Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var 3,5 millionar hotellovernattingar i juli 2024. Det er 172 tusen fleire enn på same tid i fjor, ein auke på 5,1 prosent.
Juli var ein god månad for hotella og det var ei auking i nesten alle fylka. Auken var høg i dei tre nordlegaste fylka, men aller høgast var den i Nordland, med ein auke på 20 prosent. Til saman hadde Nordland, Troms og Finnmark 53 tusen fleire hotellovernattingar i juli i år samanlikna med juli i fjor.
Vêret var ein medverkande faktor til auken i talet på Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. i dei nordlegaste fylka.
– Mens Sør- og Austlandet var prega av regn og skyer i juli hadde Nordland, Troms og Finnmark temperaturar som var høgare enn normalt. Mange turistar strøymde til Nord-Noreg for å nyte sol og varme, seier førstekonsulent Johanne Saxegaard i SSB.
– I tillegg er Bodø europeisk kulturhovudstad i 2024, med mange opplevingar og aktivitetar som tiltrekkjer både norske og utanlandske turistar til regionen, held Saxegaard fram.
Noko av veksten i Nordland kjem av at nokon bedrifter som er med i utvalet no, ikkje var inkludert i undersøkinga i 2023 sjølv om dei var i drift i juli 2023. Sett bort frå desse bedriftene er det framleis klar vekst frå juli 2023 til juli 2024.
Oppgang for både norske og utanlandske hotellovernattingar
Det var nesten 2,3 millionar norske overnattingar på hotell, ein oppgang på 4,4 prosent frå juli 2023. Alle fylka bortsett frå Vestfold hadde fleire norske hotellovernattingar samanlikna med i fjor. Talet på norske overnattingar auka mest i Vestland, etterfølgt av Nordland.
For Internasjonale turistar skal klassifiserast i samsvar med det landet dei bur i, og ikkje i samsvar med statsborgarskap. var det 1,2 millionar hotellovernattingar, 75 tusen fleire enn i fjor. Tal utanlandske overnattingar auka mest i Nordland og Oslo.
For månadstal er det ofte store sesongvariasjonar som vanskeleggjer ei direkte tolking av utviklinga frå månad til månad. Justeringa for sesongmønsteret, gjer det mogleg å følgje den underliggande utviklinga frå månad til månad., der variasjonar gjennom året som ferieavvikling blir fjerna, er om lag uendra sidan mai. Sesongjusterte tal for juli er 2,7 prosent høgare enn februar 2020, før pandemien.
Overnattingar på campingplassar auka mest på Vestlandet og i Nord-Noreg
I juli var det 2,6 millionar overnattingar på campingplassane, ein liten oppgang frå i fjor. 1,7 millionar av desse var norske overnattingar.
Det var fleire campingovernattingar i Nord-Noreg og på Vestlandet, medan det var ein nedgang i stort sett resten av landet.
– Vêret påverka aktiviteten på camping òg, med færre overnattingar på Sør- og Austlandet. I tillegg har forbod mot fiske i fleire lakseelvar dempa talet på overnattingar på campingplassar som er populære blant fiskarar, seier Saxegaard.
I prosent auka campingovernattingane mest i Vestland, Finnmark og Nordland. Størst prosentvis nedgang var det i Akerhus og Oslo.
Rekordmange overnattingar
Samla sett for hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar var det nesten 6,8 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsbedrifter i juli. Dette er det høgaste talet Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheimar. registrert for ein månad. Rekordmange overnattingar på hotell var årsaka til dette. Ved hyttegrender og vandrarheimar var det ein liten auke i talet på overnattingar samanlikna med juli i fjor.