Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering
Oppdatert: 4. desember 2024
Neste oppdatering: 4. mars 2025
3. kvartal 2024 | Endring i prosent | ||
---|---|---|---|
2. kvartal 2024 - 3. kvartal 2024 | 3. kvartal 2023 - 3. kvartal 2024 | ||
Eigedelar i alt | 2 386 646 | -1,8 | -0,5 |
Anleggsmiddel | 1 660 286 | -0,7 | 5,5 |
Omløpsmiddel | 726 360 | -4,1 | -12,0 |
Gjeld i alt | 1 520 811 | -2,8 | -7,6 |
Langsiktig gjeld | 994 284 | -4,1 | -4,2 |
Kortsiktig gjeld | 526 527 | -0,5 | -13,3 |
Sjå alle tal frå denne statistikken
- 08423: Eigedelar og gjeld overfor utlandet, årlege tal etter land (mill. kr)
- 07563: Eigedelar og gjeld overfor utlandet, årlege tal etter type (mill. kr)
- 06169: Eigedelar og gjeld overfor utlandet, etter type (mill. kr)
- 06172: Gjeld overfor utlandet, etter type (prosent)
- 06168: Eigedelar overfor utlandet, etter type (prosent)
Om statistikken
Statistikken viser norske ikkje-finansielle føretaks fordringar, gjeld, finansinntekter, finanskostnadar og eigarposisjonar i utlandet.
Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 13. januar 2025.
Statistikken definerer utlending som utanlandsregistrerte juridiske personar, inkludert norskeigde føretak som er registrerte i utlandet. Dette betyr at også norske selskaps filialar i utlandet og fysiske personar busette i utlandet blir rekna som utlendingar.
I statistikken er det gjort eit skilje mellom anleggsmiddel, omløpsmiddel, kortsiktig og langsiktig gjeld i forhold til utanlandske konsernselskap. Det føreligg konsernforhold når eit selskap (morselskap) har bestemmende innverknad over eit eller fleire andre selskap (dotterselskap). Bestemmende innverknad inneber at eit føretak direkte eller indirekte har styringsrett over eit anna føretak.
Det same skiljet er gjort for utanlandske tilknytte selskap. Eit tilknytt selskap er eit selskap der investoren har ei betydeleg innverknad, men som ikkje er dotterselskap eller felles kontrollert verksemd. Etter rekneskapsreglane blir betydeleg innverknad normalt rekna å føreliggje når investoren har 20 prosent eller meir av stemmeberettiga kapital i slikt selskap. Anleggsmiddel i utlandet omfattar eigedelar som hovudsakleg inngår i føretaket si langsiktige verdiskapingsprosess og som er bestemt til varig eige eller bruk. Her inngår varige driftsmiddel, immaterielle eigedelar (patent, goodwill, lisensar osv.) og langsiktige kapitalplasseringar i utlandet (aksjar, andelar osv.). Fordringar og verdipapir som er føresett innløyst meir enn eitt år etter rapporteringstidspunktet blir også rekna som anleggsmiddel.
Omløpsmiddel i utlandet er eigedelar knytt til føretaket si omsetning. Eigedelar blir rekna som omløpsmiddel dersom det er avtalt eller føresett at dei skal betalast tilbake innan eitt år etter rekneskapsåret sitt utløp. I omløpsmiddel inngår betalingsmiddel, kortsiktige kapitalplasseringar i utlandet (bankinnskot, aksjar, obligasjonar og liknande) og fordringar på utlandet.
Gjeld til utlandet omfattar alle forpliktingar som kan kome til å leggje restriksjonar på den framtidige bruken av føretaket sine ressursar. Gjeld blir delt i langsiktig og kortsiktig gjeld overfor utlandet.
Langsiktig gjeld er gjeldspostar som forfell til betaling seinare enn eitt år frå rapporteringstidspunktet, og som ikkje er knytt til føretaket si kortsiktige omsetning av varer og/eller tenester.
Kortsiktig gjeld er gjeldspostar som forfell til betaling innan eitt år frå rapporteringstidspunktet eller som er direkte knytt til føretaket si kortsiktige omsetning av varer og/eller tenester.
Årsstatistikken publiserast etter landgruppering. Landgrupperinga byggjer på ISO-standarden 3166.
Namn: Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering
Emne: Verksemder, føretak og rekneskap
Seksjon for næringslivets utvikling
Årsstatistikken er delt opp i land og ulike landgrupperingar.
Den kvartalsvise statistikken frigis 10 veker etter kvartalet sitt utløp. Førebelse tal for den årlege statistikken frigis innan eitt år etter undersøkjingsåret, endelege tal frigis saman med påfølgjande årgang.
Statistikken inngår som ein del av grunnlaget for utanriksrekneskapen for ikkje-finansielle føretak, samt i grunnlaget for rapportering av direkteinvesteringar og internasjonal investeringsposisjon til internasjonale organisasjonar som IMF, OECD og Eurostat.
Endeleg statistikkfil blir lagra.
Formålet med statistikken er å belyse norske ikkje-finansielle føretak si økonomi i forhold til utlandet. Fram til 2003 vart statistikken samla inn som ein del av Finanstellinga. Statistikken vart etablert på bakgrunn av at Norges Bank la ned utarbeidinga av vesentlege delar av grunnlaget for utanriksrekneskapen.
Statistikken utgjer ein viktig del av utanriksrekneskapen og sektoren utlandet i nasjonalrekneskapen. Informasjonen blir nytta til å lage bruttonasjonalinntekta, og også som variablar i makroøkonomiske modellar.
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før den er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter førehandsvarsling seinast tre månader før i Statistikkalenderen.
