Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Bruk av breiband aukar i høgt tempo
Det var 1 194 000 breibandsabonnement ved utgangen av 3. kvartal 2006. Det er 301 000 fleire enn i same periode i 2005. Mange har også fått raskare breiband
1 073 000 av breidbandsabonnementa var private abonnement, noko som er ein auke på 34 prosent frå same tid i fjor. I bedriftsmarknaden var det 121 000 abonnement, 35 prosent fleire enn etter 3. kvartal 2005.
Dei geografiske forskjellane er framleis store. Oslo og Rogaland er fylka med flest breibandsabonnement i høve til hushalda, med om lag 60 prosent. Akershus følgjer nærast med 58 prosent. Finnmark er i andre enden av fordelinga med om lag 43 prosent. Like over kjem Oppland, Hedmark og Telemark med 44 til 45 prosent.
Delen av breibandsabonnementa som har ein hastigheit over 1 Mbit/s har auka til 83 prosent. Her har dei geografiske forskjellane minka sterkt. Berre Finnmark med 73 prosent og Nord-Trøndelag med 75 prosent har færre enn 80 prosent med denne overføringskapasiteten.
Private breibandsabonnement fordelt etter kommunane si sentralitetskode.
3. kvartal 2006 |
Sentralitet1 | Breibandsabonnement | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 103 915 | 41 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 65 931 | 47 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 252 932 | 51 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 650 193 | 58 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Standard for kommuneklassifisering (NOS C 192). |
Deler ein inn kommunane etter SSB sin Standard for kommuneklassifisering, ser ein at dei sentrale kommunane har høgast grad breibandsabonnement i høve til hushalda med 58 prosent. Til samanlikning er det berre 41 prosent i dei minst sentrale kommunane som har breiband.
Det er elleve kommunar kor det er meir enn 65 prosent breibandsabonnement i høve til hushalda. 6 av desse ligg i Rogaland. Dei andre er Sunndal kommune og Giske kommune i Møre og Romsdal, Tromsø kommune i Troms, Stord kommune i Hordaland og Bykle kommune i Aust-Agder.
Alle kommunar, med unntak av Modalen i Hordaland, har no breibandsabonnement frå kommersielle internettleverandørar. Private og bedrifter i Modalen har tilbod om breiband gjennom ei spesialordning i regi av si eiga kommune.
Kommunar med flest private breibandsabonnement
ved utgangen av 3. kvartal 2006 i høve til hushalda1 |
Kommunar | Breibandsabonnement i prosent av husholda | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 53,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1563 Sunndal | 81,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1902 Tromsø | 76,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0941 Bykle | 75,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1120 Klepp | 74,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1122 Gjesdal | 68,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1221 Stord | 67,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1532 Giske | 67,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1103 Stavanger | 65,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1102 Sandnes | 65,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1127 Randaberg | 65,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1124 Sola | 65,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1531 Sula | 64,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0216 Nesodden | 63,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 63,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1556 Frei | 63,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0220 Asker | 62,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 62,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1244 Austevoll | 62,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1504 ålesund | 62,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1804 Bodø | 61,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0219 Bærum | 61,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0706 Sandefjord | 61,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1601 Trondheim | 60,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0231 Skedsmo | 60,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1246 Fjell | 60,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Berre basert på data frå kommersielle internettleverandørar. |
Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, likeins kan fleire privatpersonar bruke eit abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå undersøkinga IKT i husholdningene , for tal på hushald med breibandstilgang. |
For meir informasjon sjå Om statistikken .
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 3. kvartal 2006
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 3. kvartal 2006
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement fordelt etter marknad. Berre aktive abonnement. Heile landet
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit/s). Bedrift- og privatabonnement. 3. kvartal 2006. Kommune
- Tabell 5 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 2. kvartal 2006
- Tabell 6 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 2. kvartal 2006
- Tabell 7 Breibandsabonnement (over 128 kbit/s). Bedrifts- og privatabonnement, etter kommune. 2. kvartal 2006
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42