Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Veksten i private breiband flatar ut
I 2. kvartal 2010 steig talet på abonnement på faste tilgangar til breiband med mindre enn 1 prosent frå førre kvartalet og med under 4 prosent frå 2. kvartal 2009. Den gjennomsnittlege hastigheita for private breibandsabonnement auka til 6,3 Mbit/s.
I Fastlands-Noreg var det 1 694 000 breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett ved utgangen av 2. kvartal 2010. Dette er 62 000 fleire enn i same perioden i 2009. Samanlikna med førre kvartalet er det ein auke på berre 4 000 abonnement. Heile auken gjeld private abonnement. Bedriftsmarknaden krympa nemleg med 2 000 abonnement i same perioden. Av breibandsabonnementa var 1 542 000 private, medan bedriftsmarknaden hadde 153 000 abonnement.
Framleis vekst i talet på raske private breiband
Delen av dei private breibandsabonnementa som har ein hastigheit over 8 Mbit/s, var 26 prosent i 2. kvartal 2010, ein auke frå 24 prosent i det førre kvartalet. Det tilsvarande talet for bedriftsmarknaden var 14 prosent, opp frå 12 prosent i 1. kvartal 2010.
Samstundes har den gjennomsnittlege hastigheita for private breiband stige frå 6,1 til 6,3 Mbit/s. Medianverdien for private breiband har også auka, frå 3,7 til 3,9 Mbit/s.
I privatmarknaden er det hushalda i Rogaland og Nord-Trøndelag som har flest raske breiband, høvesvis 50 og 33 prosent av alle abonnentane.
Jamn auke av breiband i hushalda
Talet på private breiband i høve til hushalda var 71 prosent for heile landet i 2. kvartal i år. Dette er det same som i det førre kvartalet, men ein auke frå 69 prosent i 2. kvartal førre året. Akershus, Oslo og Sør-Trøndelag er fylka med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda - alle med over 75 prosent. Finnmark har stadig lågast breibandsdekning.
Sentrale kommunar med høgaste delen breibandsabonnement
Skilnadene mellom kommunane etter sentralitetsgrad er den same som før. Dei sentrale kommunane har høgast del breibandsabonnement i høve til hushalda, med 73 prosent. Til samanlikning har 62 prosent i dei minst sentrale kommunane breiband.
Sentralitet1 | Breibandsabonnement | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 122 874 | 62 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 85 138 | 67 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 253 284 | 69 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 1 080 329 | 73 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Sentralitet 2008. Kommunar 2008. |
Fast breiband på hytta vert vanlegare
Undersøkinga skil ikkje mellom abonnement i faste bustader og fritidsbustader. Alle faste abonnement tel med. Det gjer at hyttekommunar kan få svært høge tal for private abonnement i høve til talet på hushald. Bykle kommune nærmar seg no to faste abonnement per hushald.
Kommunar | Breibandsabonnement i prosent av husholda | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 71,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0941 Bykle | 188,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0215 Frogn | 101,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 98,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1018 Søgne | 94,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0926 Lillesand | 93,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1528 Sykkylven | 92,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1252 Modalen | 90,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1121 Time | 89,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0521 øyer | 88,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1232 Eidfjord | 87,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1151 Utsira | 86,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0544 øystre Slidre | 85,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0216 Nesodden | 84,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0834 Vinje | 84,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 83,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0228 Rælingen | 82,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1563 Sunndal | 81,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0230 Lørenskog | 81,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1601 Trondheim | 81,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1640 Røros | 80,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0214 ås | 80,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0520 Ringebu | 80,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Om utrekning av median og gjennomsnittMedianverdien er den verdien som deler populasjonen i to like store delar - dei med høgare og dei med lågare verdiar. I utrekninga av medianverdien er det rekna med at abonnementa i hastigheitsgruppa 2-4 Mbit/s deler seg jamt på alle verdiane i gruppa. Ved utrekning av gjennomsnitt har ein rekna med at dette også gjeld for kvar av dei andre gruppene. |
Om datagrunnlagetDei mobile abonnementa er fjerna fordi denne delen av statistikken ikkje har vore fullstendig, og fordi desse abonnementa ikkje er mogeleg å fordele geografisk og etter hastigheit på same viset som med dei faste tilgangane. Post- og teletilsynet lagar også statistikk over dei mobile abonnementa, men dei tek ikkje omsyn til geografisk plassering eller hastigheit. Talet på leverandørar av breiband som gjev opplysningar til denne undersøkinga, har i dei siste åra lege på om lag 200. Endringar i bransjen har gjort at talet har gått noko ned, til rundt 180. Det manglar framleis nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som også leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på, gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar er oppdaga. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar. Talet på hushald for 2010 er brukt i denne statistikken. Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, og likeins kan fleire privatpersonar bruke eitt felles abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgjevar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå også undersøkinga " IKT i husholdningene ". For meir informasjon , sjå Om statistikken . |
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelte etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 2. kvartal 2010
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelte etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 2. kvartal 2010
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement fordelte etter marknad. Berre aktive abonnement. Heile landet utan Svalbard
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit/s). Bedrifts- og privatabonnement. 2. kvartal 2010. Kommune
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42