Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire får breiband med fast tilgang
Korrigerte tal viser at veksten i faste tilgangar til breiband held fram. To av tre norske hushald har slike tilgangar til Internett.
I Fastlands-Noreg var det 1 558 000 breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett ved utgangen av 3. kvartal 2008, ein auke på 12 prosent i høve til same perioden i 2007. Heile 1 412 000 av breibandsabonnementa var private abonnement, medan bedriftsmarknaden hadde 147 000 abonnement. Frå og med dette kvartalet er dei mobile tilgangane med breiband til Internett fjerna frå tala. Tala tilbake til 3. kvartal 2006 er korrigerte slik at dei berre gjeld dei faste tilgangane.
Breiband i hushalda aukar over heile landet
Talet på private breiband i høve til hushalda er no kome opp i 67,1 prosent for heile landet. Akershus, Sør-Trøndelag, Oslo, Rogaland og Hordaland er fylka med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda, alle med over 70 prosent. Finnmark, Hedmark og Oppland har under 60 prosent.
Flest raske private breiband
Delen av dei private breibandsabonnementa som har ein hastigheit over 8 Mbit/s, er 12 prosent. Berre 4 prosent av breibanda i bedriftsmarknaden har ein slik hastigheit. Delen med hastigheit under 512 kbit/s er under 1 prosent i privatmarknaden, mot 7 prosent i bedriftsmarknaden.
I privatmarknaden er det hushalda i Rogaland og Nord-Trøndelag som har flest raske breiband. Høvesvis 40 og 30 prosent av alle abonnentane i desse fylka har raske breiband.
Sentralitet1 | Breibandsabonnement |
Breibandsabonnement
i prosent av hushalda |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 112 878 | 57 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 78 755 | 63 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 230 175 | 64 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 989 488 | 69 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Statistisk sentralbyrå har laga ei ny klassifisering av kommunar etter sentralitet. |
Sentrale kommunar har den høgaste delen breibandsabonnement
Skilnadene etter kommunanes sentralitetsgrad er den same som før. Dei sentrale kommunane har høgast del breibandsabonnement i høve til hushalda, 69 prosent. Til samanlikning har 57 prosent i dei minst sentrale kommunane breiband.
Kommunane Karlsøy, Balsfjord, Lierne og Leka har færre enn 30 private breibandsabonnement per 100 hushald. Enda to kommunar har no under 35 slike abonnement per 100 hushald. Talet på kommunar med få breibandsabonnement har auka noko etter at dei mobile tilgangane ikkje lenger blir rekna med. Ser ein på fylka, er det i dei to fylka som ligg lågast i delen breiband i høve til hushalda at dei mobile tilgangane tydde mest. Det var likevel små skilnader i mobile abonnement mellom fylka.
Det er no 60 kommunar der det er meir enn 70 prosent breibandsabonnement i høve til hushalda, ein auke frå 56 kommunar det førre kvartalet.
Kommunar |
Breibandsabonnement
i prosent av husholda |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 67,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0941 Bykle | 93,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1252 Modalen | 90,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1121 Time | 86,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1151 Utsira | 86,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0219 Bærum | 86,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0544 øystre Slidre | 84,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1046 Sirdal | 82,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0215 Frogn | 81,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1601 Trondheim | 81,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 80,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 80,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1018 Søgne | 79,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0228 Rælingen | 78,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1563 Sunndal | 78,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1221 Stord | 77,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1122 Gjesdal | 77,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0926 Lillesand | 77,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1244 Austevoll | 76,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1804 Bodø | 76,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1502 Molde | 76,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1130 Strand | 76,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0211 Vestby | 76,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1246 Fjell | 76,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Om datagrunnlagetDei mobile abonnementa er fjerna fordi denne delen av statistikken ikkje har vore fullstendig, og at desse abonnementa ikkje er mogeleg å fordela geografisk og etter hastigheit på same viset som med dei faste tilgangane. Post- og teletilsynet lagar statistikk også over dei mobile abonnementa, men utan omsyn til geografisk plassering og hastigheit. Det manglar framleis nokre små, men lokalt viktige, leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som også leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på, gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar er oppdaga. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar. Talet på hushald for 2008 er brukt i denne statistikken. Statistisk sentralbyrå har laga ein ny klassifisering av kommunar etter sentralitet. Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, likeins kan fleire privatpersonar bruke eitt abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå også undersøkinga IKT i husholdningene . For meir informasjon sjå Om statistikken . |
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 3. kvartal 2008
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 3. kvartal 2008
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement fordelt etter marked. Berre aktive abonnement. Heile landet utan Svalbard
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit1
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42