Nye kommunetabeller fra 2024

Frå og med mai i år vil overnattingar og kapasitet fordelt på kommunar vere tilgjengeleg i statistikkbanken med tidsserie som startar frå januar 2024. Kommunar med få observasjonar blir omfatta av SSB sine prinsipp om konfidensialitet og vil bli undertrykte i statistikkbanktabellane. Dette er markert med : i staden for tal.

Overnattingar

Oppdatert: 28. juni 2024

Neste oppdatering: 2. august 2024

Endring i kommersielle overnattingar
Endring i kommersielle overnattingar
Mai 2023 - Mai 2024
6,6
%
Overnattingar
Overnattingar
Mai 2024Mai 2023 -Mai 2024
OvernattingarDel av overnattingar (prosent)Endring i prosent
I altnorskeutanlandskeI altnorske overnattingarutanlandske overnattingar
Overnattingar i alt3 213 52470,329,77,03,815,3
Kommersielle overnattingsverksemder3 123 68071,428,66,63,116,3
Hotell og liknande overnattingsbedrifter2 111 19473,926,16,54,512,5
Campingplassar724 62075,324,78,55,020,8
Hyttegrender og vandrarheimar287 86643,256,82,4-17,325,1
Ikkje-kommersielle overnattingsverksemder
Formidling av private fritidsbustader89 84431,468,623,6117,93,2
Standardteikn i tabellar

Utvalde tabellar og figurar frå denne statistikken

  • Kommersielle overnattingsverksemder. Gjester, overnattingar og gjennomsnittleg overnattingar per gjest
    Kommersielle overnattingsverksemder. Gjester, overnattingar og gjennomsnittleg overnattingar per gjest
    Mai 2024
    GjesterOvernattingarGjennomsnittleg overnattingar per gjest
    NoregUtlandetNoregUtlandetNoregUtlandet
    Heile landet1 112 620461 2792 230 890892 7902,01,9
    Østfold24 6694 52168 5487 2722,81,6
    Akershus106 12325 978170 58741 0831,61,6
    Oslo173 826105 430341 398222 7972,02,1
    Innlandet76 55823 660176 11136 8722,31,6
    Buskerud43 60015 88781 27122 6801,91,4
    Vestfold40 5755 673127 78912 6943,12,2
    Telemark30 3064 85083 1179 4252,71,9
    Agder70 63617 160142 10233 2242,01,9
    Rogaland79 52727 390170 85658 4332,12,1
    Vestland200 104116 294361 447199 4211,81,7
    Møre og Romsdal57 06030 675110 05560 1331,92,0
    Trøndelag - Trööndelage93 40222 442182 52560 6972,02,7
    Nordland - Nordlánnda62 97332 833116 08667 1091,82,0
    Troms - Romsa - Tromssa32 23114 01962 98431 4172,02,2
    Finnmark - Finnmárku - Finmarkku18 50410 26129 67219 7341,61,9
    Svalbard1 2 5264 2066 3429 7992,52,3
    1Svalbard er ikkje definert som fylke i lovens forstand, men i offisiell statistikk vert Svalbard behandla på lik linje med dei andre fylka i Noreg
    Standardteikn i tabellar
  • Hotell. Gjester, overnattingar og gjennomsnittleg overnattingar per gjest
    Hotell. Gjester, overnattingar og gjennomsnittleg overnattingar per gjest
    Mai 2024
    GjesterOvernattingarGjennomsnittleg overnattingar per gjest
    NoregUtlandetNoregUtlandetNoregUtlandet
    Heile landet930 864323 2021 560 574550 6201,71,7
    Østfold20 3073 31031 9815 1451,61,6
    Akershus103 35824 454149 23637 3491,41,5
    Oslo162 76194 965299 126181 7401,81,9
    Innlandet47 66314 92476 17121 2631,61,4
    Buskerud34 75012 30353 35715 3391,51,2
    Vestfold31 9044 36654 6269 3771,72,1
    Telemark20 7602 45536 7064 0951,81,7
    Agder54 4958 74184 40012 3381,51,4
    Rogaland68 57716 318132 14332 5621,92,0
    Vestland164 08080 336271 090126 0351,71,6
    Møre og Romsdal43 12315 33069 87222 3641,61,5
    Trøndelag - Trööndelage80 90812 257136 08424 3421,72,0
    Nordland - Nordlánnda50 62815 54785 34126 6271,71,7
    Troms - Romsa - Tromssa28 3947 94048 57212 7851,71,6
    Finnmark - Finnmárku - Finmarkku16 6305 75525 5279 4811,51,6
    Svalbard1 2 5264 2016 3429 7782,52,3
    1Svalbard er ikkje definert som fylke i lovens forstand, men i offisiell statistikk vert Svalbard behandla på lik linje med dei andre fylka i Noreg
    Standardteikn i tabellar
  • Kommersielle overnattingsverksemder. Overnattingar fordelt på bustadsland, utvalde land
    Kommersielle overnattingsverksemder. Overnattingar fordelt på bustadsland, utvalde land
    Mai 2024Mai 2023 - Mai 2024
    OvernattingarProsent
    I alt3 123 6806,6
    Utlandet i alt892 79016,3
    Norge2 230 8903,1
    Danmark50 64632,8
    Finland17 20016,2
    Sverige88 27816,4
    Belgia18 5146,1
    Frankrike44 05130,8
    Italia14 83561,4
    Nederland64 0542,5
    Polen31 85024,8
    Portugal5 13939,9
    Russland778-43,9
    Storbritannia54 83919,0
    Spania28 20814,4
    Sveits22 43016,5
    Tyskland193 95614,4
    Østerrike10 15121,7
    India7 91439,9
    Japan3 62068,8
    Kina10 150163,0
    Sør-Korea9 73910,6
    USA82 793-14,7
    Australia11 21835,8
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Overnattingsstatistikken omfattar kommersielle overnattingar og overnattingar i private fritidsbustader leigd via norsk formidlar. Kommersielle overnattingar omfattar overnattingar på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheim. Kommersiell overnatting er ein viktig del av norsk reiseliv. Formålet er å kartleggje nivået og utviklinga for den kommersielle overnattingstrafikken så fullstendig som mogleg. Tal omfattar ikkje overnatting formidla via utanlandske selskap, Airbnb og liknande. Kommersiell overnatting dekkjer både tilbod (tilgjengeleg kapasitet) og etterspurnaden av overnattingar kvar månad. Tal vert publisert på fylkesnivå og reiselivsregionar. Overnattingar i private fritidsbustader leigd via norsk formidlar vert publisert kvar månad på landsdelsnivå. Dette gjelder berre formidling av private fritidsbustader ikkje formidling av kommersielle verksemder.

