Samla var det om lag 2,4 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, camping og vandrarheim. i oktober 2021, ifølgje nye tal frå overnattingsstatistikken. Det er ei auke på 6 prosent frå oktober 2019. Samanlikna med oktober i fjor, der mykje av samfunnet var stengt ned, var det ei auke på 57 prosent.

- Vi har aldri sett over 2 millionar norske overnattingar i oktober, seier rådgjevar Guro Henriksen i SSB.

Norske overnattingar på hotell auka med 11 prosent samanlikna med oktober for to år sidan, medan dei auka med 32 prosent på campingplassar. Sjølv om totaltala for oktober i år var noko over nivået før koronapandemien, var framleis 1 av 3 utanlandske overnattingar borte.

– Sjølv om grensene inn til Noreg var gjenopna har mange av dei utanlandske turistane ikkje kome tilbake. Nordmenn var så mykje på hotell og camping at det likevel blei rekord i talet på overnattingar. Vi ser det same mønsteret i tala frå reiseundersøkinga, som viser rekordstor reiseaktivitet innanlands, seier Guro Henriksen.

Blant utlendingane var nedgangen størst i overnattingar frå USA og Kina målt mot 2019.

Figur 1a. Norske hotellovernattingar i år målt mot 2019
Linjediagram med 2 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Månad.
Figuren har 1 Y akse som viser Overnattingar. Dataene varierer fra 452971 til 2824571.
Highcharts.com
Figur 1a. Norske hotellovernattingar i år målt mot 2019
Månad2019 Norske2021 Norske
Januar1 124 849475 743
Februar1 209 159584 710
Mars1 473 822565 835
April1 243 759452 971
Mai1 444 697715 107
Juni1 759 9931 330 211
Juli2 112 9412 824 571
August1 942 7232 022 236
September1 607 5171 597 781
Oktober1 535 0681 697 845
Figur 1b. Utanlandske hotellovernattingar i år målt mot 2019
Linjediagram med 2 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Månad.
Figuren har 1 Y akse som viser Overnattingar. Dataene varierer fra 60917 til 1254236.
Highcharts.com
Figur 1b. Utanlandske hotellovernattingar i år målt mot 2019
Månad2019 Utanlandske2021 Utanlandske
Januar332 99193 186
Februar423 83560 917
Mars431 36567 663
April363 92771 571
Mai556 70776 718
Juni953 598101 365
Juli1 254 236210 094
August1 136 304320 741
September568 076231 076
Oktober387 930222 230

Hausten er vanlegvis høgsesong for arrangement og konferansar ved norske hotell og med gjenopninga var kapasitetsutnyttinga av rom tilbake til nivået før pandemien. Det var 282 000 overnattingar i forbindelse med kurs og konferansar. Dette er om lag det same som i oktober 2019 og 146 prosent fleire enn i fjor.

Oktober var òg månaden med haustferie og gjenopninga ga oss moglegheit til å reise igjen. Hotellovernattingar med ferie og fritid som formål auka med 16 prosent samanlikna med same månad for to år sidan. Overnattingar med yrke som formål var derimot 16 prosent lågare enn i oktober 2019.

Regionale skilnader

Det var store regionale skilnader på storleiken på endringar i hotellovernattingar mot oktober 2019. Dei fleste fylka hadde fleire overnattingar. Auken var størst i Agder og Innlandet, med høvesvis 35 og 31 prosent. I Viken og Troms og Finnmark var det om lag uendra. Nedgangen var størst i Oslo, med 21 prosent.

Figur 2. Prosentvis endring i hotellovernattingar etter fylke¹. Oktober 2019 – oktober 2021

Figur 2. Prosentvis endring i hotellovernattingar etter fylke¹. Oktober 2019 – oktober 2021

Kart over Norway, admin1 med 13 dataserier.
Zoom in+Zoom out-
¹ Tal for 2019 er laga ved å berekna frå dei gamle fylka til nye fylke. Det er tatt omsyn til at enkelte kommunar har endra fylke.
Kjelde: Overnattingar, Statistisk sentralbyrå og Kartverket.

Overnattingar på campingplassar tok seg opp

Det var 223 000 overnattingar ved norske campingplassar i oktober, ein auke på 29 prosent frå oktober 2019. Norske overnattingar auka med 32 prosent medan utanlandske overnattingar gjekk opp 7 prosent.

Samanlikna med oktober 2020 auka norske og utanlandske overnattingar på campingplassar med høvesvis 17 og 130 prosent.

Figur 3. Overnattingar etter innkvarteringstype. Endring mot same månad året før
Linjediagram med 3 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Måned.
Figuren har 1 Y akse som viser Prosent. Dataene varierer fra -86.6 til 254.7.
Highcharts.com
Figur 3. Overnattingar etter innkvarteringstype. Endring mot same månad året før
MånedHotellCampingplassarHyttegrender og vandrarheim
Jan. 20208,912,311,2
Feb. 202011,710,925,8
Mars 2020−57−40,6−43,5
April 2020−86,6−73,4−81,1
Mai 2020−77,6−7,6−63,9
Juni 2020−56−19,7−54
Juli 2020−94,7−6,6
Aug. 2020−41,1−4,6−27,8
Sep. 2020−42,3−6,4−6,5
Okt. 2020−37,84,1−6,2
Nov. 2020−61,8−13,9−4,1
Des. 2020−54,6−8,5−21,6
Jan. 2021−64,2−6,8−39,7
Feb. 2021−64,6−6,6−39,8
Mars 2021−22,698,430,4
April 2021142,6192,4254,7
Mai 202176,622,2122,9
Juni 202119,810,263,7
Juli 2021−16,123,1
Aug. 202129,313,841,3
Sep. 202145,633,154,6
Okt. 202160,623,573,5

25.september 2021 fjerna regjeringa innreiserestriksjonane for EØS borgarar. Innreisekarantene vart også fjerna som krav for reisande frå område med lav smittespreiing. For meir informasjon, sjå regjeringa sine nettsider.

I samsvar med Eurostat, inngår ikkje karantenehotell i overnattingsstatistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Netter på karantenehotell er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar førebels ikkje å skilje ut alle karanteneovernattingar. Difor er opphald på karantenehotell delvis inkludert i tala for overnattingsstatistikken i oktober. Hotell som er reine karantenehotell er halde utanfor statistikken.