Det var nesten 2 millionar norske hotellovernattingar i juni i år, ein auke på 6,4 prosent frå juni 2023, syner nye tal frå overnattingsstatistikken. Utanlandske hotellovernattingar auka med 0,7 prosent, til 838 000.

–  Svak krone kombinert med reiseglade nordmenn og utlendingar har gitt hotellnæringa ein god start på sommaren. Den svake krona kan også ha bidratt til at nordmenn har starta ferien innanlands, seier rådgjevar Boyd Oyier i SSB. 

–  Ein annan årsak til auken i hotellovernattingar denne månaden kan vere fleire opne hotell. Nokre hotell er nye, medan andre som har vore nytta som mottakshotell for flyktningar nå er i vanleg drift att, legg Oyier til.

Legg vi til Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. på campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar, var det nesten 4,7 millionar overnattingar ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheimar i juni. For campingplassar var det ein nedgang i talet på overnattingar på 2,9 prosent, medan talet på overnattingar ved hyttegrender og vandrarheimar auka med 1,0 prosent.

Figur 1. Hotellovernattingar etter norske og utanlandske overnattingar. Juni 2018 -2024


Omsetning for overnattingar skal ikkje omfatte omsetning for eventuell servering, sjølv om måltid er inkludert i prisen for opphaldet ved norske hotell var på nesten 2,8 milliardar kroner i juni i år. Samanlikna med juni 2023 har losjiomsetninga auka med 6,4 prosent, medan talet på hotellovernattingar har auka med 4,6 prosent. 

– Mange hotell har rapportert at prisane har auka på grunn av ein generell stigning i kostnadene og økt etterspurnad, seier Oyier.

Gjennomsnittsprisen på hotellrom var 1 500 kroner, ein auke på 3,0 prosent frå juni i fjor. Samanlikna med juni i fjor har prisen per rom auka i dei fleste fylke. Prisane auka mest i Nordland, Vestland og Møre og Romsdal, medan dei gjekk mest ned i Akershus og på Svalbard.

Regionale skilnader for hotella

I juni 2024 var det 2,8 millionar hotellovernattingar i Noreg. Det var ein auke i nesten alle fylka i forhold til same månad året før.

Hotellovernattingar i Nordland, Vestland og Akershus bidrog mest til den samla oppgangen i juni, samanlikna med juni i fjor. Desse tre fylka stod for 62 prosent av auken i talet på hotellovernattingar. Fylka med størst prosentvis vekst i overnattingar var Nordland og Østfold, med ein auke på høvesvis 19 og 13 prosent. 

Flest hotellovernattingar hadde Oslo med 560 000 overnattingar, følgt av Vestland med 491 000 overnattingar.

Figur 2. Prosentvis endring i overnattingar etter fylke. Juni 2023–2024

Nedgang på campingplassane

Totalt var det 1,4 millionar overnattingar på campingplassane i juni. Det var 839 000 norske overnattingar, ein nedgang på 5,8 prosent. Utanlandske overnattingar auka med 1,5 prosent, til 578 000.

– Fleire campingplassar i Sør-Noreg har meldt om nedgang i talet på overnattingar grunna dårleg helgever i juni. Samstundes har fleire campingplassar meldt om redusert kapasitet fordi dei framleis jobbar med å rette opp skadar som ekstremvêret «Hans» førte til i august i fjor, seier Oyier.

Overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar

  • 409 000 overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar
  •  Norske overnattingar gjekk ned 5,1 prosent
  •  Utanlandske overnattingar gjekk opp 6,2 prosent

I samsvar med definisjonar frå Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsbedrifter i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken.