Frå januar til desember 2024 var det nesten 38,6 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsbedrifter i Noreg, syner nye tal frå overnattingsstatistikken.  Det var 26,2 millionar norske Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar., ein auke på 1 prosent frå 2023. I tillegg var det 12,4 millionar utanlandske overnattingar, det høgaste talet for utanlandske overnattingar som er målt i statistikken. Dette var ein auke på heile 12 prosent samanlikna med året før.

– Internasjonal turisme er i vekst i Noreg. I åra før og rett etter pandemien var talet utanlandske overnattingar i Noreg stabilt på rundt 9–10 millionar. I 2023 auka det til 11 millionar, og i 2024 ble det igjen rekord med over 12 millionar utanlandske overnattingar, seier seniorrådgjevar Kristin Aasestad i SSB.

Figur 1. Overnattingar etter norske og utanlandske overnattingar. 2016 - 2024

I 2024 var nesten 80 prosent av dei utanlandske overnattingane frå europeiske land. Det var klart flest frå Tyskland med 2,4 millionar overnattingar. På andreplass var Sverige med 1,2 millionar overnattingar. Deretter følger Nederland, Danmark og Storbritannina med høvesvis 912 tusen, 861 tusen og 777 tusen overnattingar.

Overnattingsbedriftene registrerte også 933 tusen overnattingar frå Asia. Samanlikna med 2023, utgjer dette ein auke på 48 prosent. Kina bidrog mest til denne auken. I 2024 var det 220 tusen overnattingar frå Kina, heile 143 prosent fleire enn året før. Likevel er det verdt å merke seg at talet på overnattingar frå Asia endå ikkje tilbake på same nivå som før pandemien, då det var over ein million overnattingar frå Asia årleg.

Fleire vinterturistar

Sjølv om det er flest utanlandske overnattingar i sommarhalvåret, er det interessant å merke seg at det var ein sterk vekst i overnattingar i vintermånadene  i 2024. I januar, februar, mars, oktober, november og desember i fjor var det 3,7 millionar utanlandske overnattingar, ein auke på 27 prosent samanlikna med dei same månadene i 2023. Frå april til og med september var det 8,7 millionar utanlandske overnattingar i Noreg, ein auke på 5,9 prosent frå året før.

– Den auka interessa for Noreg som vinterdestinasjon viser at reiselivet er i ferd med å bli meir heilårig, seier Aasestad.

– Fleire direkte flyruter, spesielt til Nord-Noreg, valutasituasjonen og unike naturopplevingar som nordlys og arktisk natur, kan forklare at fleire utanlandske turistar fant vegen til Noreg i 2024, forsett Aasestad.

Figur 2. Utanlandske overnattingar sommarhalvåret og vinter-månadane. 2022, 2023 og 2024

Sommarhalvåret: april, mai, juni, juli, august og september. Vinter-månadane: januar, februar, mars, oktober, november og desember.

Størst vekst ved hotella

Talet på overnattingar ved norske Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheimar. auka med om lag 1,5 millionar overnattingar frå 2023 til 2024. Nesten all veksten kom frå hotella, som hadde ein auke på 1,4 millionar overnattingar.

I 2024 blei det registrert 19,1 millionar hotellovernattingar føretatt av nordmenn og 7,6 millionar utanlandske hotellovernattingar. Dette var ein auke på høvesvis 2,4 og 14 prosent.

Nær alle fylka hadde fleire hotellovernattingar i 2024 samanlikna med året før. Det var størst prosentvis vekst i hotellovernattingane i Nordland, Troms og på Svalbard. Vestfold, Innlandet og Buskerud hadde færre overnattingar på hotell i 2024 samanlikna med i 2023.

Figur 3. Prosentvis endring i hotellovernattingar etter fylke. Frå 2023 til 2024

Noko av veksten i Nordland kjem av at nokon bedrifter som er med i utvalet no, ikkje var inkludert i undersøkinga i 2023 sjølv om dei var i drift i 2023. 

Sett bort frå desse bedriftene er det framleis klar vekst frå 2023 til 2024. 

 

Fleire utanlandske og færre norske overnattingar på campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar

Det var 8 millionar overnattingar på campingplassane i 2024, ein liten auke på 0,4 prosent frå 2023. Nordmenn sto for 5,2 millionar overnattingar, ned 1,7 prosent frå 2023. Samstundes auka dei utanlandske overnattingane på camping med 4,5 prosent.

Ved Alle bedrifter med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheimar. var det 3,9 millionar overnattingar, ein auke på 3 prosent. Her var det også færre norske og fleire utanlandske overnattingar. Dei norske overnattingane vart redusert med 5,8 prosent medan dei utanlandske auka med 12 prosent.

Auke i utanlandske og nedgang i norske overnattingar i desember 2024

I desember 2024 var det registrert 1,9 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsbedrifter. Det er 117 tusen fleire enn i desember 2023. Det var ein auke i dei utanlandske overnattingane, medan dei norske overnattingane vart redusert.

Det var fleire utanlandske overnattingar ved alle innkvarteringstypar. Utanlandske overnattingar på hotell, campingplassar og hyttegrender og vandrarheimar auka med høvesvis 116 tusen, 12 tusen og 27 tusen.

For norske overnattingar var utviklinga motsett av den for dei utanlandske overnattingane. Norske hotellovernattingar gjekk ned med 26 tusen, på campingplassar og hyttegrender og vandrarheimar var det høvesvis 8 tusen og 5 tusen færre norske overnattingar i desember 2024 enn i desember 2023.

Frå og med 2024 vil årlege tal for overnattingar fordelt på kommunar vere tilgjengeleg i statistikkbanken. Kommunar med få observasjonar blir omfatta av SSB sine prinsipp om konfidensialitet og vil bli undertrykte i statistikkbanktabellane. Dette er markert med : i staden for tal.