Det var 1,1 millionar norske og 311 000 utanlandske hotellovernattingar i januar i år, ein auke på høvesvis 67 og 69 prosent frå januar 2022.
Samanlikna med januar 2020, før pandemien, var det 6,5 prosent færre norske overnattingar medan det var 18 prosent færre utanlandske overnattingar.
– Den kraftige auken frå januar 2022 skuldast at det på den tida i fjor framleis var restriksjonar som 1-metersregel og skjenkeforbod. I år nærmar talet på overnattingar seg same nivå som før pandemien, seier rådgjevar Boyd Oyier i SSB.
Legg vi til overnattingar på campingplassar, hyttegrender og vandrarheim, var det totalt 1,8 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i januar 2023. Det er 589 000 fleire enn januar i fjor, syner nye tal frå overnattingsstatistikken.
Hotellovernattingar auka i alle fylka
Talet på hotellovernattingar auka i alle fylka samanlikna med januar 2022. Norske overnattingar auka i alle fylka, og mest i Oslo og Viken. Talet på utanlandske overnattingar auka i nesten alle fylka, og mest i Oslo og Troms og Finnmark.
Nesten seks av ti hotellovernattingar var i Reiselivsregionar er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune. Reiselivsregionane har blitt utpeikt av reiselivskontor eller andre einingar innanfor reiselivet i samarbeid med SSBOslo, Bergensregion, Romerike, Tromsø, Trondheim og Stavangerregion. Talet i Bergen og Tromsø er berre 4 prosent lågare enn i same månad i 2020, medan dei andre store reiselivsregionane er mellom 9 og 15 prosent lågare enn før pandemien. Samanlikna med i januar 2022 var auken stor, og overnattingar i Oslo og Romerike vart meir enn dobla.
Mindre oppgang i Noreg enn i Europa i 2022
Blant dei landa som har rapportert tal for 2022 er auken størst i Spania og Tyskland. I Sverige, Danmark og Finland auka overnattingane med høvesvis 19, 35 og 25 prosent frå 2021 til 2022. I Noreg auka overnattingane med 33 prosent i same periode.
I fem europeiske land, inkludere Noreg, var talet på overnattingar høgare i 2022 enn i 2019, men dei fleste land i Europa har enno ikkje kome seg tilbake til nivået frå før pandemien. Europearar reiste meir utanlands i 2022, medan man i løpet av pandemien ferierte i eige land. Andelen overnattingar i heimlandet var tilbake til same nivå som før pandemien.
Litt fleire campingovernattingar i januar 2023
- 119 000 overnattingar på campingplassar
- 4,9 prosent oppgang mot januar 2022
- Norske overnattingar gjekk opp 5,1 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk opp 3,9 prosent
Overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar i januar 2023
- 211 000 overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar
- Norske overnattingar gjekk opp 2,4 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk opp 2,9 prosent
I samsvar med definisjonar Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av januar, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 600 og 1 400 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i januar månad i Noreg.
I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang. Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.