Se likebehandlingsprinsippet for meir informasjon.
Rekneskapsstatistikk, ikkje-finansielle føretak si utanlandsfinansiering, dannar ein del av grunnlaget for utanriksrekneskapen og internasjonal investeringsposisjon (IIP). IIP viser Noregs beholdningar av fordringar og gjeld overfor utlandet.
Ettersom både den årlege statistikken og kvartalsstatistikken gir tal for utvalet og ikkje for heile populasjonen, er statistikken ikkje direkte samanliknbar med utanriksrekneskapen.
Oppgåvene blir henta inn med heimel i Statistikklova §§10 og 20 (tvangsmulkt).
Rådsforordning (EF) 184/2005.
Undersøkinga omfattar fordringar, gjeld, finansinntekter, finanskostnader og eigarposisjonar i forhold til utlandet for ikkje-finansielle føretak. Føretak blir rekna som ein juridisk eining som produserer varer og tenester for sal i eit marknad. Føretaket er juridisk ansvarleg for sine handlingar, og eigarane har ofte avgrensa ansvar for føretaket sine forpliktingar.
Hovudkjelda er opplysningar frå oppgåvegivar. Deretter blir det brukt likningsopplysningar, rekneskapsopplysningar, ad hoc kontakt med føretak, opplysningar i media for å kontrollere og komplettere opplysningar frå oppgåvegivar. Vi nyttar også opplysningar ved å kople til aksje- og rekneskapsstatistikk og bedrifts- og føretaksregisteret.
Populasjonen byggjer på opplysningar frå Finanstellinga i SSB og Valutastatistikken til Norges Bank. Desse statistikkane vart avvikla i 2003-2004.
Kvartalsutvalet inneheld rundt 600 av dei største føretaka. Storleik er her målt ved fordringar og gjeld overfor utlandet, aksjar i utlandet og aksjar på utanlandske hender.
Årsutvalet inneheld om lag 3000 ikkje-finansielle føretak inkludert kvartalsutvalet, som blir oppdatert med årlege tilganger og avgangar av føretak. Årsaker til tilganger av føretak kan vere fusjonar og auke i økonomisk aktivitet i det aktuelle føretaket.
Dei 600 største einingane som er med i kvartalsutvalet står for rundt 90 % av beløpa for det totale årsutvalet. Dekningsgraden varierer noko med kva postar ein ser på.
Data blir samla inn hovudsakleg gjennom elektroniske skjema i Altinn. Nokre få av dei største føretaka nyttar filuttrekk.
Dei innsamla dataa blir kontrollerte fortløpande. Dataa blir kontrollerte mot rekneskapsopplysningar, tidlegare innrapporterte data og andre kjelder. Ved vesentlege avvik blir oppgåvegivar kontakta.
Tal blir ikkje offentleggjort dersom dette medfører fare for identifisering av enkelteiningar.
Revisjonar i rekneskapslovverket kan føre til brot i samanliknbarheita mellom tidsperiodane.
Eit anna aspekt som kan påverke samanliknbarheita er at selskap følgjer ulike rekneskapsreglar. Dei innrapporterte opplysningane byggjer på rekneskapsmessige verdiar og storleikar basert på prinsipp nedfelt i rekneskapslovgjevinga. Verdiane er ikkje nødvendigvis i alle tilfelle eit godt uttrykk for eigedelane si verkelege verdi eller marknadsverdi.
Dei fleste føretak fører sine rekneskap etter norske rekneskapsreglar, men sidan 2005 er det opna for å leggje fram rekneskapen etter den internasjonale rekneskapsstandarden IFRS (International Financial Reporting Standards). I IFRS blir til dømes avsett til utbyte klassifisert som ein eigenkapitalstorleik og ikkje som kortsiktig gjeld som for andre selskap. IFRS tillèt hyppigare bruk av verkeleg verdi.
Tolkninga av kva som er eit mellomverande mellom norsk føretak og utlandet og korleis dette skal fordelast på dei ulike postane i næringsoppgåva kan variere noko mellom dei ulike oppgåvegivarane, og kan dermed føre til manglar i statistikken. Det kan førekomme feil eller manglar i sjølve innrapporteringa. Dei vanlegaste feila er at rapportørane si føring av enkelte postar kan avvike frå det definisjonsmessig korrekte ut frå SSBs spesifikasjon, og at skiljet mellom norsk og utanlandsk eining kan vere uklart.
Statistikken sin kvalitet blir forringa av manglande innrapporteringar. For å redusere omfanget av fråfallsfeil finn det stad maskinell imputering av data for einingar som ikkje har rapportert tidsnok til å bli med i statistikkgrunnlaget og der det er mangelfullt utfylte oppgåver frå rapportørane (partielt fråfall).
For å sikre høg grad av relevans til lågast mogleg kostnad, blir det lagt stor vekt på å dekkje store einingar i populasjonen målt ved storleikane som skal rapporterast. Førebels er det ikkje gjennomført berekningar av utvalgsfeilen for undersøkinga.
Utvalstrekkinga føreset i utgangspunktet at sjølve populasjonen omfattar det alt vesentlege av dei einingar som har økonomiske mellomverande med utlandet. Det finst likevel ingen samla oversikt over føretak som har slike mellomverande, og i praksis vil det difor vere vanskeleg å fange opp alle relevante einingar ved utgangen av den enkelte rapporteringsperiode.
Sammensetninga av postar i årsutvalet kan avvike vesentleg frå sammensetninga i kvartals- og månadsutvala. Det kan til dømes vere ei overrepresentasjon av føretak med eigenkapitalpostar og ei underrepresentasjon av føretak med kundefordringar og leverandørgjeld.
Kontakt
Nazia Yousaf