands-
abonnement |
Breibands-
abonnement i prosent av hushalda |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 69 179 | 27 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 46 490 | 33 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 189 199 | 38 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 498 623 | 45 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Standard for kommuneklassifisering (NOS C 192). |
Deler ein inn kommunane etter SSB sin Standard for kommuneklassifisering ser ein at dei sentrale kommunane har høgast grad breibandsabonnement i høve til hushalda med 45 prosent. Til samanlikning er det berre 27 prosent i dei minst sentrale kommunane som har breiband.
Kommunane i Rogaland og Akershus skil seg ut på oversikten over kommunar med relativt flest breiband. Til saman er det 16 kommunar der det er meir enn 50 prosent breibandsabonnement i høve til hushalda, seks av desse ligg i Rogaland og fem ligg i Akershus.
Ved utgangen av 3. kvartal 2005 var det fem av landets 433 kommunar som hadde få (under ti) eller ingen breibandsabonnement frå kommersielle internettleverandørar. Dette var kommunane Modalen i Hordaland, Nesset i Møre og Romsdal, Lurøy og Rødøy i Nordland og Kåfjord i Finnmark. Samstundes veit vi at Modalen har 100 prosent breibandsdekning gjennom ei spesialordning i regi av si eiga kommune.
Kommunar med flest private
breibandsabonnement ved utgangen av 3. kvartal 2005 i høve til hushalda1 |
Kommunar |
Breibandsabonnement
i prosent av husholda |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 40,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0941 Bykle | 60,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1412 Solund | 59,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1120 Klepp | 57,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1124 Sola | 56,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1122 Gjesdal | 56,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1127 Randaberg | 56,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0216 Nesodden | 54,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1103 Stavanger | 54,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1563 Sunndal | 54,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1102 Sandnes | 53,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 52,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1413 Hyllestad | 51,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0220 Asker | 51,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0215 Frogn | 51,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1804 Bodø | 50,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 50,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1556 Frei | 49,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0219 Bærum | 49,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0235 Ullensaker | 49,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0231 Skedsmo | 49,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0301 Oslo | 48,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1502 Molde | 48,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1528 Sykkylven | 48,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0706 Sandefjord | 48,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1902 Tromsø | 47,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 |
Berre basert på data frå kommersielle
internettleverandørar. |
I statistikken for førre kvartal vart det inkludert ein feil. Reviderte tal er no lagde ut under "Tidligere publisert"
Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, likeins kan fleire privatpersonar bruke eit abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang igjennom arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå undersøkinga "IKT i husholdningene", http://www.ssb.no/emner/10/03/ikthus/ , for tal på hushald med breibandstilgang. |
For meir informasjon, sjå Om statistikken.
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 3. kvartal 2005
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 3. kvartal 2005
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement fordelt etter marked. Berre aktive abonnement. Heile landet
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit/s). Bedrifts- og privatabonnement, etter kommune1. 3. kvartal 2005
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42