Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svakare vekst i faste breiband
Tala for abonnement på faste tilgangar til breiband gikk i 1. kvartal i år opp med under 2 prosent frå det førre kvartalet. Den gjennomsnittlege hastigheita for private breibandsabonnement auka samstundes til 5,4 Mbit/s.
Datagrunnlaget for publiseringa for 1. og 2. kvartal 2009 viste seg å innehalde vesentlege feil. Det verka inn på hovudkonklusjonane i den opphavlege publiseringa. Alle tal og kommentarar er korrigerte i den nye publiseringa. |
I Fastlands-Noreg var det 1 622 000 breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett ved utgangen av 1. kvartal 2009. Dette er ein auke på 9 prosent i høve til same perioden i 2008. Samanlikna med 4. kvartal 2008 er det ein auke på 34 000 abonnement. Dette er den svakaste veksten i talet på faste breiband sidan målingane starta i 2002. Heile 1 464 000 av breibandsabonnementa var private, medan bedriftsmarknaden hadde 158 000 slike abonnement.
Denne nedgangen i veksttakten i talet på faste breiband har gått føre seg over ein lang periode, som kan tyde på at marknaden er i ferd med å bli metta. Tendensen kan ha blitt forsterka av auka konkurranse frå mobile breiband og av den økonomiske stoda.
Veksten i talet på raske private breiband held fram
Delen av dei private breibandsabonnementa som har ein hastigheit over 8 Mbit/s, var 19 prosent i 1. kvartal 2009. Dette er ein auke frå 17 prosent i det førre kvartalet. Det tilsvarande talet for bedriftsmarknaden er 6 prosent, det same som i 4. kvartal 2008. Delen med hastigheit under 512 kbit/s er uendra frå det førre kvartalet.
I privatmarknaden er det hushalda i Rogaland og Nord-Trøndelag som har flest raske breiband (over 8 Mbit/s), høvesvis 45 og 33 prosent av alle abonnentane.
Fleire raske breiband gjer at medianverdien for private breiband aukar frå 3,3 til 3,5 Mbit/s, medan den gjennomsnittlege hastigheita aukar frå 5,0 til 5,4 Mbit/s.
Uendra for breiband i høve til hushalda
Talet på private breiband i høve til hushalda er no 68 prosent for heile landet. Det er det same som i det førre kvartalet, noko som har samanheng med at talet på hushald har auka. Sør-Trøndelag, Akershus, Oslo og Hordaland er fylka med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda - alle med over 70 prosent. Finnmark har stadig lågast utbreiing av breiband.
Sentralitet1 | Breibandsabonnement | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 116 450 | 59 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 81 163 | 64 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 238 686 | 66 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 1 027 380 | 71 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Sentralitet 2008, Kommunar 2008. |
Sentrale kommunar har den høgaste delen breibandsabonnement
Skilnadene mellom kommunane etter sentralitetsgrad er den same som før. Dei sentrale kommunane har høgast del breibandsabonnement i høve til hushalda, med 71 prosent. Til samanlikning har 59 prosent i dei minst sentrale kommunane breiband.
Sterk vekst i kommunar med låg dekning
Talet på kommunar med under 35 private breibandsabonnement per 100 hushald har auka til fire, mot tre førre kvartalet. Likevel er mange av kommunane med låg dekning bland dei som har størst auke. Sju av dei ti kommunane med størst kvartalsvis auke var også blant dei 20 prosentane med lågast dekning kvartalet før.
Det er no 77 kommunar med meir enn 70 prosent breibandsabonnement i høve til hushalda, ein auke frå 69 kommunar i det førre kvartalet.
Kommunar | Breibandsabonnement i prosent av husholda | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 68,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0215 Frogn | 87,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0941 Bykle | 87,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1252 Modalen | 87,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1121 Time | 86,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 86,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0926 Lillesand | 84,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1151 Utsira | 84,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1018 Søgne | 83,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1046 Sirdal | 82,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0521 øyer | 82,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1601 Trondheim | 82,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 81,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1528 Sykkylven | 81,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1245 Sund | 79,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1264 Austrheim | 79,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1232 Eidfjord | 79,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1640 Røros | 79,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0228 Rælingen | 78,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1246 Fjell | 78,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1222 Fitjar | 78,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1624 Rissa | 78,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Om utrekning av median og gjennomsnittMedianverdien er den verdien som deler populasjonen i to like store delar - dei med høgare og dei med lågare verdiar. I utrekninga av medianverdien er det føresett at abonnementa i hastigheitsgruppa 2-4 Mbit/s delar seg jamt på alle verdiane i gruppa. Ved utrekning av gjennomsnitt har ein føresett at dette gjeld også for kvar av dei andre gruppene. |
Om datagrunnlagetDei mobile abonnementa er fjerna fordi denne delen av statistikken ikkje har vore fullstendig, og at desse abonnementa ikkje er mogelege å fordela geografisk og etter hastigheit på same viset som med dei faste tilgangane. Post- og teletilsynet lagar statistikk også over dei mobile abonnementa, men utan omsyn til geografisk plassering og hastigheit. Talet på leverandørar av breiband som gjev opplysningar til denne undersøkinga, har i dei siste to åra lege på om lag 200. Endringar i bransjen har gjort at talet har gått noko ned. Det siste kvartalet har 187 leverandørar gitt tal på abonnement. Det manglar framleis nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV selskap som også leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar er oppdaga. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar. Talet på hushald for 2009 er brukt i denne statistikken. Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, og likeins kan fleire privatpersonar bruke eitt abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå også undersøkinga " IKT i husholdningene ". For meir informasjon , sjå Om statistikken . |
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 1. kvartal 2009 (Retta 26. oktober 2009)
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 1. kvartal 2009 (Retta 26. oktober 2009)
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement fordelt etter marked. Berre aktive abonnement. Heile landet uten Svalbard (Retta 26. oktober 2009)
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit/s). Bedrifts- og privatabonnement. 1. kvartal 2009. Kommune (Retta 26. oktober 2009)
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42