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 11. mars 2024.

For alle overnattingsverksemder gjeld talet på verksemder som er registrerte som opne minst ein dag i perioden.

Kommersielle overnattingar. Omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, camping og vandrarheim.

Hotell og liknande overnattingsverksemder er verksemder som tilbyr overnatting, for ei natt eller fleire veker, kor det tilbys møblert overnatting i gjesterom eller suiter. Servicen gjeld dagleg reinhald av rom, men har ingen øvre avgrensingar i kva som blir tilbydt.

Bustadland: Internasjonale turistar skal klassifiserast i samsvar med det landet dei bur i, og ikkje i samsvar med statsborgarskap. Frå eit turismestandpunkt er kvar person som flyttar til eit anna land og har tenkt å bu der i meir enn eitt år, å sjå som tilhøyrande dette landet. Bustadland blir avgjort ved hjelp av spørsmål, eller for eksempel ved hjelp av adressa til personen, medan statsborgarskap går fram av personen sitt pass (eller anna legitimasjonsdokument).

Ei overnatting: Ein person som overnattar ei natt. Ein person kan ha fleire overnattingar på same stad.

Einingsdøgn: Ei eining (familie eller reisefølgje) som overnattar i ei hytte, leilegheit eller eit rom uavhengig av kor mange personar det er i eininga ei natt.

Ein ankomst er ein person som kjem for å overnatte. Ein personen blir tald berre ein gong, uavhengig av kor lenge personen blir.

Senger og rom på hotell gjeld talet på senger og rom i dei bedriftene som er registrerte som opne. Rom og senger er to ulike mål på kapasiteten ved eit hotell, fordi romma i ulik grad er enkelt- eller dobbeltrom. Eit hotell med til dømes berre dobbeltrom kan ha 100 prosent utnytting av romma, medan sengene berre er utnytta til 50 prosent. Kapasitetsutnytting av senger og rom kan såleis vise ulik utvikling frå ein periode til ein annan.

Kapasitetsutnytting av senger på hotell er talet på overnattingar i prosent av talet på sengedøgn, der sengedøgn er talet på senger i hotellet multiplisert med talet på døgn som hotellet har vore ope i perioden.

Kapasitetsutnytting av rom på hotell er selde rom i prosent av romdøgn, der romdøgn er talet på rom i hotellet multiplisert med talet på døgn som hotellet har vore ope i perioden.

Losjiomsetning ved hotella er omsetning for overnattingar, altså ikkje omsetning for eventuell servering, sjølv om måltid er inkludert i prisen for opphaldet.
Med oppgåver over losjiomsetning, talet på overnattingar og selde rom, kan ein berekne gjennomsnittlege prisar både per overnatting og per rom. Nokre verksemder endrar kapasitet i året. Med opplysningar om senge- og romkapasiteten i verksemda dei ulike månadene, vert talet på senger og rom på års- eller sesongbasis berekna som eit månadleg gjennomsnitt.
1. januar 2016 og 1. Januar 2018 auka den låge meirverdiavgiftssatsen med 2 % frå høvesvis 8 til 10 % i 2016, og frå 10 til 12 % i 2018. Under koronapandemien vart den låge merverdiavgiftssatsen redusert til 6 %, gjeldande frå 1. april 2020 til 31. september 2021. Frå og med 1. oktober 2021 var den tilbake til 12 prosent. Det er i motsetning til serveringsomsetning som har 25 prosent. For å lette arbeidet som verksemda har med fordeling av pensjonsprisen mellom omsetning med låg og høg sats, kan verksemdene nytte Finansdepartementet sine forskrifter av 28. november 1977.

Formål for opphaldet.

Under inndelinga «Kurs eller konferanse» førast gjester som er på kurs eller konferanse, uavhengig av om kurset arrangerast på overnattingsstaden eller i området.

Under «Yrke» førast handelsreisande, offentleg ansatte, forretningsdrivande, montørar, reparatørar eller liknande som overnattar på hotell i samband med utføring av yrket.

Under «Ferie/fritid» førast antall overnattingar for gjester som har ferie og fritid som formål med opphaldet.

Familiemedlemmar som reiser saman med nokon som enten overnattar med «yrke» eller «kurs og konferanse» som formål føres også under dette formålet, sjølv om deira formål er ferie eller fritid. Årsaka til dette er at det er rimeleg å anta at dei ikkje ville utført denne overnattinga om det ikkje var for reisa som den yrkesreisande eller den som skal på kurs eller konferanse gjennomfører.

Hyttegrender er hytter, leilegheiter og rom som er tilrettelagd for sjølvstell og organisert som ei samling av enkeltståande einingar. Ved sjølvstell er graden av service vanlegvis redusert og inkluderer til dømes ikkje dagleg oppreiing av senger og vask av rom og eventuelle sanitæranlegg som hyttene måtte vere utstyrte med. Verksemdene må vere under felles leiing, med eigen resepsjon og drive på kommersiell basis.

Campingplassar er verksemder som tilbyr ein plass for campingbilar, bubilar, telt eller tilsvarande som kan nyttast til overnatting. Dei kan også tilby overnatting i hytter, men dersom dei berre har hytter blir de definert som hyttegrend.
Totalkapasitet for campingplassen er summen av alle hytter, rorbuer, leilegheiter og oppstillingsplassar for telt, campingvogn, bubil eller sesongkontraktar.

Sesongkontrakt: Campingvogn eller telt på fast kontrakt (sesongkontrakt) er leige av fast plass for vogn eller telt til ein pris uavhengig av kor mykje den er i bruk.

Private fritidsbustader: Private hytter, hus, leilegheiter, rom o.l. som primært er bygd/kjøpt for å tene eigars eige behov for fritid og rekreasjon, i motsetnad til hytter som er bygd for kommersielle formål.

Landsdel: Regionalt nivå mellom fylke og heile landet. Landsdelane er satt saman av fylker.

Reiselivsregion er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune (67 regionar i alt). Reiselivsregionane har blitt utpeikt av reiselivskontor eller andre einingar innanfor reiselivet i samarbeid med SSB. Reiselivsregionar kan ikkje krysse fylkesgrensene.

Undersøkinga nyttar Standard for næringsgruppering 2007 (SN2007) som standard klassifikasjon. Dette er en norsk tilpassing av EUs standard NACE som utgjer grunnlaget for klassifisering av einingar etter viktigaste aktivitet i SSBs virksomhets- og foretaksregister. Sjå NACE 55 (Overnattingsvirksomhet) i https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/6.

Standard for fylke: https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/104
Standard for kommune: https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/131
Standard for reiselivsregionar: https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/527
Standard for landsdel: https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/106

Namn: Overnattingar
Emne: Transport og reiseliv

2. august 2024

Seksjon for næringslivets konjunkturer

Fylke, landsdel og reiselivsregionar. Kommersielle overnattingar vert publisere for fylke og reiselivsregionar. Formidling av private fritidsbustader leigd via norske formidlarar vert publisert for landsdelar. Ein kan tinge statistikk inndelt etter andre geografiske einingar.

Hyppigheit: Månad

Aktualitet: Om lag 3 til 4 veker etter utgangen av referansemånaden.

SSB rapporterar statistikken til følgande internasjonale organisasjonar:

  • EUs statistikkontor (Eurostat)
  • Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD)
  • Dei sameinte nasjonane (SN), herunder SN sin organisasjon innan turisme UNWTO)

SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.

SSB kan gje tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på, til forskarar og til offentlege myndigheiter som skal utarbeide statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gjeven etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data fra SSB.

Kommersiell overnattingstrafikk er ein viktig del av norsk reiseliv. Formålet er å kartleggje nivået og utviklinga for den kommersielle overnattingstrafikken så fullstendig som mogleg.

Hotellstatistikken vart etablert i 1950. Campingstatistikken vart etablert i 1968. Hyttegrendstatistikken vart etablert i 1998. Statistikk over formidling av fritidsbustader vart etablert i 1999 (hytteformidling). Tal for vandrarheim vart publisert for første gong i SSB sin årlege publikasjon i 1965, men er tekne inn som ein del av den månadlege publiseringa frå og med juli 2002. Vandrerhjem blei slått saman med Hyttegrender frå 2020 for å kunne publisere tal på fylkesnivå for denne gruppa.

Tal for formidling av fritidsbustader er tekne inn som ein del av den månadlege publiseringa frå og med januar 2021. Frå og med januar 2020 er utvalet betydeleg utvida. Dette betyr at fleire bedrifter og overnattingar er registrert utan at det nødvendigvis betyr fleire reelle gjester og overnattingar via norske formidlarar samanlikna med åra før. Tall frå 2020 er difor ikkje direkte samanliknbare med tall før 2020.

Statistikkane vert nytta av offentlege myndigheiter, organisasjonar, konsulentfirma og forskingsinstitusjonar innanfor reiselivet samt internasjonale organisasjonar som til dømes Eurostat. Kartlegginga av turisttilstrøyminga til Noreg er viktig som grunnlag for forsking og ikkje minst som oppfølging av marknadsføringa av Noreg i utlandet og som grunnlag for oppfølging av myndigheitene si satsing på reiseliv som vekstområde.

Internt i Statistisk sentralbyrå er Nasjonalrekneskapen ein sentral brukar.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Nasjonalrekneskapen nyttar hotellstatistikken i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen. Hotellstatistikken sine tal for norske overnattingar vert nytta for å kvalitetssikre Reise- og Ferieundersøkinga.

Overnattingsstatistikkane vert nytta til utrekningar i den kvartalsvise omsetningsindeksen for samferdsel og reiseliv. I tillegg vert tala nytta til å kvalitetssikre strukturundersøkinga for hotell- og restaurant.

Rådsforordninga (EU) nr. 1165/98 av 19. mai 1998 om korttidsstatistikk.
Forordninga (EU) nr. 692/2011.

Statistikken omfattar hotell og andre overnattingsverksemder, campingplassar, hyttegrender, vandrarheim (NACE 55.1 - 55.3) samt formidling av private norske hytter, hus, leilegheiter, rom og liknande via norske formidlarar.

Hotellstatistikken omfattar alle hotell og liknande overnattingsbedrifter (fullteljing).
Statistikken byggjer på månadsvise oppgåver over talet på overnattingar fordelte etter landet gjesten bur i og på gjesten sitt formål med opphaldet. Hotellene rapporterer også losjiomsetning, selde rom og ankomst fordelt på nordmenn og utlendingar.

Campingstatistikken omfattar alle plassar med ein kapasitet på minst 20 utleigeeiningar, oppstillingsplassar for campingvogner, bubilar, telt og eventuelle sengeplassar i hytter.

Hyttegrendstatistikken omfattar alle hyttegrender med ein kapasitet på minst 10 sengeplassar.

Alle vandrarheimar inngår i statistikken.

Formidling av private fritidsbustader omfattar alle norske formidlarar som formidlar gjester til private norske hytter, hus, leilegheiter, rom og liknande. Formidling av fritidsbustader lista via oppslagstavler, som til dømes finn.no inngår ikkje i statistikken. Det er berre overnattingar der bestillingar er gjort via formidlarar som inngår.

Statistikken for campingplassar, hyttegrender og vandrarheim byggjer på månadsvise oppgåver over enten talet på einingsdøgn eller overnattingar. Dei blir fordelt etter landet gjesten bur i. Dei rapporterer også ankomster dersom de kan rapportere overnattingar, medan dei rapporterer talet på innsjekkingar dersom de rapporterer einingsdøgn.

Statistikken for formidling av fritidsbustader byggjer på månadsvise oppgåver over talet på overnattingar. Dei blir fordelt etter gjestane sitt bustadsland og fylket dei overnatta i. Dei rapporterer også ankomster. Ankomster nyttast berre for kontroll av logiske og matematiske feil.

Nasjonalitetsfordelinga for alle statistikkane er i samsvar med EUs direktiv for turismestatistikk.

Rapportering via ALTINN. Dette skjer gjennom sjølvutfylling av skjema eller via einingane sine bookingsystem.

Hotellstatistikken, vandrarheim og formidling av fritidsbustader er baserte på fullteljing, medan alle campingplassar med meir enn 20 utleigeeiningar og hyttegrender med meire enn 10 sengeplassar inngår i utvalet.

Svarfrist er 10 dagar etter utløpet av teljingsmånaden. Alle statistiske data vert kontrollerte for matematiske og logiske feil.

Med editering meiner vi kontroll, gransking og endring av data.

Det er om lag 2 prosent som ikkje svarer på undersøkinga. Det blir korrigert for dette fråfallet med bakgrunn i opplysningar frå andre som har svart

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang. Grunnen er at det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskelege å direkte tolke utviklinga frå månad til månad. Klikk her for meir informasjon om kvifor tala sesongjusteres.

Overnattingsstatistikken sesongjusteres ved bruk av X-12 ARIMA metoden. Seriane blir kontrollert blant annet for høg og låg sesong, bevegelege heilagdagar og ekstreme verdiar. Se fanen «Om sesongjustering» for meir informasjon om korleis overnattingsstatistikken sesongjusteres.

Tilsette i SSB har teieplikt.

SSB offentleggjer ikkje tal dersom det er fare for at bidrag frå oppgåvegivar kan bli avslørte. Dette fører til at tal som hovudregel ikkje blir publiserte dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, eller dersom bidrag frå ein eller to oppgåvegivarar utgjer ein svært stor del av celletotalen.

SSB kan gjere unntak frå hovudregelen dersom det følgjer av krav til statistikk i EØS-avtalen, oppgåvegivar er offentleg myndigheit, oppgåvegivar har samtykt, eller når opplysningane som blir avslørte er ope tilgjengeleg i samfunnet.

Meir informasjon finn du i avsnittet ‘Konfidensialitet’ på SSBs side om metodar i offisiell statistikk.

For å sikre konfidensialitet blir metoden 'undertrykking' nytta i denne statistikken.

Hotellstatistikken vart etablert i 1950. På grunn av endringar i omfang, kan ein ikkje samanlikne statistikken i heile perioden. I samband med endringa i hotellova i 1984 vart godkjenningsordninga oppheva og fleire hotell vart inkludert i statistikken. Det har vore fleire utvidingar, seinast i 2020. Ein kan likevel samanlikne hotellstatistikken frå 1985 til i dag.

Campingstatistikken vart etablert i 1968, omfanget er endra fleire gongar seinare. I 1988 vart det etablert eit register med opplysningar om opningstid og kapasitet for alle plassane som gjorde det mogleg å berekna tal for dei som ikkje har svart. I 1998 vart omfanget utvida samt at også overnattingar ved bruk av sesongkontrakter vart registrerte i statistikken. Campingstatistikken vart utvida til månadleg publisering. Overnattingsstatistikken for campingplassar kan samanliknast frå 1998.

Hyttegrendstatistikken vart etablert i 1998 Overnattingsstatistikken for hyttegrender kan samanliknast frå 1998.

Statistikk over formidlinga av private fritidsbustader vart etablert i 1999 som hytteformidling. Utanlandske formidlarar var med i statistikkgrunnlag fram til 2005. Statistikklova heimlar ikkje statistikkplikt for dei utanlandske formidlarane. Det er frivillig å rapportera for utanlandske formidlarar. Frå 2006 rapporterer berre formidlarar som enten er norske eller utanlandske som har verksemd i Noreg. Frå og med januar 2020 har utvalet auka. På grunn av endringar i omfang, kan ein ikkje direkte samanlikne statistikken i heile perioden.

Tal for Svalbard vart inkludert i 2013.

I januar 2013 vart produksjonsrutinane vesentleg endra. Ein fekk ny nedre grense for å vere med i statistikken (cut off) basert på internasjonale retningsliner. Overnattingsverksemder i Virksomhets- og foretaksregisteret utgjer populasjonen. Dette førte til at vesentleg fleire verksemder kom med i statistikken.

Frå januar 2017 er rapporteringa til overnattingsstatistikken lagt om til Altinn. I samband med omlegginga vart det gjort endringar i skjema. Ved overgangen til Altinn, utvida SSB landlista. Alle europeiske land vart nå dekket av statistikken Kategorien "Europa elles" vart fjerna. I tillegg har fleire land vorte inkludert i statistikken over tid, som har påverka kategorien «Asia elles». Det vart òg høve til å rapportere via sluttbrukarsystem (typisk bookingsystem).

SSB arbeider kontinuerleg for å betre innrapporteringa, og kvaliteten på statistikken vil gradvis bli betre.

Målefeil er skilnaden mellom sann verdi og målt verdi. Feilen er knytta til ein enkeltmåling. Den har talverdi og fortekn. Målefeil kan skuldast spørjeskjemaets utforming eller oppgåvegjevar sitt system for innhenting av informasjon. Innføring av elektronisk rapportering har bidrege til å redusere omfanget av målefeil da logiske kontrollar er integrert i spørjeskjemaet. I tillegg er det lagt ned store ressursar i betre skjemadesign.

Bearbeidingsfeil er feil som oppstår under databehandlinga i SSB. Typiske eksempel er at korrekte tall blir vurdert som uriktige av revisor og blir feilaktig retta. Elektronisk rapportering av skjemadata (via Altinn-portalen) reduserer faren for bearbeidingsfeil.

Fråfallsfeil er feil som enten kjem av einingsfråfall, det vil seia at eininga har unnlate å svara, eller partielt fråfall, det vil seia at eininga har unnlate å svara på minst eit av spørsmåla i undersøkinga. For overnattingsstatistikken er einingsfråfallet på under 3 prosent ved endeleg produksjonsfil. Kritiske einingar, det vil seia verksemder med vesentleg innverknad på resultata på detaljert nivå, blir kontakta i forkant av publisering. Det er rekna på effekten av einingsfråfall i undersøkinga. Det er ikkje avdekt systematiske skeivheiter. Partielt fråfall (felt utan svar er ikkje mogleg for innsending via Altinn.

Utvalsfeil er feil som oppstår fordi statistikken er basert på eit tilfeldig utval og ikkje på heile populasjonen. Det kan hende at informasjon som er samla inn om einingane i utvalet, ikkje reflekterer heile populasjonen. Overnattingsstatistikken er basert på fullteljing. Utvalsfeil er difor ikkje relevant.

Dekningsfeil er avvik mellom populasjonen vi ønsker å måle og for den populasjonen som vi faktisk brukar i undersøkinga. Desse avvika kan f.eks. skuldast at nokon einingar manglar pga. sein oppdatering av register. Det er rekna på effekten av dekningsfeil i undersøkinga. Omfanget av dekningsfeil antas ikkje å være større enn for anna kvantitativ statistikk.

Modellfeil er feil som skuldast at modellen som statistikken er basert på ikkje er spesifisert riktig og oppstår først og fremst i samband med sesongjustering av tidsseriar som er basert på modellering av sesongvariasjon. I undersøkinga blir tidsseriane for hotellovernattingar sesongjustert for internt bruk. Sesongjusterte tal vert foreløpig ikkje publisert i statistikkbanken.

Ikkje relevant

For månadstal er det ofte betydelege sesongvariasjonar som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå periode til periode. For å lette tolkinga av slike tidsseriar, blir dei sesongjusterte ved bruk av X-12-ARIMA eller andre verktøy for sesongjustering.

For meir generell informasjon om sesongjustering og omgrepa knytt til justeringa, sjå Generelt om sesongjustering (pdf).

