Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Veikare vekst for breiband
Det var 1 259 000 breibandsabonnement ved utgangen av 4. kvartal 2006. Det var 253 000 fleire enn i same periode i 2005. Ni av ti har hastigheit over 1 Mbit/s.
Korrigerte tall for tabellane 1, 3 og 4 ble lagt ut 23.10.07. For korrekte tall i teksten, se vedleggstabeller. |
1 134 000 av breibandsabonnementa var private abonnement. I bedriftsmarknaden var det 125 000 abonnement. I båe desse marknadene var auken på 25 prosent frå 4. kvartal 2005. Dette er ein nedgang i veksten frå om lag 34 prosent i førre kvartal.
Dei geografiske forskjellane er framleis store. Vest-Agder er no fylket med flest breibandsabonnement i høve til hushalda, med om lag 64 prosent. Dei andre fylka med over 60 prosent er Oslo, Rogaland og Akershus. Finnmark, Hedmark, Oppland og Telemark er i andre enden av fordelinga med 45 til 46 prosent.
Delen av breibandsabonnementa som har ein hastigheit over 1 Mbit/s har auka til 89 prosent. For høgare hastigheiter er det framleis geografiske forskjellar. I Rogaland og Sogn og Fjordane har over 70 prosent ein hastigheit over 2 Mbit/s, medan berre 47 prosent i Sør-Trøndelag og om lag 56 prosent i Hordaland, Nordland, Hedmark og Troms har ein slik hastigheit.
Private breibandsabonnement fordelt etter kommunane si sentralitetskode.
4. kvartal 2006 |
Sentralitet1 | Breibandsabonnement | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 112 093 | 43 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 71 104 | 50 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 267 016 | 53 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 682 923 | 60 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Standard for kommuneklassifisering (NOS C 192). |
Deler ein inn kommunane etter SSB sin Standard for kommuneklassifisering, ser ein at dei sentrale kommunane har høgast del breibandsabonnement i høve til hushalda med 60 prosent. Til samanlikning er det berre 43 prosent i dei minst sentrale kommunane som har breiband.
Det er seksten kommunar kor det er meir enn 65 prosent breibandsabonnement i høve til hushalda. Sju av desse ligg i Rogaland. Dei andre kommunane finn vi i Møre og Romsdal, Hordaland, Aust-Agder, Vest-Agder og Akershus.
Frå og med dette kvartalet hentar vi opplysningar frå alle slags internettleverandørar. Det gjeld til dømes Modalen kommune, som har tilbod om breiband gjennom ei gratis ordning i regi av sin eigen kommune, og Tranøy kommune, som tar betalt for tenesta. I andre kommunar er det kraftlaget som står for den kommunale satsinga. Vidare er det fleire partslag som leverer Internett. For desse er det uklårt om dei driv på kommersielle vilkår eller om betalinga berre dekkjer kostnadene. Denne utvidinga er gjort for at statistikken skal vise kor mange private og bedrifter som har Internett med breiband utan omsyn til leverandøren sin organisasjonsform eller prisen på tenesta. For heile landet og kvart fylke tyder denne endringa lite. For nokre få einskilde kommunar tyder dette mykje. I samband med utvidinga av omfanget av statistikken vart fleire andre lokale leverandørar oppdaga og teke med. Kvaliteten på statistikken for kvar einskild kommune er difor vonleg betre enn tidlegare. Endringar i bransjen med samanslåingar eller oppkjøp kan føre til problem med korrekt rapportering i ein periode. Dette problemet gjer at tala for einskilde kommunar kan variere meir enn ynskeleg.
Kommunar med flest private breibandsabonnement
ved utgangen av 4. kvartal 2006 i høve til hushalda |
Kommunar | Breibandsabonnement i prosent av husholda | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 55,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1151 Utsira | 97,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1252 Modalen | 94,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0941 Bykle | 86,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1120 Klepp | 77,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1001 Kristiansand | 74,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1563 Sunndal | 74,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1018 Søgne | 72,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1122 Gjesdal | 69,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1124 Sola | 68,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1102 Sandnes | 67,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0233 Nittedal | 67,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1127 Randaberg | 66,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1556 Frei | 66,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1103 Stavanger | 66,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1221 Stord | 66,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0904 Grimstad | 65,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0220 Asker | 64,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 64,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 64,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0906 Arendal | 64,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0231 Skedsmo | 64,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1804 Bodø | 64,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1902 Tromsø | 63,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, likeins kan fleire privatpersonar bruke eit abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå undersøkinga " IKT i husholdningene ", for tal på hushald med breibandstilgang. For meir informasjon sjå i ”Om statistikken”. |
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 4. kvartal 2006
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 4. kvartal 2006
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement fordelt etter marknad. Berre aktive abonnement. Heile landet
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit/s). Bedrifts- og privatabonnement. 4. kvartal 2006. Kommune
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42