Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis menn i fleirtal
Fordelinga mellom mannlege og kvinnelege styrerepresentantar er uendra dei siste åra. Åtte av ti styrerepresentantar i aksjeselskap er menn, medan det er seks av ti i allmennaksjeselskap.
Dermed ligg delen kvinnelege styrerepresentantar i allmennaksjeselskap (ASA) på 40 prosent, og er på nivået som er fastsett i kravet om kjønnsrepresentasjon i ASA.
Flest kvinner innanfor tenesteyting
I aksjeselskap (AS) er 17 prosent av styrerepresentantane kvinner. Denne delen auka med 1,8 prosentpoeng frå 2004 til 2011. Vi finn flest kvinnelege styrerepresentantar innanfor anna tenesteyting med 47 prosent. Bak kjem helse- og sosialtenester med 38 prosent, og undervisning med 25 prosent.
72 prosent av aksjeselskapa har berre menn i styra. Høgast del av desse finn vi innanfor byggje- og anleggsverksemd, med 84 prosent av føretaka.
14 prosent av de daglege leiarane i AS er kvinner, mot 7 prosent i ASA. Høgast del kvinnelege daglege leiarar i AS, med tre av fem, finn vi innanfor anna tenesteyting.
Dei fleste av styrerepresentantane har eitt styreverv
To av tre styrerepresentantar har eitt styreverv, medan ein av fire har to eller tre. 96 prosent av kvinnene og 88 prosent av mennene har opptil tre styreverv. 834 menn har fleire enn 20 styreverv, noko som svarar til 0,5 prosent av alle mannlege styrerepresentantar.
Tabeller:
- Tabell 1 Styrerepresentantar i AS og ASA, etter kjønn, fordelt på alder, utdanningsnivå, tilsettegrupper og næring. 1. januar 2011
- Tabell 2 Daglege leiarar i AS og ASA, etter kjønn, fordelt på alder, utdanningsnivå, tilsettegrupper og næring. 1. januar 2011
- Tabell 3 Styrerepresentantar i AS og ASA, etter talet på styreroller og kjønn. 1. januar 2011
- Tabell 4 Daglege leiarar i AS og ASA, etter kor mange føretak dei er dagleg leiar i og kjønn. 1. januar 2011
- Tabell 5 Aksjeselskap (AS og ASA), etter storleiken på styret, tilsettegrupper, næring og styrerepresentantane sitt kjønn. 1. januar 2011
- Tabell 6 Nye aksjeselskap (AS og ASA), etter storleiken på styret, tilsettegrupper, næring og styrerepresentantane sitt kjønn. 2010
Kontakt
-
Jimmy Wong
E-post: jimmy.wong@ssb.no
tlf.: 40 81 14 29