Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Privat breibandshastigheit dobla på to år
Etter ny kraftig auke i 1. kvartal 2012 er hastigheita for private breiband dobla dei to siste åra. Talet på faste breiband har også auka.
Det var 1 671 000 private breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett i Fastlands-Noreg ved utgangen av 1. kvartal 2012. Dette er ein auke på om lag 23 000 abonnement frå 4. kvartal 2011, og ein auke på 86 000 i høve til den same perioden i 2011.
Bedriftsmarknaden har stoppa opp. Talet på faste abonnement ligg på 136 000, og talet er uendra frå førre kvartal.
Ny auke i hastigheita
Den gjennomsnittlege hastigheita for private breiband har stige frå 11,4 Mbit/s i 4. kvartal 2011 til 12,8 Mbit/s i 1. kvartal 2012. Samstundes har medianverdien for private breiband auka frå 6,7 til 7,2 Mbit/s. Den gjennomsnittlege hastigheita for bedriftsbreiband har stige frå 8,4 Mbit/s til 9,1 Mbit/s i den same perioden. Samstundes har medianverdien for bedriftsbreiband auka frå 4,1 til 4,4 Mbit/s.
I 1. kvartal hadde 46 prosent av dei private breibandsabonnementa ein hastigheit på over 8 Mbit/s. Dette er ein liten auke frå 44 prosent i førre kvartal. Tilsvarande tal for bedriftsmarknaden var 29 prosent i 1. kvartal, ein auke frå 26 prosent i 4. kvartal 2011.
I privatmarknaden er det framleis hushalda i Rogaland som har flest raske breiband. 66 prosent av alle abonnementa i fylket har ein hastigheit på over 8 Mbit/s.
Oslo har flest breibandsabonnement i hushalda
På landsbasis hadde 75 prosent av hushalda breiband i 1. kvartal 2012. På grunn av nye tal for hushalda er dette om lag på same nivå som i førre kvartal. Auken er 3 prosentpoeng frå 1. kvartal i 2011. Oslo er fylket med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda, med 82 prosent. Finnmark har stadig lågast breibandsdekning med 63 prosent, ein auke frå 61 prosent i førre kvartal.
Sentralitet1 | Breibandsabonnement | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 133 712 | 66 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 91 008 | 70 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 269 748 | 71 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 1 176 273 | 77 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Sentralitet 2008, Kommuner 2008. |
Sentrale kommunar med høgaste del breibandsabonnement
Skilnadene mellom kommunane etter sentralitetsgrad er den same som før. Dei sentrale kommunane har høgast del breibandsabonnement i høve til hushalda, med 77 prosent. I dei minst sentrale kommunane er det 66 prosent av hushalda som har breiband.
Kommunar | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 74,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0941 Bykle | 206,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0817 Drangedal | 99,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1046 Sirdal | 98,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1241 Fusa | 98,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1232 Eidfjord | 97,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0215 Frogn | 96,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1640 Røros | 95,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1151 Utsira | 94,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1121 Time | 92,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0521 øyer | 92,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0940 Valle | 90,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1828 Nesna | 90,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 90,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0834 Vinje | 89,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0544 øystre Slidre | 88,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0926 Lillesand | 87,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0216 Nesodden | 87,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1563 Sunndal | 86,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 86,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0230 Lørenskog | 86,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1601 Trondheim | 86,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1018 Søgne | 85,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0520 Ringebu | 84,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Om datagrunnlagetDei mobile abonnementa er fjerna fordi denne delen av statistikken ikkje har vore fullstendig, og fordi desse abonnementa ikkje er mogeleg å fordele geografisk og etter hastigheit på same vis som med dei faste tilgangane. Post- og teletilsynet lagar også statistikk over dei mobile abonnementa, men dei tek ikkje omsyn til geografisk plassering eller hastigheit. Talet på leverandørar av breiband som gjev opplysningar til denne undersøkinga, har i dei siste åra ligge på om lag 200. Endringar i bransjen har gjort at talet har gått noko ned, til rundt 180. Det manglar framleis nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som også leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på, gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar er oppdaga. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar. Talet på hushald for 2012 er brukt i denne statistikken. Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, og likeins kan fleire privatpersonar bruke eitt felles abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgjevar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå også undersøkinga " IKT i husholdningene ". Post- og teletilsynet hentar inn ulike slag data til ekomstatistikken, mellom anna tal på faste breiband i bedrifts- og privatmarknaden. Medan internettmålinga deler abonnementa etter kommune og hastigheit, skil PT etter kva for teknologi som vert nytta. Totaltala skal vere om lag dei same. Sjå Post- og teletilsynet sin statistikk . For meir informasjon , sjå Om statistikken . |
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement, fordelt etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 1. kvartal 2012
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement, fordelt etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 1. kvartal 2012
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement, fordelt etter marknad. Berre aktive abonnement. Heile landet utan Svalbard
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit/s). Bedrifts- og privatabonnement. 1. kvartal 2012. Kommune
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42