Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Oslo og Rogaland er breibandsfylka
Det var 1 068 000 breibandsabonnement ved utgangen av 1. kvartal 2006, 37 prosent fleire enn i same periode i 2005. Mange har også fått raskare breiband.
Av desse var 963 000 private breibandsabonnement, noko som er ein auke på 39 prosent frå same tid i fjor. I bedriftsmarknaden var det 105 000 abonnement, som inneber ein auke på 26 prosent frå 1. kvartal 2005.
Over 50 prosent
Oslo og Rogaland er fylka med flest breibandsabonnement i høve til hushalda med om lag 56 prosent. Akershus har også ein høg del abonnement, med 53 prosent. Oppland og Finnmark er fylka med relativt minst breiband med om lag 37 prosent.
Oslo og Rogaland er òg fylka med størst del breibandsabonnement over 1 Mbit/s, kor 61 prosent av abonnementa har denne overføringskapasiteten. I Finnmark er tilsvarande tal 32 prosent.
Private breibandsabonnement fordelt etter kommunane si
sentralitetskode. 1. kvartal 2006 |
Sentralitet1 | Breibandsabonnement | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 88 914 | 35 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 57 333 | 41 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 224 372 | 45 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 591 338 | 53 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Standard for kommuneklassifisering (NOS C 192). |
Flest abonnement i dei sentrale strøka
Deler ein inn kommunane etter SSB sin Standard for kommuneklassifisering, ser ein at dei sentrale kommunane har høgast grad breibandsabonnement i høve til hushalda med 53 prosent. Til samanlikning er det berre 35 prosent i dei minst sentrale kommunane som har breiband.
Det er åtte kommunar kor det er meir enn 60 prosent breibandsabonnement i høve til hushalda. 6 av desse ligg i Rogaland. Dei andre to er Sunndal kommune i Møre og Romsdal og Bykle kommune i Aust-Agder.
Ved utgangen av 1. kvartal 2006 har alle kommunar, med unntak av Modalen i Hordaland, breibandsabonnement frå kommersielle internettleverandørar. Samstundes veit vi at Modalen har 100 prosent breibandsdekning gjennom ein spesialordning i regi av si eiga kommune.
Kommunar med flest private breibands-
abonnement ved utgangen av 1. kvartal 2006 i høve til hushalda1 |
Kommunar | Breibandsabonnement i prosent av husholda | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 47,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1120 Klepp | 76,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1563 Sunndal | 74,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0941 Bykle | 66,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1127 Randaberg | 62,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1103 Stavanger | 61,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1122 Gjesdal | 61,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1102 Sandnes | 60,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1124 Sola | 60,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 59,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0220 Asker | 58,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 58,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0216 Nesodden | 58,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0219 Bærum | 58,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1601 Trondheim | 57,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1556 Frei | 56,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0231 Skedsmo | 56,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0706 Sandefjord | 56,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0301 Oslo | 56,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0215 Frogn | 56,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1246 Fjell | 56,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1502 Molde | 55,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1744 Overhalla | 55,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1221 Stord | 55,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1714 Stjørdal | 55,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1201 Bergen | 54,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Berre basert på data frå kommersielle internettleverandørar. |
Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, likeins kan fleire privatpersonar bruke eit abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå undersøkinga "IKT i husholdningene", http://www.ssb.no/emner/10/03/ikthus/ , for tal på hushald med breibandstilgang. |
For meir informasjon, sjå i ”Om statistikken” .
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 1. kvartal 2006
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 1. kvartal 2006
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement fordelt etter marked. Berre aktive abonnement. Heile landet
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit/)s. Bedrifts- og privatabonnement etter kommune. 1. kvartal 2006
- Tabell 5 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 4. kvartal 2005
- Tabell 6 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 4. kvartal 2005
- Tabell 7 Breibandsabonnement (over 128 kbit/s). Bedrifts- og privatabonnement etter kommune. 4. kvartal 2005
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42