Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
To av tre hushald har breiband
Nærare 65 prosent av alle norske hushald har no breiband, og fleire har breiband med høg hastigheit. 10 prosent av dei private breibandsabonnementa har ei hastigheit på over 8 Mbit/s, mot berre 2 prosent i bedriftsmarknaden.
Det var 1 515 000 breibandsabonnement ved utgangen av 1. kvartal 2008, 191 000 eller 14 prosent fleire enn i den same perioden i 2007.
Heile 1 364 000 av breidbandsabonnementa var private abonnement. I bedriftsmarknaden var det 151 000 abonnement. I dei to marknadene var auken på 15 og 13 prosent frå 1. kvartal 2007. Rekna i prosent er auken den lågaste som er målt både mot det førre året og det førre kvartalet.
Breiband i hushalda aukar over heile landet
Talet på private breiband i høve til hushalda har no kome opp i 64,8 prosent for heile landet. Akershus, Rogaland og Sør-Trøndelag er fylka med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda, alle med om lag 70 prosent. Finnmark, Hedmark og Oppland har rundt 57 prosent.
Flest raske private breiband
Delen av dei private breibandsabonnementa som har ei hastigheit over 8 Mbit/s, er 10 prosent, mot berre 2 prosent av breibanda i bedriftsmarknaden. Delen med under 512 kbit/s er berre 1 prosent i privatmarknaden, mot heile 7 prosent i bedriftsmarknaden.
I privatmarknaden er det Rogaland og Nord-Trøndelag som har flest raske breiband, med 37 og 27 prosent. I bedriftsmarknaden er det Nord-Trøndelag som har høgast del med 8 prosent.
Sentralitet1 | Breibandsabonnement |
Breibandsabonnement
i prosent av hushalda |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 143 512 | 56 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 86 774 | 60 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 317 958 | 63 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 808 464 | 68 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Standard for kommuneklassifisering (NOS C 192). |
Sentralitet1 | Breibandsabonnement |
Breibandsabonnement
i prosent av hushalda |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 109 506 | 56 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 76 664 | 61 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 223 568 | 62 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 953 900 | 67 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Sentralitet 2008, Kommuner 2008. |
Sentrale kommunar har den høgaste delen breibandsabonnement
Skilnadene etter kommunane sin sentralitetsgrad er den same som før. Deler ein inn kommunane etter Statistisk sentralbyrås nye standard for kommuneklassifisering, ser ein at dei sentrale kommunane har høgast del breibandsabonnement i høve til hushalda med 67 prosent. Til samanlikning er det 56 prosent i dei minst sentrale kommunane som har breiband.
Berre kommunane Karlsøy, Balsfjord og Leka har no færre enn 30 private breibandsabonnement per 100 hushald. Talet på kommunar med under 35 slike abonnement per 100 hushald er no 6, mot 13 det førre kvartalet.
Det er ingen auke i talet på kommunar der det er meir enn 70 prosent breibandsabonnement i høve til hushalda. Det heng saman med auken i talet på hushald per 1. januar 2008.
Kommunar |
Breibandsabonnement i
prosent av husholda |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 64,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0941 Bykle | 93,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1252 Modalen | 91,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1121 Time | 88,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0544 øystre Slidre | 83,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0219 Bærum | 80,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1563 Sunndal | 77,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1221 Stord | 76,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1804 Bodø | 76,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1122 Gjesdal | 75,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0228 Rælingen | 75,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0233 Nittedal | 75,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1601 Trondheim | 75,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 74,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1130 Strand | 74,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1127 Randaberg | 74,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0706 Sandefjord | 73,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1103 Stavanger | 73,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 73,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1502 Molde | 73,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1924 Målselv | 72,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0935 Iveland | 72,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1222 Fitjar | 72,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Om datagrunnlagetDet manglar framleis nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som også leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på, gjer det litt komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar er oppdaga. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar. Talet på hushald for 2008 er brukt i denne statistikken. For einskilde kommunar, som til dømes Verran, har talet på hushald auka frå 2007. Dette gjer at delen private breiband per hushald kan ha gått noko ned. Statistisk sentralbyrå har laga ei ny klassifisering av kommunar etter sentralitet. Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, likeins kan fleire privatpersonar bruke eit abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå også undersøkinga " IKT i husholdningene ". For meir informasjon sjå Om statistikken . |
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 1. kvartal 2008
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 1. kvartal 2008
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement fordelt etter marked. Berre aktive abonnement. Heile landet
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit/s)
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42