Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Ni av ti hushald på Svalbard har breiband
Det er 954 private breibandabonnement fordelt på 1 024 hushald på Svalbard. Det betyr at utbreiinga der er 93 prosent, som er høgare enn på fastlandet der talet er 74 prosent for 3. kvartal 2011.
Den nye statistikken over talet på hushald på Svalbard gjer det mulig å rekne ut eit tal for utbreiinga av private breiband. Den høge utbreiinga på Svalbard kjem av at samansetjinga av hushalda og befolkninga er klårt ulikt frå fastlandet, med svært få eldre menneske busette på Svalbard.
Normal auke i hastigheita
Den gjennomsnittlege hastigheita for private breiband har stige frå 10,4 til 10,7 Mbit/s. Dermed er auken tilbake på eit normalt nivå etter det kraftige hoppet i førre kvartal. Medianverdien for private breiband har også auka noko, frå 5,7 til 6,0 Mbit/s.
Delen av dei private breibandsabonnementa med hastigheit over 8 Mbit/s, var 38 prosent i 3. kvartal 2011. Dette er ein auke frå 37 prosent i førre kvartal. Det tilsvarande talet for bedriftsmarknaden var 21 prosent, ein auke frå 20 prosent i 2. kvartal 2011.
I privatmarknaden er det framleis hushalda i Rogaland som har flest raske breiband. 59 prosent av alle abonnementa i fylket har ein hastigheit over 8 Mbit/s.
63 000 fleire med fast tilgang på eitt år
Det var 1 783 000 breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett i Fastlands-Noreg ved utgangen av 3. kvartal 2011. Dette er ein auke på 63 000 i høve til same periode i 2010, og ein auke på 29 000 abonnement samanlikna med førre kvartalet. Heile auken gjeld private abonnement. Bedriftsmarknaden har samla gått ned med omlag 1 000 abonnement det siste året. Av breibandsabonnementa var 1 633 000 private, medan bedriftsmarknaden hadde 151 000 abonnement.
Oslo og Akershus har flest breibandsabonnement i hushalda
Talet på private breiband i høve til hushalda var 74 prosent for heile landet i 3. kvartal i 2011. Dette er 1 prosent meir enn i førre kvartal. Auken frå 3. kvartal i 2010 er på 2 prosent. Oslo og Akershus er fylka med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda, med om lag 80 prosent. Finnmark har stadig lågast breibandsdekning med 63 prosent, ein auke frå 59 prosent i førre kvartal.
Sentralitet1 | Breibandsabonnement | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 130 339 | 65 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 90 149 | 70 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 265 879 | 71 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 1 146 088 | 76 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Sentralitet 2008, Kommuner 2008. |
Sentrale kommunar med høgaste del breibandsabonnement
Skilnadene mellom kommunane etter sentralitetsgrad er den same som før. Dei sentrale kommunane har høgast del breibandsabonnement i høve til hushalda, med 76 prosent. Til samanlikning har 65 prosent breiband i dei minst sentrale kommunane.
Kommunar | Breibandsabonnement i prosent av husholda | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 74,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0941 Bykle | 186,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0215 Frogn | 101,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1640 Røros | 96,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1232 Eidfjord | 96,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1046 Sirdal | 96,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0817 Drangedal | 95,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 91,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1121 Time | 91,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1018 Søgne | 91,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0834 Vinje | 91,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1241 Fusa | 90,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0521 øyer | 90,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0544 øystre Slidre | 89,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1151 Utsira | 89,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0926 Lillesand | 88,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0216 Nesodden | 87,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0230 Lørenskog | 85,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 84,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1601 Trondheim | 84,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1563 Sunndal | 84,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1252 Modalen | 84,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0214 ås | 83,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0219 Bærum | 82,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Om datagrunnlagetDei mobile abonnementa er fjerna fordi denne delen av statistikken ikkje har vore fullstendig, og fordi desse abonnementa ikkje er mogeleg å fordele geografisk og etter hastigheit på same vis som dei faste tilgangane. Post- og teletilsynet lagar også statistikk over dei mobile abonnementa, men dei tek ikkje omsyn til geografisk plassering eller hastigheit. Talet på leverandørar av breiband som gjev opplysningar til denne undersøkinga, har i dei siste åra lege på om lag 200. Endringar i bransjen har gjort at talet har gått noko ned til rundt 180. Det manglar framleis nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som også leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på, gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar er oppdaga. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar. Talet på hushald for 2011 er brukt i denne statistikken. Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, og likeins kan fleire privatpersonar bruke eitt felles abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgjevar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå også undersøkinga IKT i husholdningene . For meir informasjon , sjå Om statistikken . |
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 3. kvartal 2011
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 3. kvartal 2011
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement fordelt etter marknad. Berre aktive abonnement. Heile landet utan Svalbard
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit/s). Bedrifts- og privatabonnement. 3. kvartal 2011. Kommune
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42