Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Meir enn halvparten i alle fylka har breiband
Det var 1 411 000 breibandsabonnement ved utgangen av 3. kvartal 2007, 216 000 fleire enn i den same perioden i 2006. For fyrste gongen er talet på private breiband i høve til hushalda over 50 prosent i alle fylka.
Heile 1 270 000 av breidbandsabonnementa var private abonnement. I bedriftsmarknaden var det 141 000 abonnement. I privatmarknaden var auken på 18 prosent frå 3. kvartal 2006, medan auken i bedriftsmarknaden var på 17 prosent frå førre året. Desse tala tyder på at utviklinga med veikare vekst i mengda breibandsabonnement held fram.
Meir enn 50 private breiband per hundre hushald i alle fylka
Talet på private breiband i høve til hushalda er no over 50 prosent i alle fylka. Samstundes er det same talet for heile landet kome opp i 61,5 prosent. Rogaland er framleis fylket med flest breibandsabonnement i høve til hushalda, med 67 prosent. Finnmark er som før fylket med færrast breibandsabonnement, no med 51 prosent.
Justering av tala for raske breiband
Delen av breibandsabonnementa som har ein hastigheit over 8 Mbit/s ligg framleis på 6 prosent. Talet for Rogaland har gått noko ned det siste kvartalet, medan raske breiband har blitt vanlegare i fleire andre fylke.
Sentralitet1 | Breibandsabonnement | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 133 518 | 52 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 82 282 | 58 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 301 423 | 59 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 752 608 | 65 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Standard for kommuneklassifisering (NOS C 192). |
Sentrale kommunar med den høgaste delen breibandsabonnement
Deler ein inn kommunane etter Statistisk sentralbyrås standard for kommuneklassifisering, ser ein at dei sentrale kommunane har høgast del breibandsabonnement i høve til hushalda, med 65 prosent. Til samanlikning er det 52 prosent i dei minst sentrale kommunane som har breiband.
Berre Kvænangen i Troms har færre enn 20 private breibandsabonnement per 100 hushald. Talet på kommunar med mellom 20 og 35 slike abonnement per 100 hushald er no 15.
Det er 23 kommunar der det er meir enn 70 prosent breibandsabonnement i høve til hushalda. I både Rogaland og Akershus finn vi fem slike kommunar . Dei andre kommunane finn vi i Nord-Trøndelag, Hordaland, , Møre og Romsdal, Aust-Agder, Vestfold, Nordland og Oppland.
Kommunar | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 61,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1252 Modalen | 92,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0941 Bykle | 91,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1121 Time | 83,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0544 øystre Slidre | 78,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1563 Sunndal | 77,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1729 Inderøy | 76,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1221 Stord | 74,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1122 Gjesdal | 73,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1804 Bodø | 72,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1124 Sola | 72,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 72,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0228 Rælingen | 72,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0233 Nittedal | 72,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0706 Sandefjord | 71,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1742 Grong | 71,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1714 Stjørdal | 71,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1702 Steinkjer | 71,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0235 Ullensaker | 70,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1103 Stavanger | 70,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1232 Eidfjord | 70,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 70,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1556 Frei | 70,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1102 Sandnes | 70,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nokre få leverandørar manglarDet manglar framleis nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som også leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Arbeidet med å gjera statistikken fullt ut dekkjande held fram. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar er oppdaga. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar. Talet på hushald for 2007 er brukt for denne statistikken. |
AbonnementBåde privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, likeins kan fleire privatpersonar bruke eitt abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå undersøkinga " IKT i husholdningene " for tal på hushald med breibandstilgang der minst eitt av medlemma er under 75 år. For meir informasjon sjå i ” Om statistikken ”. |
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 3. kvartal 2007
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 3. kvartal 2007
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement fordelt etter marked. Berre aktive abonnement. Heile landet
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit/s). Bedrifts- og privatabonnement. 3. kvartal 2007. Kommune
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42