Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 2,4 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheim. i april 2022. Det er nesten 1,5 millionar fleire enn april i fjor, ei auke på 167 prosent.
– Etter to år med restriksjonar knytt til reising, og få utanlandske gjester, ser vi no at nivået på overnattingar er tilbake til nivået før pandemien Samanlikna med april 2019, var det i år fleire norske overnattingar, og nesten like mange utanlandske overnattingar, seier rådgjevar Guro Henriksen i SSB.
– Auken i overnattingar må også ses i lys av at det i april 2022 var fleire opne verksemder enn i april 2021. I tillegg var påsken i 2021 delvis i mars, medan den var i april i år, seier Guro Henriksen.
Korrigert for Talet på overnattingar varierer i løpet av året og mønsteret gjentar seg kvart år. Sesongjustering nyttast for å fjerne det vi kallar sesongvariasjonar, som for eksempel ferieavvikling, frå månadlege eller kvartalsvise statistiske tidsseriar. Justeringa for sesongmønsteret, gjer det mogleg å følgje den underliggande utviklinga frå månad til månad. auka talet på overnattingar i april på hotell, campingplassar og vandrarheimar med 4,4 prosent frå førige månad. Desse tala syner også at talet på utanlandske overnattingar, som har vore lågt gjennom heile pandemien, no er på veg opp. Dei norske overnattingane har variert meir, med toppar i sommarmånadene når nordmenn ferierte meir i heimlandet, og ser no ut til å være tilbake på same nivå som før pandemien.
Hotellovernattingar i særklasse
1,7 millionar av overnattingane i april skjedde på hotella. Talet er meir enn tre gonger høgare enn i april i fjor, og med det den beste april månad i statistikkens historie.
Norske overnattingar auka med 974 000, medan utanlandske overnattingar på hotella auka med 210 000 frå april i fjor. 16 prosent av hotellovernattingane var utanlandske, som er litt lågare enn åra før pandemien.
Talet på hotellovernattingar auka i alle fylka. Auken var størst i Oslo og Viken, med høvesvis 553 og 379 prosent samanlikna med april i fjor. Til og med i fylket med minst prosentvis auke – Møre og Romsdal – var det nesten ein dobling i talet på overnattingar.
Fleire overnattingar på campingplassar og hyttegrender
Det var 347 000 overnattingar ved norske campingplassar i april, ein auke på 50 prosent frå april 2021. Det var 89 000 fleire norske overnattingar og 26 000 fleire utanlandske overnattingar.
Ved hyttegrender var det 300 000 overnattingar ein auke på 137 prosent frå april 2021.
I samsvar med definisjonar frå Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av april, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 1000 og 2000 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i april månad i Noreg.
I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang. Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.
Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Overnattingsverksemdene ble kraftig påverka av dette, noko som førte til at aktivitetsmønsteret frå mars 2020 til tiltaka ble oppheva i februar 2022 var annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa ble gjort på ein slik måte at tal frå og med krisa inntrefte til tiltaka ble avvikla ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, ble dette gjort ved å spesifisere mars 2020 og alle månader til og med mars 2022 som ekstremverdiar. Dette betyr at glatta sesongjustert ikkje vil bli berekna og i staden vil glatta sesongjusterte tal og sesongjusterte tal følgje kvarandre i perioden mars 2020 til og med mars 2022. Glatta sesongjusterte tal i denne perioden vil såleis være vanskelege å tolke. SSBs sesongjustering er i tråd med anbefalingar frå Eurostat.