I juni, juli og august i år var det 16,7 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsbedrifter i Noreg, syner nye tal frå overnattingsstatistikken. Det var 10,4 millionar norske Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar., ein auke på 2,8 prosent samanlikna med sommaren i fjor. I tillegg var det 6,3 millionar utanlandske overnattingar, det høgaste talet for utanlandske overnattingar som er målt for sommarmånadene i statistikken. Dette var ein auke på 3,1 prosent samanlikna med året før.
– Den låge kronekursen kan ha bidratt til at det er meir attraktivt for både utlendingar og nordmenn å feriere i Noreg. Utanlandske besøkande får meir for pengane sine her enn tidlegare, medan nordmenn kanskje har valt å bli heime på ferie fordi reiser til utlandet har blitt dyrare, seier seniorrådgjevar Kristin Aasestad i Statistisk sentralbyrå.
Fleire fant vegen til Nordland, Oslo og Vestland
I nesten alle fylka var det fleire overnattingar sommarmånadane i år samanlikna med i fjor. Nordland var fylket med den største auken i talet på overnattingar i sommar. I Nordland var det litt over 1,3 millionar overnattingar, noko som utgjer ein auke på 143 tusen samanlikna med fjorårets sommar. I Nordland var det om lag like mange norske som utanlandske overnattingar. Det var dei utanlandske overnattingane som bidrog mest til auken.
Noko av veksten i Nordland kjem av at nokon bedrifter som er med i utvalet no, ikkje var inkludert i undersøkinga i 2023 sjølv om dei var i drift i sommaren 2023. Sett bort frå desse bedriftene er det framleis klar vekst frå sommaren 2023 til sommaren 2024.
– Ønsket om ein «coolcation» i storslått natur kan ha ført til at rekord mange utanlandske turistar fann vegen til Nordland denne sommaren. Det fine sommarvêret nordpå kan ha kome som ei positiv overrasking for mange, og samstundes ha freista fleire nordmenn til å ta turen dit, seier Kristin Aasestad.
Oslo er fylket med nest størst auke i talet på overnattingar denne sommaren. Her var det litt over 2,2 millionar overnattingar, 89 tusen fleire enn i fjor, ein auke på 4,2 prosent. Her var auken i talet på norske og utanlandske overnattingar om lag lik.
I Vestland fylke var det 88 tusen fleire overnattingar i løpet av juni, juli og august, med totalt 2,8 millionar overnattingar. Dette utgjorde ein auke på 3,3 prosent samanlikna med sommaren i fjor. Nordmenn stod for heile veksten i talet på overnattingar.
På den andre sida hadde dei to fylka Agder og Vestfold ein nedgang i talet på overnattingar i sommar på høvesvis 5,5 prosent og 4,9 prosent, og bidrog såleis til å dempe den samla auken for overnattingar.
Auke for august
I august i år var det nesten 5,3 millionar overnattingar ved dei kommersielle overnattingsbedriftene. Det er 189 tusen fleire enn i august i fjor, ein auke på 3,7 prosent. Det var hotella og campingplassane som bidrog mest til auken.
– På seinsommaren i fjor herja uvêret «Hans» til store på Austlandet, noko som øydela campingferien for mange. Til tross for at vi har hatt nokre gråvêrsperiodar i år òg, ser vi at campingturismen har teke seg opp att i områda som blei hardt råka i august i fjor, seier Kristin Aasestad.