Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 2,2 millionar norske og 1 million utanlandske overnattingar på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar i september i år. Ein stor auke i utanlandske overnattingar kompenserte for nedgang i norske overnattingar. Samanlikna med september i fjor, var det 18 tusen færre Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar.frå Noreg og 135 tusen fleire utanlandske overnattingar på Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheimar.
Talet på overnattingar på hotell og campingplassar auka med høvesvis 4,0 og 5,3 prosent, medan talet på overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar var om lag uendra.
Spesielt Nordland og Troms, saman med Vestland, har rapportert om turistboom i september. Ein rekordvarm september for Nord-Noreg og Vestland bidrog til auka reiseaktivitet i desse fylka. I tillegg har fleire overnattingsbedrifter opna i Troms og Nordland det siste året.
Noko av veksten i Nordland kjem av at nokon bedrifter som er med i utvalet no, ikkje var inkludert i undersøkinga i 2023 sjølv om dei var i drift i september 2023. Sett bort frå desse bedriftene er det framleis klar vekst frå september 2023 til september 2024.
– Aldri før har Nord-Noreg registrert tropevarme på hausten. Medan store delar av Sør-Noreg rapporterte mykje regn og nedbør, blei fleire varmerekordar i Nord-Noreg og Vestland slått, noko som kan ha oppmuntra reisande til å oppsøke desse regionane, seier rådgjevar Boyd Oyier i Statistisk Sentralbyrå.
– I tillegg er den norske krona framleis veldig svak, og om dette held seg framover kan det bidra til ein fortsatt auke i utanlandske overnattingar, legg Oyier til.
SSBs statistikk over lufttransport for september viser ein stor auke i utanlandske flyankomster frå Europa til Tromsø Lufthamn. Ved Tromsø lufthamn opna Avinor i september ein ny utanlandsterminal for passasjerar.
– I løpet av dette året har det vorte opna fleire direkteruter frå Tromsø til utlandet. Utover hausten og vinteren er det meldt fleire nye direkteruter frå Tromsø til utlandet. Det vil bli spennande å sjå effektane av dette framover, seier Oyier.
Flest utanlandske gjester frå Europa. Reisande frå Asia er på veg tilbake
Det var om lag 1 million utanlandske overnattingar ved kommersielle overnattingsbedrifter i september 2024. Over 70 prosent av desse var frå europeiske land. Auken var størst frå Tyskland, med over 18 tusen fleire overnattingar enn i september i fjor. Dette utgjer ein auke på 10 prosent. Det var registrert ein auke i overnattingar frå alle dei nordiske landa.
Overnattingsbedriftene registrerte også 94 tusen overnattingar frå Asia i september. Samanlikna med september i fjor, utgjer dette ein auke på nesten 26 tusen. Besøkande frå Kina bidrog mest til denne auken. Det var nesten 14 tusen fleire kinesiske overnattingar enn i september i fjor.
Talet på overnattingar frå Asia er endå ikkje tilbake på same nivå som før pandemien. I september i 2019 var det registrert 127 tusen overnattingar frå Asia, noko som er 26 prosent høgare enn i september i år.
Auke i losjiomsetninga ved hotella
September var også ein god månad for hotella. Hotella rapporterte over 92 tusen fleire gjestedøgn, samanlikna med september i fjor.
Omsetning for overnattingar skal ikkje omfatte omsetning for eventuell servering, sjølv om måltid er inkludert i prisen for opphaldet. ved norske hotell var på 2,4 milliardar kroner i september i år. Samanlikna med september 2023 har losjiomsetninga auka med nesten 11 prosent, medan talet på hotellovernattingar har auka med 4,0 prosent.
– Mange hotell rapporterer at auka etterspørsel kombinert med høgare kostnadar har ført til auka losjiomsetning, seier Boyd Oyier.
Omsetning for overnattingar som ikkje omfattar omsetning for eventuell servering og meirverdiavgift, delt på utleigde rom. var 1406 kroner, ein auke på 6,4 prosent frå september i fjor. Samanlikna med september i fjor, har prisen per hotellrom auka mest i Vestfold og Innlandet, kor prisen auka med høvesvis 12 og 11 prosent. Høgast gjennomsnittleg pris på hotellrom var det i Oslo med 1620 kroner.