13706_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/arkiv
13706
Jamn vekst i faste breiband
statistikk
2009-12-10T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå), breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadTeknologi og innovasjon, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Svalbard
false

Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Jamn vekst i faste breiband

Talet på abonnement på faste tilgangar til breiband auka med 6 prosent frå året før og vel 1 prosent frå førre kvartalet til 3. kvartal i år. Den gjennomsnittlege hastigheita for private breibandsabonnement auka til 5,7 Mbit/s.

Private breibandsabonnement fordelt etter hastigheitsgruppe. Medianverdi og gjennomsnitt. 3. kvartal 2009

Breibandsabonnement fordelt etter marknad. 3. kvartal 2002 - 3. kvartal 2009

I Fastlands-Noreg var det 1 653 000 breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett ved utgangen av 3. kvartal 2009. Dette er ein auke på 94 000 i høve til same periode i 2008. Samanlikna med førre kvartal er det ein auke på 20 000 abonnement. Heile 1 497 000 av breibandsabonnementa var private, medan bedriftsmarknaden hadde 155 000 slike abonnement.

Ny vekst i talet på raske private breiband

Delen av dei private breibandsabonnementa som har ein hastigheit over 8 Mbit/s var 21 prosent i 3. kvartal 2009, ein auke frå 19 prosent i det førre kvartalet. Det tilsvarande talet for bedriftsmarknaden er 6 prosent, det same som i 2. kvartal 2009.

I privatmarknaden er det hushalda i Rogaland og Nord-Trøndelag som har flest raske breiband, høvesvis 46 og 34 prosent av alle abonnentane.

Samstundes aukar den gjennomsnittlege hastigheita frå 5,5 til 5,7 Mbit/s. Medianverdien for private breiband aukar og til 3,5 Mbit/s - frå 3,4 i 2. kvartal.

Jamn vekst i breiband i høve til hushalda

Talet på private breiband i høve til hushalda er 70 prosent for heile landet, ein auke frå 69 prosent i førre kvartalet. Sør-Trøndelag, Oslo og Akershus er fylka med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda - alle med over 74 prosent. Finnmark har stadig lågast breibandsdekning.

Privatmarknaden. Breibandsabonnement (overføringskapasitet over 128 kbit/s) i prosent av hushalda. 32. kvartal 2009. Kommunar

Private breibandsabonnement fordelt etter kommunane si sentralitetskode. 3. kvartal 2009
Sentralitet1 Breibandsabonnement Breibandsabonnement i prosent av hushalda
Minst sentrale kommunar  118 238 60
Mindre sentrale kommunar 82 979 66
Noko sentrale kommunar  245 732 68
Sentrale kommunar 1 050 015 72
1  Sentralitet 2008, Kommuner 2008.

Sentrale kommunar har den høgaste delen breibandsabonnement

Skilnadene mellom kommunane etter sentralitetsgrad er den same som før. Dei sentrale kommunane har høgast del breibandsabonnement i høve til hushalda, med 72 prosent. Til samanlikning har 60 prosent i dei minst sentrale kommunane breiband.

Kommunar med flest private breibandsabonnement ved utgangen av
3. kvartal 2009 i høve til hushalda
Kommunar Breibandsabonnement i prosent av husholda
Landsgjennomsnitt 69,9
0941 Bykle 88,2
0215 Frogn 88,0
1252 Modalen 87,2
1121 Time 86,4
1232 Eidfjord 86,2
0213 Ski 85,4
1640 Røros 84,7
0926 Lillesand 84,6
1018 Søgne 84,4
1151 Utsira 84,3
0521 øyer 83,9
1601 Trondheim 82,6
1046 Sirdal 82,5
0217 Oppegård 81,6
1528 Sykkylven 81,4
1563 Sunndal 81,4
1264 Austrheim 81,2
1246 Fjell 80,6
1244 Austevoll 79,6
1245 Sund 79,2
1122 Gjesdal 78,4
1804 Bodø 78,4

Om utrekning av median og gjennomsnitt

Medianverdien er den verdien som delar populasjonen i to like store deler - dei med høgare og dei med lågare verdiar. I utrekninga av medianverdien er det føresett at abonnementa i hastigheitsgruppa 2-4 Mbit/s delar seg jamt på alle verdiane i gruppa. Ved utrekning av gjennomsnitt har ein føresett at dette gjeld også for kvar av dei andre gruppene.

Om datagrunnlaget

Dei mobile abonnementa er fjerna fordi denne delen av statistikken ikkje har vore fullstendig, og at desse abonnementa ikkje er mogeleg å fordela geografisk og etter hastigheit på same vis som med dei faste tilgangane. Post- og teletilsynet lagar statistikk også over dei mobile abonnementa, men utan omsyn til geografisk plassering og hastigheit.

Talet på leverandørar av breiband som gjev opplysningar til denne undersøkinga, har i dei siste to åra lege på om lag 200. Endringar i bransjen har gjort at talet har gått noko ned. Det siste kvartalet har 187 leverandørar gitt tal på abonnement. Det manglar framleis nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som også leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på, gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar er oppdaga. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar. Talet på hushald for 2009 er brukt i denne statistikken.

Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, og likeins kan fleire privatpersonar bruke eitt abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå også undersøkinga " IKT i husholdningene ".

For meir informasjon sjå Om statistikken .

Tabeller: