Mai var ein god månad for dei Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheimar.. Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var 3,1 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar.ved hotell, campingplassar, Alle bedrifter med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheimar.. Dette var 192 000 fleire overnattingar enn i mai i fjor.

Talet på overnattingar auka for alle dei ulike innkvarteringstypane. Ved hotella var det ein auke i overnattingar på 6,5 prosent. Ved campingplassane auka talet på overnattingar med 8,5 prosent og ved hyttegrender og vandrarheimar var auken på 2,4 prosent.

– I mai i år var været særs godt, noko som i kombinasjon med mange fridagar kan ha ført til at fleire valde å overnatte på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar samanlikna med i fjor, seier rådgjevar Boyd Oyier i SSB.

Figur 1. Overnattingar ved hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar. Mai 2016 - 2024
Liggende søylediagram med 3 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Månad/år.
Figuren har 1 Y akse som viser Overnattingar. Dataene varierer fra 448246 til 3123680.
Highcharts.com
Figur 1. Overnattingar ved hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar. Mai 2016 - 2024
Månad/årHotell og liknande overnattingsbedrifterCampingplassarHyttegrender og vandrarheimar
Mai 20161 628 099649 027190 544
Mai 20171 767 543554 997194 123
Mai 20181 828 403646 371177 253
Mai 20192 001 404565 410163 758
Mai 2020448 246522 48159 194
Mai 2021791 825638 371131 964
Mai 20221 963 428692 981282 356
Mai 20231 982 153668 084281 040
Mai 20242 111 194724 620287 866

Fleire overnattingar i dei fleste fylka

I dei fleste fylka var det fleire overnattingar i mai i år samlikna med i mai i fjor. Det var flest overnattingar i Oslo og Vestland, begge med godt over en halv million overnattingar i mai. Medan fylka med størst prosentvis vekst i overnattingar var Nordland og Møre og Romsdal, begge med ein auke på 22 prosent.

I Vestfold, Agder og Buskerud var det ein nedgang i overnattingar på høvesvis 13, 7,1  og 2,4 prosent.

Figur 2. Prosentvis endring i overnattingar etter fylke. Mai 2023–2024

Figur 2. Prosentvis endring i overnattingar etter fylke. Mai 2023–2024

Kart over Norway, admin1 med 17 dataserier.
Zoom in+Zoom out-

Det er auka usikkerheit knytt til fordelinga mellom norske og utanlandske overnattingar, samt fordelinga av dei utanlandske overnattingane på bustadsland. Årsaka er at fleire oppgåvegjevarar har hatt utfordringar i samband med overgangen til nytt bookingsystem.

I samsvar med definisjonar frå Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsbedrifter i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken.