13716_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/arkiv
13716
Nær halvparten har breiband på Svalbard
statistikk
2008-10-02T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå), breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadTeknologi og innovasjon, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Svalbard
false

Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nær halvparten har breiband på Svalbard

To av tre norske hushald har no breiband, og raske breiband er meir vanleg i hushalda enn i bedriftene. Nær halvparten av alle norske busette på Svalbard har privat breibandsabonnement.

Breibandsabonnement på Svalbard fordelt etter marknad. 4. kvartal 2004-2. kvartal 2008

I Fastlands-Noreg var det 1 556 000 breibandsabonnement ved utgangen av 2. kvartal 2008, ein auke på 14 prosent i høve til same perioden i 2007. Heile 1 402 000 av breibandsabonnementa var private abonnement, medan bedriftsmarknaden hadde 154 000 abonnement.

Tal for Svalbard viser at det var 817 private breibandsabonnement og 76 abonnement i bedriftsmarknaden det siste kvartalet. Det har vore ein jamn auke frå 256 private og 44 bedriftsabonnement i 4. kvartal 2004. Rekna i høve til talet på norske busette på Svalbard har no 46 av 100 busette breiband. I Fastlands-Noreg har 29 av 100 busette breibandsabonnement.

Breiband i hushalda aukar over heile landet

Talet på private breiband i høve til hushalda har no kome opp i 66,6 prosent for heile landet. Akershus, Sør-Trøndelag, Rogaland og Oslo er fylka med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda, alle med over 70 prosent. Finnmark, Hedmark og Oppland har under 60 prosent.

Breibandsabonnement fordelt etter marknad. 3. kvartal 2002-2. kvartal 2008

Privatmarknaden. Breibandsabonnement (overføringskapasitet over 128 kbit/s) i prosent av hushalda. 2. kvartal 2008. Kommunar

Flest raske private breiband

Delen av dei private breibandsabonnementa som har ein hastigheit over 8 Mbit/s er 11 prosent. Berre 3 prosent av breibanda i bedriftsmarknaden har ein slik hastigheit. Delen med hastigheit under 512 kbit/s er under 1 prosent i privatmarknaden, mot 7 prosent i bedriftsmarknaden.

I privatmarknaden er det hushalda i Rogaland og Nord-Trøndelag som har flest raske breiband. Høvesvis 39 og 27 prosent av alle abonnentane i desse fylka har raske breiband. I bedriftsmarknaden er det Nord-Trøndelag som har høgast del med raske breiband, ein del på 8 prosent.

Private breibandsabonnement fordelt etter kommunane si sentralitetskode. 2. kvartal 2008
Sentralitet1 Breibandsabonnement Breibandsabonnement i
prosent av hushalda
Minst sentrale kommunar  112 857 57
Mindre sentrale kommunar 77 995 62
Noko sentrale kommunar  229 291 64
Sentrale kommunar  981 026 69
1  Sentralitet 2008, Kommuner 2008.

Sentrale kommunar har den høgaste delen breibandsabonnement

Skilnadene etter kommunane sin sentralitetsgrad er den same som før. Dei sentrale kommunane har høgast del breibandsabonnement i høve til hushalda, 69 prosent. Til samanlikning har 57 prosent i dei minst sentrale kommunane breiband.

Kommunane Karlsøy, Balsfjord og Leka har som førre kvartal færre enn 30 private breibandsabonnement per 100 hushald. Berre desse tre kommunane har no under 35 slike abonnement per 100 hushald. Førre kvartal var tilsvarande tal seks.

Det er no 56 kommunar kor det er meir enn 70 prosent breibandsabonnement i høve til hushalda, ein auke frå 39 kommunar det førre kvartalet.

Kommunar med flest private breibandsabonnement ved utgangen av 2. kvartal 2008 i høve til hushalda
Kommunar Breibandsabonnement
i prosent av husholda
Landsgjennomsnitt 66,6
0941 Bykle 94,1
1151 Utsira 92,2
1252 Modalen 90,8
0219 Bærum 85,8
0544 øystre Slidre 84,0
1121 Time 83,9
0217 Oppegård 80,5
0213 Ski 79,4
0215 Frogn 78,9
0228 Rælingen 78,5
1563 Sunndal 78,5
1122 Gjesdal 78,2
1221 Stord 77,9
1601 Trondheim 77,7
1804 Bodø 76,9
0233 Nittedal 76,6
1502 Molde 76,2
1246 Fjell 75,4
0926 Lillesand 74,5
1103 Stavanger 74,4
1018 Søgne 74,3
1124 Sola 74,2

Om datagrunnlaget

Det manglar framleis nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV selskap som også leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar er oppdaga. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar. Talet på hushald for 2008 er brukt i denne statistikken.

Statistisk sentralbyrå har laga ein ny klassifisering av kommunar etter sentralitet.

Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, likeins kan fleire privatpersonar bruke eit abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå også undersøkinga " IKT i husholdningene ".

For meir informasjon sjå Om statistikken .

Tabeller: