Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Vanleg breibandshastigheit er 3,3 Mbit/s
Den vanlegaste hastigheita for private breibandsabonnement ligg mellom 2 og 4 Mbit/s, viser tal for 4. kvartal 2008. Den gjennomsnittlege hastigheita er på 5,0 Mbit/s. Veksten i faste tilgangar til breiband held fram, men veksttakten minkar.
Frå og med 4. kvartal 2008 er det innførd ei ny hastigheitsinndeling i denne undersøkinga. Denne gjer det mogeleg å rekne ut medianverdien og gjennomsnittet for hastigheita på breibandsabonnementa. Fordi dei høgaste hastigheitene er mange gongar raskare enn dei normale, vert gjennomsnittet klart høgare enn medianverdien. Medan medianverdien er rekna ut til 3,3 Mbit/s er gjennomsnittet 5,0 Mbit/s. Desse tala gjeld for dei private hushalda som har breiband.
Tek ein omsyn til alle dei som enno ikkje har breiband, vert medianverdien på internetthastigheita1,8 Mbit/s, medan gjennomsnittet vert om lag 3,5 Mbit/s.
Veksten i talet på raske breiband held fram
Delen av dei private breibandsabonnementa som har ei hastigheit over 8 Mbit/s var 17 prosent i 4. kvartal 2008. Dette er ein auke frå 12 prosent i det førre kvartalet. Det tilsvarande talet for bedriftsmarknaden er 6 prosent, ein auke frå 4 prosent i 3. kvartal.
Delen med hastigheit under 512 kbit/s er som før under 1 prosent i privatmarknaden. I bedriftsmarknaden ligg denne delen på 6 prosent, ned frå 7 prosent i det førre kvartalet.
I privatmarknaden er det hushalda i Rogaland og Nord-Trøndelag som har flest raske breiband (over 8 Mbit/s). Høvesvis 44 og 31 prosent av alle abonnentane i desse fylka har raske breiband.
Veksten i talet på breiband flatar ut
I Fastlands-Noreg var det 1 588 000 breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett ved utgangen av 4. kvartal 2008. Dette er ein auke på 9 prosent i høve til same perioden i 2007. Denne auken var på 17 prosent for eitt år sidan, og på 24 prosent for to år sidan. Heile 1 440 000 av breibandsabonnementa var private, medan bedriftsmarknaden hadde 148 000 slike abonnement.
Breiband i hushalda aukar over heile landet
Talet på private breiband i høve til hushalda er no kome opp i 68,4 prosent for heile landet. Sør-Trøndelag, Akershus, Oslo, Hordaland og Rogaland er fylka med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda - alle med over 70 prosent. Finnmark er no det einaste fylket som har under 60 prosent breibandsdekning.
Sentralitet1 | Breibandsabonnement |
Breibandsabonnement
i prosent av hushalda |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 115 211 | 59 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 80 008 | 64 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 235 560 | 66 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 1 009 268 | 71 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Sentralitet 2008, Kommuner 2008. |
Sentrale kommunar har den høgaste delen breibandsabonnement
Skilnadene mellom kommunane etter sentralitetsgrad er den same som før. Dei sentrale kommunane har høgast del breibandsabonnement i høve til hushalda - 71 prosent. Til samanlikning har 59 prosent i dei minst sentrale kommunane breiband.
Sterk vekst i kommunar med låg dekning
Ingen kommunar har no færre enn 30 private breibandsabonnement per 100 hushald. Tre av dei fire kommunane som hadde færre enn 30 i det førre kvartalet er mellom dei sju kommunane med sterkast auke i dette kvartalet. Berre tre kommunar har no under 35 slike abonnement per 100 hushald, mot seks førre kvartalet.
Det er no 69 kommunar med meir enn 70 prosent breibandsabonnement i høve til hushalda, ein auke frå 60 kommunar i det førre kvartalet.
Kommunar |
Breibandsabonnement
i prosent av husholda |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 68,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0941 Bykle | 90,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1121 Time | 89,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0215 Frogn | 86,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0544 øystre Slidre | 86,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1151 Utsira | 85,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 85,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1252 Modalen | 85,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1018 Søgne | 83,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1601 Trondheim | 83,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 82,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0926 Lillesand | 81,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1046 Sirdal | 79,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0521 øyer | 79,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1232 Eidfjord | 79,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1563 Sunndal | 78,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1245 Sund | 78,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0228 Rælingen | 78,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1122 Gjesdal | 78,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1924 Målselv | 78,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1246 Fjell | 78,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1244 Austevoll | 78,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1528 Sykkylven | 77,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1222 Fitjar | 77,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Om utrekning av median og gjennomsnittMedianverdien er den verdien som deler populasjonen i to like store delar - dei med høgare og dei med lågare verdiar. I utrekninga av medianverdien er det gått ut frå at abonnementa i hastigheitsgruppa 2-4 Mbit/s deler seg jamt på alle verdiane i gruppa. Ved utrekning av gjennomsnitt har ein gått ut frå at dette gjeld også for kvar av dei andre gruppene. |
Om datagrunnlagetDei mobile abonnementa er fjerna fordi denne delen av statistikken ikkje har vore fullstendig, og at desse abonnementa ikkje er mogeleg å fordela geografisk og etter hastigheit på same vis som med dei faste tilgangane. Post- og teletilsynet lagar statistikk også over dei mobile abonnementa, men utan omsyn til geografisk plassering og hastigheit. Talet på leverandørar av breiband som gjev opplysningar til denne undersøkinga har i dei siste to åra lege på om lag 200. Endringar i bransjen har gjort at talet har gått noko ned. Det siste kvartalet har 191 leverandørar gitt tal på abonnement. Det manglar framleis nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som også leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar er oppdaga. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar. Talet på hushald for 2008 er brukt i denne statistikken. Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, og likeins kan fleire privatpersonar bruke eitt abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå også undersøkinga " IKT i husholdningene ". For meir informasjon sjå Om statistikken . |
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 4. kvartal 2008
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 4. kvartal 2008
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement fordelt etter marknad. Berre aktive abonnement. Heile landet utan Svalbard
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit/s). Bedrifts- og privatabonnement. 4. kvartal 2008. Kommune
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42