Overnattingsstatistikken varierer frå månad til månad. I juli til dømes er tala høge samanlikna med dei andre månadene i året på grunn av ferieavvikling. Dette saman med bevegelege heilagdagar som påske vanskeleggjer ei direkte samanlikning frå ein månad til ein annan. For å justere for desse forholda blir overnattingsstatistikken sesongjustert, slik at ein kan analysere den underliggande utviklinga av overnattingar og omsetning.

Seriar som blir sesongjusterte

For overnattingsstatistikken blir det publisert 130 sesongjusterte seriar: overnattingar på hotell etter fylke, overnattingar på campingplassar og hyttegrender etter fylke og omsetning på hotell etter fylke.

I tillegg blir det publisert sesongjusterte tal aggregert for heile landet.

Prekorrigering er korrigering av rådata for kalendereffektar og ekstremverdiar før det blir gjennomført ei sesongjustering.

Det blir gjennomført ein detaljert prekorrigering av enkelte seriar/hovudseriar. Andre seriar blir behandla ved å bruke standard opsjonar i sesongjusteringsverktøyet (sjå X-12-ARIMA-manualen nedanfor).

Kalenderjustering

Kalenderjustering inneber både å justere for yrkedagar og for bevegelege heilagdagar. Korrigering for yrkedagar betyr at vi justerer rådata for at både talet på arbeidsdagar og samansetninga av dei kan variere frå periode til periode.

Det blir gjennomført kalenderjustering på alle seriar som viser signifikant og plausibel kalendereffekt innanfor ein robust statistisk tilnærming, som regresjon eller RegARIMA-prosedyre (ein regresjonsmodell der støyleddet er modellert ved ein ARIMA-modell). Kalenderregresjonsvariable er omarbeidd i samsvar med dei norske høgtids- og heilagdagane.

Metode for justering for yrkedagar

Det blir korrigert ved hjelp av RegARIMA-modellering: Effekten av yrkedagar er estimert ved å bruke ein korreksjon for månadslengde når ein òg tar omsyn til førekomsten av skotår. Regressoren som blir brukt er gitt ved talet på yrkedagar. Innanfor RegARIMA-modellering blir effekten av yrkedagane estimert, og ein får ein ARIMA-struktur for residualane.

Justering for bevegelege heilagdagar

Det blir justert ved hjelp av estimering av varigheita for effekten av dei bevegelege heilagdagane, spesielt tilpassa norske forhold. Sjå notat: Ny metode for påskekorrigering for norske data, Notater 2007/43, Statistisk sentralbyrå.

Nasjonal og EU/euroområde-kalender

Det blir nytta ein kalender basert på norske høgtids- og heilagdagar.

Behandling av ekstreme verdiar

Ekstreme verdiar, også kalla utliggarar, er unormale verdiar i serien.

Seriane blir kontrollerte for ekstreme verdiar, og identifiserte ekstreme verdiar blir forklarte/modellerte med bruk av all tilgjengeleg informasjon. Når det gjeld ei klar tolking av årsaka til dei ekstreme verdiane (t.d. streik eller konsekvensar forårsaka av endringar i politikken m.m.), blir dei inkluderte som regressorar i modellen.

Val av modell

For å prekorrigere er det nødvendig å velje ein ARIMA-modell, og dessutan avgjere om data bør log-transformerast eller ikkje.

Modell blir vald automatisk etter etablerte rutinar i sesongjusteringsverktøyet. Det blir gjort ein log-transformering av rådata for prekorrigering av seriane i overnattingsstatistikken.

Dekomponeringsrutinar

Dekomponeringsrutinen spesifiserer korleis trend- og sesongkomponent og irregulær komponent blir dekomponert. Dei mest vanlege dekomponeringane er additiv, multiplikativ og log additiv.

Det blir gjort eit multiplikativ val av dekomponeringsrutine.

Val av sesongjusteringsmetode

X12-ARIMA

Konsistens mellom rådata og sesongjusterte tal

I enkelte seriar er det ønskeleg at til dømes sum (gjennomsnitt) månadsvise sesongjusterte tal for eit år skal vere identisk med sum (gjennomsnitt) månadsvise tal i den opphavlege råserien.

Ingen konsistensvilkår blir pålagde for overnattingsstatistikken.

Konsistens mellom aggregat/definisjonar for sesongjusterte tal

I enkelte seriar blir det pålagt konsistens mellom sesongjusterte totalar og underaggregat. I tillegg er det for enkelte tidsseriar eit forhold mellom dei ulike seriane, til dømes hotellovernattingar som er lik overnattingar i alt minus campingovernattingar.

Ingen konsistensvilkår blir pålagde for overnattingsstatistikken.

Direkte eller indirekte metode

Ein direkte metode er nytta dersom tidsseriar for ein total og tilhøyrande underaggregat alle er sesongjusterte kvar for seg. Ein indirekte metode er nytta for total dersom tidsseriar for dei tilhøyrande underaggregata er sesongjusterte direkte, og det deretter er gjort ei aggregering til totalnivå.

Direkte metode blir nytta, der rådata blir aggregert, og komponentane og aggregata blir sesongjusterte direkte med same tilnærming og programvare. Manglande samsvar på tvers av aggregeringsstrukturen blir ikkje fjerna.

Tidshorisont for estimering av modell og utrekning av korrigeringsfaktorar

Når sesongjusteringa skal gjennomførast, er det mogleg å velje kva periode som skal brukast i estimeringa og utrekninga av korrigeringsfaktorane. Med korrigeringsfaktorar meiner vi faktorar for å prekorrigere og sesongjustere tidsserien.

Heile tidsserien frå 2005 blir brukt for å berekne modell og korrigeringsfaktorar for hotellovernattingar og omsetning for hotella. For campingplassar og hyttegrender byrjar tidsserien i januar 2013. For Svalbard byrjar tidsserien i januar 2010.

Revisjonsrutinar i bruk

Sesongjusteringa kan bli endra ved at det kjem til nye observasjonar eller rådata blir endra. Dette blir kalla revisjon, og det finst fleire måtar å handtere revisjon på i offentleggjeringa av statistikken.

Sesongjusterte data blir reviderte ein gang i året uavhengig av revisjon av tidlegare rådata.

Løpande eller faste val i sesongjusteringa

Modell, sesongfilter, ekstremverdiar og regresjonsparametrar blir reidentifiserte og estimerte løpande kvar gang nye eller reviderte rådata er tilgjengelege.

Tidshorisont for publisering av reviderte tal

Perioden for revisjon av sesongjusterte tal blir avgrensa til 3–4 år (helst 4 år) før eldste reviderte råtal (eller nye tal), medan tidlegare sesongjusterte tal blir frosne.

Evaluering av sesongjusterte tal

Dei forskjellige kvalitative indikatorane som sesongjusteringsverktøyet produserer, blir evaluert kontinuerleg/periodevis.

Kvalitetsindikatorar

For å behandle dei fleste seriar blir det brukt eit avgrensa utval av diagnostikk og grafiske moglegheiter som sesongjusteringsverktøyet produserer.

Det er laga ein tabell for enkelte indikatorar på kvalitet i sesongjusterte tal. Tabellen dekker alle sesongjusterte tal. Denne tabellen er tilgjengeleg her: Kvalitetsindikatorer for sesongjusterte tal.

Forklaringar på indikatorane i tabellen finn ein i kapitel 4 i SSBs Metadata - Statistiske metoder – Sesongjustering.

Sesongjustering av korte tidsseriar

Vi har tal for mange nok år for alle dei korte seriane i statistikken til å gjennomføre sesongkorrigeringsrutinar på ein optimal måte.

Behandling av vanskelege tidsseriar

Nokre seriar er problematiske og vart behandla på ein spesiell måte. Nye store verksemder fører til plutselege endringar i seriar. Desse vart definert som ekstremverdiar. Andre seriar blir behandla ifølgje vanlege rutinar.

Berre ved heilt openberr inkonsistens blir seriar behandla spesielt.

Handtering av koronakrisa

Koronakrisa påverkar statistikken på fleire måtar som er viktig å ta omsyn til i tolkinga av tala. Vi har følgt Eurostat sine retningsliner som seier effekten av koronakrisa ikkje skal inngår i grunnlaget for sesongmønsteret. Inntil videre spesifiserer vi mars 2020 og følgjande månader som ekstemverdiar.

Tilgjengelegheit

Ujusterte eller originalseriar (rådata), sesongjusterte og glatta sesongjusterte seriar (trendseriar) er tilgjengelege.

I glatta seriar (eller trend i X-12 ARIMA samanheng) er tilfeldige variasjonar fjerna. Glatta seriar viser den langsiktige utviklinga kvar de meir kortsiktige svingingar er fjerna.

Formidling

I tillegg til ujusterte seriar blir det det formidla sesongjusterte og glatta sesongjusterte seriar.

Kontakt