Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 1,8 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheim. i februar 2022. Det var 853 000 fleire overnattingar enn februar i fjor, ei auke på 92 prosent.
Norske overnattingar auka med 57 prosent, medan det var meir enn fem gonger så mange utanlandske overnattingar. Trass auka mangla framleis tre av ti utanlandske overnattingar samanlikna med februar 2020.
Etter tre månader med nedgang i Talet på overnattingar varierer i løpet av året og mønsteret gjentar seg kvart år. Sesongjustering nyttast for å fjerne det vi kallar sesongvariasjonar, som for eksempel ferieavvikling, frå månadlege eller kvartalsvise statistiske tidsseriar. Justeringa for sesongmønsteret, gjer det mogleg å følgje den underliggande utviklinga frå månad til månad., viser tala ein oppgang på 33 prosent frå januar 2022 til februar 2022.
– Etter gjenopning av landet var februar ein betre månad for mange i reiselivsbransjen. Vi ser ein spesielt stor auke i talet på utanlandske overnattingar i Oslo og Tromsø. Samtidig fortel fleire vinterdestinasjonar om mange overnattingar frå Danmark og Sverige, seier rådgjevar Guro Henriksen i SSB.
Grensene inn til Noreg vart gjenopna i februar. Talet på utanlandske overnattingar er det høgaste sidan september 2021. Justert for sesongvariasjonar er det det høgste talet på utanlandske overnattingar sidan før pandemien. Flest utanlandske overnattingar i februar var det frå Danmark, Sverige, Storbritannia og Tyskland. Talet på danske overnattingar var på nivå med åra før pandemien. Medan talet på overnattingar får dei andre landa, framleis er lågare enn det det var før 2020.
Sterk vekst for hotella
Det var totalt 1,3 millionar overnattingar på hotell i februar i år. Det er ein dobling samanlikna med februar i fjor.
22 prosent av hotellovernattingane var utanlandske. Dette er omtrent som før pandemien. Delen utanlandske overnattingar var nede i 9 prosent i februar 2021.
– Talet på hotellovernattingar auka i alle fylka. Det var nesten fire gonger så mange hotellovernattingar i Oslo i februar 2022, samanlikna med same månad i fjor, medan det var om lag tre gonger så mange overnattingar på Svalbard og i Troms og Finnmark. Minst var auken i Rogaland og Agder, seier Guro Henriksen.
Talet på overnattingar på campingplassar, vandrarheimar og hyttegrender i februar 2022 var høgare enn åra før pandemien.
Mindre oppgang i Noreg enn i Europa i 2021
Førebelse tal frå Eurostat syner at talet på overnattingar i EU-landa (27 land, frå 2020) auka med 27 prosent frå 2020 til 2021. Samanlikna med 2019 var det ein nedgang på 37 prosent. Blant dei landa som har rapportert tal for 2021 er oppgangen i talet på overnattingar størst i Spania og Italia. I Sverige, Danmark og Finland auka talet på overnattingar med høvesvis 25, 23 og 22 prosent frå 2020 til 2021. Talet på overnattingar i Noreg auka med 14 prosent.
Tal frå EU-landa for 2021 syner at to av tre overnattingar vart gjort av landets borgarar, i 2019 vart litt over halvparten av overnattingane gjort av landets borgarar. I Noreg var ni av ti overnattingar i 2021 gjort av nordmenn, mot sju av ti i 2019.
I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang. Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.
Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Overnattingsverksemdene har blitt kraftig påverka av dette, noko som har ført til at aktivitetsmønsteret frå mars 2020 har vore annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjort på ein slik måte at tal frå og med krisa inntrefte ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjort ved å spesifisere mars 2020 og følgjande månader som ekstremverdiar. Dette betyr at glatta sesongjustert ikkje vil bli berekna og i staden vil glatta sesongjusterte tal og sesongjusterte tal følgje kvarandre. Eit viktig unntak er siste observasjon, der glatta sesongjustert tal berre er ein framskriven verdi og siste observasjon inngår ikkje. Glatta sesongjusterte tal frå og med mars 2020 vil såleis være vanskelege å tolke. SSBs sesongjustering er i tråd med anbefalingar frå Eurostat.
I midten av februar fjerna regjeringa alle forskriftsfesta tiltak mot covid-19 inkludert krav om ein meters avstand og innreisekrav, som plikt til registrering og negativ test før innreise til Noreg. For meir informasjon, sjå regjeringa sine nettsider. I samsvar med Eurostat, inngår ikkje karantenehotell i overnattingsstatistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Netter på karantenehotell er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle karanteneovernattingar. Difor er opphald på karantenehotell delvis inkludert i tala for overnattingsstatistikken i februar. Hotell som er reine karantenehotell er halde utanfor statistikken.