Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 1,7 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. ved norske hotell i april. Det er 41 000 fleire enn i fjor. Norske og utanlandske hotellovernattingar auka med høvesvis 0,6 og 9 prosent.

Samanlikna med april i fjor var auken i talet på hotellovernattingar størst i Reiselivsregionar er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune. Reiselivsregionane har blitt utpeikt av reiselivskontor eller andre einingar innanfor reiselivet i samarbeid med SSB.  Romerike/Hadeland, kor Oslo Lufthamn Gardermoen er. I storbyregionane Bergensregion, Oslo og Stavangerregion var det også ein stor auke. Nedgangen i overnattingar var størst i reiselivsregion Sandefjord/Larvik etterfølgt av dei populære skidestinasjonane Hallingdal, Lillehammer-region og Valdres.

Årsaka til at det var fleire overnattingar i byane og mindre ved fjelldestinasjonane, var at påsken i år var i mars, mens den var i april i fjor.

Tal frå reiseundersøkinga syner at talet på reiser i første kvartal i år var rekordhøgt på grunn av tidleg påske.  

– Det var fleire arbeidsdagar i april i år enn i fjor, på grunn av påsken. Fleire opne dagar medverka til auken i overnattingar i byane, seier rådgjevar Boyd Oyier i SSB.

– I byane var det fleire hotellovernattingar med yrke og konferanse som formål. Dette kompenserte for nedgangen i overnattingar med ferie som formål ved typiske fjelldestinasjonar, legg Oyier til.

Figur 1. Hotellovernattingar i alt, med og uten påske. April 2013 - 2024

Legg vi til overnattingar på campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar, var det til saman 2,2 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder. Det er 98 000 færre enn i fjor og skuldast stor nedgang på campingplassar og hyttegrender og vandrarheimar. Talet på overnattingar ved desse innkvarteringstypane er sterkt påverka av når påsken er. 

Høgaste talet målt på hotellovernattingar i Oslo i april

Det var flest hotellovernattingar i Oslo fylke. Her var det  392 000 hotellovernattingar, ein rekord for april.

– I april var 1 av 5 hotellovernattingar i Oslo. Talet på overnattingar med fritid som formål gjekk ned samanlikna med april i fjor, mens overnattingar med yrke, kurs og konferanse som formål gjekk opp, seier Oyier.

Auken i talet på hotellovernattingar samanlikna med april i fjor var størst i Akershus, etterfølgt av Vestland og Rogaland. I Akershus var det 37 000 fleire overnattingar enn i fjor, ein auke på 27 prosent.

Nedgangen var størst i Vestfold og Innlandet.

Figur 2. Endring i talet på hotellovernattingar etter fylke. April 2023-2024

Tidleg påske påverka tala på campingplassar og hyttegrender

Det var 211 000 overnattingar ved norske campingplassar i april, ein nedgang på 32 prosent. Norske overnattingar gjekk ned 35 prosent, medan utanlandske berre gjekk ned med 1,9 prosent.

Ved hyttegrender og vandrarheimar var det 235 000 overnattingar, 14 prosent færre enn i fjor. Norske overnattingar gjekk ned 25 prosent. For utanlandske overnattingar var det ei auke på 2,6 prosent.

I samsvar med definisjonar Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av april, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 800 og 1 600 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i april månad i Noreg.