Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Jamn utvikling mot raskare breiband
Den gjennomsnittlege hastigheita for private breibandsabonnement auka til 6,8 Mbit/s i 4. kvartal 2010. Talet på abonnement på faste tilgangar til breiband steig med 1 prosent frå førre kvartalet. Auken var 4 prosent frå 4. kvartal førre året.
Den gjennomsnittlege hastigheita for private breiband har stige frå 6,6 til 6,8 Mbit/s. Medianverdien for private breiband har også auka, frå 4,1 til 4,5 Mbit/s.
Opp frå 1 Mbit/s i 2004
Den gjennomsnittlege hastigheita var 1 Mbit/s i 4. kvartal 2004. To år seinare hadde den auka til 3, i 2008 til 5, og i 2009 til 5,9 Mbit/s. Bortsett frå korte periodar, som i 2006 da hastigheita blei dobla på kort tid, og rundt slutten av 2008, har auken vore jamn frå kvartal til kvartal.
Hushalda i Rogaland har flest raske breiband
Delen av dei private breibandsabonnementa med hastigheit over 8 Mbit/s var 30 prosent i 4. kvartal 2010. Dette er ein auke frå 28 prosent i det førre kvartalet. Det tilsvarande talet for bedriftsmarknaden var 16 prosent, ein auke frå 15 prosent i 3. kvartal 2010.
I privatmarknaden er det hushalda i Rogaland som har flest raske breiband med 52 prosent av alle abonnementa over 8 Mbit/s.
Faste tilgangar aukar framleis
Det var 1 730 000 breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett i Fastlands-Noreg ved utgangen av 4. kvartal 2010. Dette er ein auke på 59 000 i høve til same periode i 2009. Det er ein auke på 10 000 abonnement samanlikna med førre kvartalet. Så godt som heile auken gjeld private abonnement. Bedriftsmarknaden auka med berre 400 abonnement i same periode. Av breibandsabonnementa var 1 578 000 private, medan bedriftsmarknaden hadde 152 000 abonnement.
Akershus, Oslo og Sør-Trøndelag med flest breibandsabonnement av hushalda
Talet på private breiband i høve til hushalda var 73 prosent for heile landet i 4. kvartal i 2010. Dette er 1 prosent meir enn i det førre kvartalet, og 2 prosent meir enn i 4. kvartal i 2009. Akershus, Oslo og Sør-Trøndelag er fylka med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda - alle med om lag 78 prosent. Finnmark har stadig lågast breibandsdekning med 60 prosent.
Sentralitet1 | Breibandsabonnement | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 127 312 | 64 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 86 959 | 68 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 257 043 | 70 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 1 106 335 | 75 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Sentralitet 2008, Kommuner 2008. |
Framleis skilnadar mellom kommunane
Skilnadene mellom kommunane etter sentralitetsgrad er den same som før. Dei sentrale kommunane har høgast del breibandsabonnement i høve til hushalda, med 75 prosent. Til samanlikning har 64 prosent i dei minst sentrale kommunane breiband.
Høge tal for hyttekommunar
Undersøkinga skil ikkje mellom abonnement i faste bustader og fritidsbustader. Alle faste abonnement tel med. Det gjer at hyttekommunar kan få svært høge tal for private abonnement i høve til talet på hushald. Om lag ein av tre kommunar med over 80 prosent breiband i høve til hushalda er hyttekommunar.
Kommunar med låge tal på private breiband aukar mest
Med unntak for Lierne kommune, som ligg heilt nedst med 29 prosent breiband i høve til hushalda, viser tala for 4. kvartal 2010 at dei andre kommunane som var i same situasjon, no har auka monaleg. Nærast Lierne ligg no Verran og Marker, begge med over 42 prosent. Dette heng saman med at utbygging av breiband i fleire område no har blitt registrert i talet på abonnement.
Kommunar | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 72,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0941 Bykle | 190,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0215 Frogn | 99,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0521 øyer | 93,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1046 Sirdal | 93,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1232 Eidfjord | 92,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1018 Søgne | 92,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1121 Time | 91,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 90,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0926 Lillesand | 89,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1640 Røros | 89,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0544 øystre Slidre | 87,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1252 Modalen | 87,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1151 Utsira | 85,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0216 Nesodden | 85,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1241 Fusa | 84,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1563 Sunndal | 84,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1601 Trondheim | 84,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0230 Lørenskog | 83,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1926 Dyrøy | 83,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 82,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1246 Fjell | 82,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0701 Horten | 82,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1516 Ulstein | 81,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Om utrekning av median og gjennomsnittMedianverdien er den verdien som deler populasjonen i to like store delar - dei med høgare og dei med lågare verdiar. I utrekninga av medianverdien er det føresett at abonnementa i hastigheitsgruppa 4-8 Mbit/s delar seg jamt på alle verdiane i gruppa. Ved utrekning av gjennomsnitt har ein føresett at dette også gjeld for kvar av dei andre gruppene. |
Om datagrunnlagetDei mobile abonnementa er fjerna fordi denne delen av statistikken ikkje har vore fullstendig, og fordi desse abonnementa ikkje er mogeleg å fordele geografisk og etter hastigheit på same vis som med dei faste tilgangane. Post- og teletilsynet lagar også statistikk over dei mobile abonnementa, men dei tek ikkje omsyn til geografisk plassering eller hastigheit. Talet på leverandørar av breiband som gjev opplysningar til denne undersøkinga, har i dei siste åra lege på om lag 200. Endringar i bransjen har gjort at talet har gått noko ned til rundt 180. Det manglar framleis nokre små, men lokalt viktige, leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som også leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på, gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar er oppdaga. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar. Talet på hushald for 2010 er brukt i denne statistikken. Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, og likeins kan fleire privatpersonar bruke eitt felles abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgjevar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå også undersøkinga " IKT i husholdningene ". For meir informasjon , sjå Om statistikken . |
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 4. kvartal 2010
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 4. kvartal 2010
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement fordelt etter marknad. Berre aktive abonnement. Heile landet utan Svalbard
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit/s). Bedrifts- og privatabonnement. 4. kvartal 2010. Kommune
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42