16303_not-searchable
/valg/statistikker/stemmerettkomm/arkiv
16303
Fleire røysteføre norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn
statistikk
2003-04-24T10:00:00.000Z
Valg;Innvandring og innvandrere
no
stemmerettkomm, Kommunestyre- og fylkestingsvalget, personer med stemmerett, stemmeberettigede, velgere, førstegangsvelgere, velgere med innvandrerbakgrunnValg, Kommunestyre- og fylkestingsvalg , Innvandring og innvandrere, Valg
false

Kommunestyre- og fylkestingsvalget, personer med stemmerett2003, foreløpige tall

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Fleire røysteføre norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn

Om lag 3 502 500 personar vil ha røysterett ved det komande kommunestyre- og fylkestingsvalet. Dette er ein auke på 65 000 i høve til valet i 1999. 111 200 norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn, og 117 300 utanlandske statsborgarar, vil ha røysterett ved valet til hausten. Desse to gruppene utgjer 6,5 prosent av veljarmassen.

Utrekna tal for utanlandske statsborgarar med røysterett, etter statsborgarskap. Prosent

Det vil vera om lag 149 000 fleire røysteføre ved valet til hausten i høve til stortingsvalet i 2001. Ved stortingsval er det færre som kan røysta i høve til lokalval, der òg utanlandske statsborgarar kan delta dersom dei har vore busett i landet dei tre siste åra før valdagen. Nordiske statsborgarar kan røysta dersom dei er registrerte i manntalet innan 31. mai i valåret.

Røysteføre utanlandske statsborgarar

Ved valet til hausten vil 117 200 utanlandske statsborgarar ha røysterett. Det har vore ein auke på 15 500 av utanlandske statsborgarar med røysterett sidan valet i 1999. Den største auken står irakiske statsborgarar for, med 4 900 fleire. Den nest største talmessige auken har gruppa med statsborgarskap frå Sri Lanka (1 700). Personar med tysk statsborgarskap har ein auke på 1 200 i same periode. I det same tidsrommet har det vorte 2 700 færre personar frå Bosnia-Hercegovina i denne gruppa, i høve til førre val. Nedgongen kjem av i hovudsak overgangar til norsk statsborgarskap. Dei største gruppene med utanlandske statsborgarar med røysterett er frå Sverige, Danmark og Irak. 38 prosent av dei utanlandske statsborgarane som har røysterett kjem frå Norden. Oslo har flest utanlandske statsborgarar med røysterett, 32 500 personar, dette utgjer 28 prosent av alle utanlandske statsborgarar med røysterett. Deretter fylgjer Akershus med 15 800, og Rogaland med 8 700.

Utrekna tal for røysteføre norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn, etter landbakgrunn. Prosent

Fleire røysteføre norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn

111 200 norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn vil ha røysterett ved valet i 2003, noko som er ein auke på 27 400 frå lokalvalet i 1999. Dette er personar med to utanlandsfødde foreldre. Norske statsborgarar med bakgrunn frå Pakistan og Vietnam utgjer dei to største gruppene med høvesvis 11 400 og 10 400 personar. Den største auken sidan valet i 1999 har gruppa norske statsborgarar med bakgrunn frå Bosnia-Hercegovina med 4 600, Pakistan med 3 200 og Jugoslavia med 2 900 personar. Over halvdelen av dei med europeisk bakgrunn kjem frå Aust-Europa. I høve til førre val har gruppa med austeuropeisk bakgrunn hatt ein auke på 9 700 personar.

38 prosent av røysteføre norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn er busett i Oslo, halvdelen av alle er busett i Oslo eller Akershus. Norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn utgjer 10 prosent av den totale mengda røysteføre i Oslo. Det er færrast norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn i Finmark Finnmárku (800), Nord-Trøndelag (800) og Sogn og Fjordane (900).

Stabil mengd fyrstegong røysteføre, færre eldre røysteføre

106 200 18- og 19-åringar vil ha røysterett for fyrste gong ved det komande valet. 212 800 18-21-åringar vil kunne debutera som røystegjevarar ved eit kommunestyre- og fylkestingsval. Dette er om lag det same som for fire år sidan. Det har vorte færre eldre veljarar, mengda eldre veljarar 67 år og eldre, har vorte redusert med 15 100 personar, dette har samanheng med små fødselskull i midten av 1930-åra.

Norske statsborgarar busett i utlandet vert automatisk oppførte i manntalet dersom dei har vore busett i Noreg i dei ti siste åra, og elles fylgjer krava til røysterett. I år vil denne gruppa utgjera 39 900 personar.

Tabeller: