Det var 1,2 millionar norske og 451 tusen utanlandske hotellovernattingar i januar i år, ein auke på høvesvis 3,2 og 23 prosent frå januar 2024.

Talet på utanlandske Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar.ved norske hotell har auka kraftig dei siste åra og Noreg har blitt eit meir attraktivt reisemål, også om vinteren. I januar i år var det 19 prosent fleire utanlandske hotellovernattingar enn i same månad i 2020. Utanlandske overnattingar utgjorde 24 prosent av hotellovernattingane i januar 2020, i år auka dette til 27 prosent.   

– Aldri før har det vore registrert så mange utanlandske hotellovernattingar i januar månad. Det kan være fleire årsaker til auken, blant anna fleire direkte flyruter, spesielt til Nord-Noreg og ein sterkare marknadsføring av Noreg som reisemål, seier rådgjevar Boyd Oyier i Statistisk sentralbyrå.   

Samstundes gjer låg kronekurs det billigare for utanlandske turistar å feriere i Noreg. 

Figur 1. Hotellovernattingar etter bustadland. Januar 2019 -2025

Legg vi til overnattingar på campingplassar,Alle bedrifter med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheimar., var det totalt 2 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsbedrifter i januar 2025. Det er 152 tusen fleire enn i januar i fjor syner nye tal frå overnattingsstatistikken.

Auke i hotellovernattingar i alle fylka

Samanlikna med januar i fjor var det ein auke i talet på hotellovernattingar i alle fylka og på Svalbard. Hotellovernattingar i Oslo, Akershus og Nordland bidrog mest til den samla oppgangen i januar 2025. Desse tre fylka stod for halvparten av auken i talet på hotellovernattingar. Talet på utanlandske overnattingar auka i nesten alle fylka, og mest i Oslo og Troms. Norske overnattingar auka mest i Trøndelag og Akershus.

Flest hotellovernattingar hadde Oslo med 366 tusen overnattingar, følgt av Vestland med 190 tusen overnattingar.

I prosent auka hotellovernattingane mest i Nordland og Finnmark, begge med 29 prosent. Det var ein marginal auke i Innlandet.

Det var størst auke i hotellovernattingar med fritid som formål. Talet på fritidsovernattingar auka mest i Oslo og Vestland.

Noko av veksten i Nordland kjem av at nokon bedrifter som er med i utvalet no, ikkje var inkludert i undersøkinga i januar 2024 sjølv om dei var i drift.

Sett bort frå desse bedriftene er det framleis klar vekst frå januar 2024 til januar 2025.

Figur 2. Prosentvis endring i hotellovernattingar etter fylke. Januar 2024-januar 2025

Stor auke i losjiomsetning på hotell

Omsetning for overnattingar skal ikkje omfatte omsetning for eventuell servering, sjølv om måltid er inkludert i prisen for opphaldet. ved norske hotell var på nesten 1,6 milliardar kroner i januar i år. Samanlikna med januar 2024 auka losjiomsetninga med 13 prosent, medan talet på hotellovernattingar auka med 8 prosent. Dei største bidraga for den samla auken i losjiomsetning kom frå Oslo og Troms fylke. Her auka losjiomsetninga med høvesvis 15 og 20 prosent.

Fleire hotell har rapportert om høgare pris per gjestedøgn. Den generelle auken i prisnivået i Noreg ser vi også i auka pris per rom, seier Oyier.

Omsetning for overnattingar som ikkje omfattar omsetning for eventuell servering og meirverdiavgift delt på utleigde rom. var 1 323 kroner, ein auke på 8,1 prosent frå januar i fjor. Samanlikna med januar i fjor har prisen per rom auka i alle fylke. Størst var auken i Troms og Vestfold.

 

Større oppgang i Noreg enn i EU-landa i 2024

Tal frå det europeiske statistikkbyrået Eurostat, syner at det totale talet på overnattingar i EU-landa (27 land) auka med 2 prosent frå 2023 til 2024 (ec.europa.eu).

Det var 3 milliardar overnattingar ved kommersielle overnattingsstader i EU-landa i 2024.

Blant dei 27 EU-landa var auken i talet på overnattingar frå 2023 størst i Spania og Italia. Det var ein auke i talet på overnattingar i dei fleste land i Europa.

Frå 2023 til 2024 var den  prosentvis  auken i kommersielle overnattingar i EU landa størst på Malta og i Latvia med høvesvis 14 og 7,4 prosent. I Sverige og Finland var overnattingstala om lag uendra. I Danmark auka talet på overnattingar med 2,4 prosent. I Noreg auka overnattingane med 4,2 prosent i same periode.

Figur 3. Prosentvis endring i overnattingar ved kommersielle overnattingsbedrifter i EU (27 land) og Noreg. 2023 til 2024

Fleire campingovernattingar i januar 2025

  • 112 tusen overnattingar på campingplassar
  • 15 prosent oppgang frå januar 2024
  • Norske overnattingar gjekk opp 10 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 38 prosent

Overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar i januar 2025

  • 233 tusen overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar
  • 6,8 prosent oppgang frå januar 2024
  • Norske overnattingar gjekk ned 4,8 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 17 prosent