Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nytt hopp i utviklinga mot raskare breiband
Den gjennomsnittlege hastigheita for private breibandsabonnement auka til 7,4 Mbit/s i 1. kvartal 2011. Talet på abonnement på faste tilgangar til breiband steig med 3 prosent frå 1. kvartal førre året. Auken var under 0,5 prosent frå førre kvartalet.
Den gjennomsnittlege hastigheita for private breiband har stige frå 6,8 til 7,4 Mbit/s. Det er største auken i gjennomsnittleg hastigheit på meir enn to år. Medianverdien for private breiband har også auka, frå 4,5 til 5,3 Mbit/s. Vi må meir enn fire år tilbake for å finne eit liknande hopp i dette målet på kvaliteten på private breiband.
1 Mbit/s i 2005
Den gjennomsnittlege hastigheita var 1 Mbit/s i 1. kvartal 2005. Om lag halve auken frå 2005 har kome i tre korte periodar, i 2006, i 2008 og dette siste kvartalet. Dette heng truleg saman med oppgradering av tilbodet frå nokre av dei største leverandørane med høgare hastigheit for same pris.
Fleire med raske breiband
Delen av dei private breibandsabonnementa med hastigheit over 8 Mbit/s, var 34 prosent i 1. kvartal 2011. Dette er ein auke frå 30 prosent i det førre kvartalet. Det tilsvarande talet for bedriftsmarknaden var 18 prosent, ein auke frå 16 prosent i 4. kvartal 2010.
I privatmarknaden er det framleis hushalda i Rogaland som har flest raske breiband, med 57 prosent av alle abonnementa over 8 Mbit/s.
47 000 fleire med fast tilgang på eitt år
Det var 1 737 000 breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett i Fastlands-Noreg ved utgangen av 1. kvartal 2011. Dette er ein auke på 47 000 i høve til same periode i 2010. Det er ein auke på 7 000 abonnement samanlikna med førre kvartalet. Så godt som heile auken gjeld private abonnement. Bedriftsmarknaden auka med berre 200 abonnement i same periode. Av breibandsabonnementa var 1 585 000 private, medan bedriftsmarknaden hadde 153 000 abonnement.
Akershus og Oslo med flest breibandsabonnement av hushalda
Talet på private breiband i høve til hushalda var 72 prosent for heile landet i 1. kvartal i 2011. Dette er 1 prosent mindre enn i det førre kvartalet. Denne nedgangen skyldast at nye tal på hushald for 2011 er nytta i berekningane. Auken frå 1. kvartal i 2010 er på berre 1 prosent. Akershus og Oslo er fylka med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda, med omlag 78 prosent. Finnmark har stadig lågast breibandsdekning med 59 prosent.
Sentralitet1 | Breibandsabonnement | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 127 973 | 64 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 87 895 | 68 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 256 581 | 69 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 1 112 194 | 74 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Sentralitet 2008, Kommuner 2008. |
Sentrale kommunar med høgaste del breibandsabonnement
Skilnadene mellom kommunane etter sentralitetsgrad er den same som før. Dei sentrale kommunane har høgast del breibandsabonnement i høve til hushalda, med 74 prosent. Til samanlikning har 64 prosent i dei minst sentrale kommunane breiband.
Høge tal for hyttekommunar
Undersøkinga skil ikkje mellom abonnement i faste bustader og fritidsbustader. Alle faste abonnement tel med. Det gjer at hyttekommunar kan få svært høge tal for private abonnement i høve til talet på hushald. Om lag ein av tre kommunar med over 80 prosent breiband i høve til hushalda er hyttekommunar.
Kommunar | Breibandsabonnement i prosent av husholda | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 72,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0941 Bykle | 187,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0215 Frogn | 101,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1232 Eidfjord | 92,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1018 Søgne | 91,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1640 Røros | 90,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0926 Lillesand | 89,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1121 Time | 89,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0521 øyer | 89,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1151 Utsira | 89,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 88,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0834 Vinje | 88,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0544 øystre Slidre | 87,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1241 Fusa | 86,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0216 Nesodden | 86,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0230 Lørenskog | 86,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1252 Modalen | 84,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1563 Sunndal | 83,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1601 Trondheim | 82,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0520 Ringebu | 82,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1926 Dyrøy | 81,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0214 ås | 81,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1046 Sirdal | 81,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1424 årdal | 81,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Om utrekning av median og gjennomsnittMedianverdien er den verdien som deler populasjonen i to like store delar - dei med høgare og dei med lågare verdiar. I utrekninga av medianverdien er det føresett at abonnementa i hastigheitsgruppa 4-8 Mbit/s deler seg jamt på alle verdiane i gruppa. Ved utrekning av gjennomsnitt har ein føresett at dette også gjeld for kvar av dei andre gruppene. |
Om datagrunnlagetDei mobile abonnementa er fjerna fordi denne delen av statistikken ikkje har vore fullstendig, og fordi desse abonnementa ikkje er mogeleg å fordele geografisk og etter hastigheit på same vis som med dei faste tilgangane. Post- og teletilsynet lagar også statistikk over dei mobile abonnementa, men dei tek ikkje omsyn til geografisk plassering eller hastigheit. Talet på leverandørar av breiband som gjev opplysningar til denne undersøkinga, har i dei siste åra lege på om lag 200. Endringar i bransjen har gjort at talet har gått noko ned, til rundt 180. Det manglar framleis nokre små, men lokalt viktige, leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som også leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på, gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar er oppdaga. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar. Talet på hushald for 2011 er brukt i denne statistikken. Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, og likeins kan fleire privatpersonar bruke eitt felles abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgjevar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå også undersøkinga " IKT i husholdningene ". For meir informasjon , sjå Om statistikken . |
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 1. kvartal 2011
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 1. kvartal 2011
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement fordelt etter marked. Berre aktive abonnement. Heile landet utan Svalbard
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit/s). Bedrifts- og privatabonnement. 1. kvartal 2011. Kommune
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42