13720_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/arkiv
13720
Utbygging av breiband har gitt resultat
statistikk
2008-04-01T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå), breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadTeknologi og innovasjon, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Svalbard
false

Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Utbygging av breiband har gitt resultat

Det var 1 473 000 breibandsabonnement ved utgangen av 4. kvartal 2007, 213 000 eller 17 prosent fleire enn i same periode i 2006. Etter svakare auke i talet på breiband i 2. kvartal 2007 er det no ein høgare vekst andre kvartalet på rad.

Breibandsabonnement fordelt etter marknad. 3. kvartal 2002 - 4. kvartal 2007

Privatmarknaden. Breibandsabonnement (overføringskapasitet over 128 kbit/s) i prosent av hushalda. 4. kvartal 2007. Kommunar

Heile 1 326 000 av breidbandsabonnementa var private abonnement. I bedriftsmarknaden var det 147 000 abonnement. I begge marknadene var auken på 17 prosent frå 4. kvartal 2006. Samanlikna med den svake auken i 2. kvartalet i fjor er auken i 4. kvartal dobbelt så stor. Dette kan tyde på at utbygginga av breiband for å dekkje heile landet er i ferd med å gje resultat.

Breiband i hushalda aukar over heile landet

Talet på private breiband i høve til hushalda har no kome opp i 64 prosent for heile landet. Rogaland er så vidt slått av Akershus som fylket med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda, begge med om lag 70 prosent. Finnmark er som tidlegare fylket med færrast breibandsabonnement, no med 54 prosent.

Fleire raske breiband

Delen av breibandsabonnementa som har ein hastigheit over 8 Mbit/s ligg no på 9 prosent, mot 6 prosent ved førre måling. Delen med over 2 Mbit/s er 60 prosent, medan berre 12 prosent har breiband under 1 Mbit/s.

Private breibandsabonnement fordelt etter kommunane sin sentralitetskode. 4. kvartal 2007
Sentralitet1 Breibandsabonnement Breibandsabonnement
i prosent av hushalda
Minst sentrale kommunar  139 966 54
Mindre sentrale kommunar 85 139 60
Noko sentrale kommunar  314 823 62
Sentrale kommunar  785 436 68
1  Standard for kommuneklassifisering (NOS C 192).

Sentrale kommunar har den høgaste delen breibandsabonnement

Skilnadene etter kommunane sin sentralitetsgrad er den same som før. Deler ein inn kommunane etter Statistisk sentralbyrås standard for kommuneklassifisering, ser ein at dei sentrale kommunane har høgast del breibandsabonnement i høve til hushalda med 68 prosent. Til samanlikning er det 54 prosent i dei minst sentrale kommunane som har breiband.

Ingen kommunar har no færre enn 20 private breibandsabonnement per 100 hushald. Kvænangen ligg framleis lågast med 27 prosent etter ein auke på 8 prosentpoeng frå førre kvartalet. Talet på kommunar med mellom 20 og 35 slike abonnement per 100 hushald er no 13.

Det er 40 kommunar kor det er meir enn 70 prosent breibandsabonnement i høve til hushalda, ein auke frå 23 i førre kvartalet, dei fleste i Akershus og Rogaland. Vi finn også slike kommunar i 10 andre fylker.

Kommunar med flest private breibandsabonnement ved utgangen av 4. kvartal 2007 i høve til hushalda
Kommunar Breibandsabonnement
i prosent av husholda
Landsgjennomsnitt 64,2
0941 Bykle 93,2
1252 Modalen 92,7
1121 Time 85,0
0544 øystre Slidre 83,4
1924 Målselv 81,2
1563 Sunndal 77,9
1221 Stord 77,1
1714 Stjørdal 76,4
0213 Ski 75,5
1804 Bodø 75,5
0706 Sandefjord 75,3
1124 Sola 75,1
0233 Nittedal 75,1
0219 Bærum 75,1
1122 Gjesdal 74,4
0228 Rælingen 74,3
1127 Randaberg 74,0
1103 Stavanger 73,4
1601 Trondheim 73,4
0231 Skedsmo 73,2
0235 Ullensaker 72,8
0217 Oppegård 72,5

Om datagrunnlaget

Det manglar framleis nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som også leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar er oppdaga. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar. Talet på hushald for 2007 er brukt i denne statistikken.

Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, likeins kan fleire privatpersonar bruke eit abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå også undersøkinga " IKT i husholdningene ".

For meir informasjon sjå Om statistikken .

Tabeller: