November var ein god månad for hotella i Noreg. Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var nesten 1,6 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. gjennomført av norske gjester og 411 tusen overnattingar av gjester frå utlandet. Det var 87 tusen fleire norske og 105 tusen fleire utanlandske hotellovernattingar i november 2024 samanlikna med november 2023. 

– November er tradisjonelt ikkje ein stor feriemånad, likevel ser vi ein auke i overnattingar med ferie og fritid som formål på hotella i nesten alle fylka. Dette kan tyde på at reiselivsnæringa har lukkast med å utvide sesongen, seier seniorrådgivar Kristin Aasestad i Statistisk sentralbyrå.

– Ei framleis svak norsk krone kan ha bidratt til auken i utanlandske overnattingar, legg Aasestad til. 

Figur 1. Hotellovernattingar etter norske og utanlandske overnattingar. November 2019 - 2024

Vekst i hotellovernattingar i nesten alle fylka

I november 2024 auka talet på overnattingar på hotell i nesten alle fylka i forhold til same månad året før. Flest overnattingar var det i Oslo og Vestland, med høvesvis  471 tusen og 256 tusen overnattingar. 

Det var størst prosentvis auke i Østfold med 31 prosent, etterfølgt av fylka i Nord-Noreg. Auken i Nordland, Finnmark og Troms var på høvesvis 29, 27 og 22 prosent. I Innlandet var det ein liten nedgang på 0,7 prosent. 

Overnattingar på Svalbard auka med heile 58 prosent. 

Noko av veksten i Nordland kjem av at nokon bedrifter som er med i utvalet no, ikkje var inkludert i undersøkinga i 2023 sjølv om dei var i drift i november 2023.

Sett bort frå desse bedriftene er det framleis klar vekst frå november 2023 til november 2024.

Figur 2. Prosentvis endring i hotellovernattingar etter fylke. November 2023-2024

Stor auke i losjiomsetning på hotella

Omsetning for overnattingar skal ikkje omfatte omsetning for eventuell servering, sjølv om måltid er inkludert i prisen for opphaldetved norske hotell var på nesten 2 milliardar kroner i november 2024. Samanlikna med november 2023 har losjiomsetninga auka med 14 prosent, medan talet på hotellovernattingar har auka med nesten 11 prosent. Dei største bidraga for den samla auken i losjiomsetning kom frå Oslo og Troms fylke. Her auka losjiomsetninga med høvesvis 14 og 47 prosent. 

Omsetning for overnattingar som ikkje omfattar omsetning for eventuell servering og meirverdiavgift delt på utleigde rom. var 1362 kroner, ein auke på 7,1 prosent frå november 2023. Prisen per rom auka mest i Troms og Telemark, med høvesvis 28 og 15 prosent. 

– Hotella i reiselivsregion Tromsø rapporterte svært høg beleggsprosent for rom for november. Auka etterspurnad kan ha ført til at prisen per rom har auka kraftig samanlikna med same månad i 2023. Fleire direkteruter frå utlandet til Tromsø lufthamn har gjort regionen meir tilgjengeleg for utanlandske gjester, noko som kan ha drive opp prisane, seier Aasestad.

Auke i antal overnattingar på komersielle overnattingsverksemder

Samla var det nesten 2,3 millionar overnattingar ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, camping og vandrarheim. i november i fjor, noko som utgjer ein auke på 206 tusen samanlikna med same månad i 2023. Hotell, hyttegrender og vandrarheimar rapporterte ein auke i talet på overnattingar, medan antal overnattingar på campingplassane var om lag uendra.  

Campingovernattingar november 2024

  • 125 000 overnattingar på campingplassar
  • 8 000 færre norske overnattingar
  • 8 000 fleire utanlandske overnattingar

Overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar november 2024

  • 179 000 overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar
  • 11 000 færre norske overnattingar
  • 26 000 fleire utanlandske overnattingar