Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Raskare breiband i Rogaland og Nord-Trøndelag
Det var 1 368 000 breibandsabonnement ved utgangen av 2. kvartal 2007, 235 000 fleire enn i same periode i 2006. 6 prosent har hastigheit over 8 Mbit/s, og ikkje minst Rogaland og Nord-Trøndelag trekk denne delen opp.
Heile 1 230 000 av breidbandsabonnementa var private abonnement. I bedriftsmarknaden var det 138 000 abonnement. I privatmarknaden var auken på 21 prosent frå 2. kvartal 2006, medan auken i bedriftsmarknaden var på 19 prosent frå førre året. Desse tala tyder på at utviklinga med veikare vekst i mengda breibandsabonnement held fram.
Fleire raske breiband i Rogaland og Nord-Trøndelag
Delen av breibandsabonnementa som har ein hastigheit over 8 Mbit/s, har gått opp siste kvartalet frå 4 til 6 prosent. Det er særleg Rogaland og Nord-Trøndelag, som begge har 27 prosent med slik hastigheit, som trekk delen opp.
Flest breibandsabonnement i høve til hushald i Rogaland
Tala frå einskilde kjelder inneheldt ein del feil for dei to føregåande kvartala. Det gjeld særleg for nokre føretak som har rapportert dei same abonnentane i Agder-fylka to gonger. Tala for Agder-fylka, og for fleire av kommunane der, vert derfor kraftig nedjustert denne gongen. Dermed er Rogaland fylket med flest breibandsabonnement i høve til hushalda, no med 65 prosent. Finnmark er stadig fylket med færrast breibandsabonnement, no det einaste med under 50 prosent.
Sentralitet1 | Breibandsabonnement |
Breibandsabonnement i
prosent av hushalda |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 127 023 | 49 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 79 368 | 56 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 292 069 | 57 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 731 003 | 63 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Standard for kommuneklassifisering (NOS C 192). |
Sentrale kommunar med den høgaste delen breibandsabonnement
Deler ein inn kommunane etter SSB sin Standard for kommuneklassifisering, ser ein at dei sentrale kommunane har høgast del breibandsabonnement i høve til hushalda med 63 prosent. Til samanlikning er det 49 prosent i dei minst sentrale kommunane som har breiband.
Berre Lierne kommune i Nord-Trøndelag og Kvænangen i Troms har færre enn 20 private breibandsabonnement per 100 hushald. For eit år sidan var 17 kommunar i same stilling. Talet på kommunar med mellom 20 og 35 slike abonnement per 100 hushald er no 24 mot 131 kommunar i 2. kvartal 2006.
Det er 14 kommunar kor det er meir enn 70 prosent breibandsabonnement i høve til hushalda. Tre av desse ligg i Rogaland. Dei andre kommunane finn vi i Hordaland, Akershus, Møre og Romsdal, Aust-Agder, Vestfold, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag.
Kommunar |
Breibandsabonnement i
prosent av husholda |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 59,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1252 Modalen | 93,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0941 Bykle | 87,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1121 Time | 81,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1729 Inderøy | 77,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1563 Sunndal | 76,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0228 Rælingen | 74,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1742 Grong | 73,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1221 Stord | 72,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1663 Malvik | 71,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1103 Stavanger | 71,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1122 Gjesdal | 71,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 70,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0233 Nittedal | 70,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0706 Sandefjord | 70,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1124 Sola | 69,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1702 Steinkjer | 69,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1804 Bodø | 69,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1232 Eidfjord | 69,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1556 Frei | 69,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 68,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1719 Levanger | 68,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1714 Stjørdal | 68,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1102 Sandnes | 68,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1601 Trondheim | 68,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nokre få leverandørar manglarDet manglar framleis nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som også leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Arbeidet med å gjera statistikken fullt ut dekkjande held fram. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar er oppdaga. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar. Talet på hushald for 2007 er brukt for denne statistikken. |
AbonnementBåde privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire Internett-abonnement, likeins kan fleire privatpersonar bruke eit abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med Internett-tilgang. Til dømes kan hushalda få Internett-tilgang gjennom arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå undersøkinga " IKT i husholdningene ", for tal på hushald med breibandstilgang. For meir informasjon sjå i ”Om statistikken”. |
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 2. kvartal 2007
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 2. kvartal 2007
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement fordelt etter marked. Berre aktive abonnement. Heile landet
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit1
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42