Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Menn dominerer styra
Delen mannlege styrerepresentantar ligg på det same nivået som i tidlegare år. Vel åtte av ti styrerepresentantar i aksjeselskap er menn, medan det er seks av ti i allmennaksjeselskap.
2015 | 2014 - 2015 | ||
---|---|---|---|
Antall | Andel | Endring i prosent | |
Styrerepresentantar i AS | |||
I alt | 528 243 | 100,0 | 4,2 |
Menn | 433 030 | 82,0 | 4,0 |
Kvinner | 95 213 | 18,0 | 5,2 |
Styrerepresentantar i ASA | |||
I alt | 1 316 | 100,0 | -6,0 |
Menn | 776 | 59,0 | -6,5 |
Kvinner | 540 | 41,0 | -5,3 |
Daglege leiarar i AS | |||
I alt | 210 240 | 100,0 | 4,8 |
Menn | 177 197 | 84,3 | 4,3 |
Kvinner | 33 043 | 15,7 | 7,1 |
Daglege leiarar i ASA | |||
I alt | 236 | 100,0 | -6,0 |
Menn | 223 | 94,5 | -5,1 |
Kvinner | 13 | 5,5 | -18,8 |
72 prosent av aksjeselskapa (AS) har berre menn i styra. Åtte av ti styre med ein eller to styrerepresentantar består berre av menn. Dess større styret er, dess høgare er delen føretak som har både menn og kvinner i styret.
Høgt utdanna kvinner og eldre menn
I allmennaksjeselskap (ASA) har 73 prosent av kvinnene i styra utdanning utover vidaregåande skule. Tilsvarande tal for menn er 65 prosent. I AS ligg delen menn som har tatt utdanning ved høgskular eller universitet, på 44 prosent. Talet for kvinnene er 51 prosent, som er 22 prosentpoeng lågare enn i allmennaksjeselskap.
Ei av fem kvinner i ASA-styra er yngre enn 45 år. Tilsvarande for menn er ein av ti. Dermed er det fleire yngre kvinner enn menn i styra. Samtidig er det fleire menn enn kvinner som er i pensjonsalderen, høvesvis 16 og 2 prosent. Aldersfordelinga mellom dei mannlege og kvinnelege styrerepresentantane i AS liknar, men forskjellane er mindre enn i ASA.
Dei fleste med eitt styreverv
To av tre styrerepresentantar har eitt styreverv, medan ein av fire har to eller tre. 96 prosent av kvinnene og 88 prosent av mennene har opptil tre styreverv. 970 menn har fleire enn 20 styreverv, noko som svarar til 0,5 prosent av alle mannlege styrerepresentantar.
Kontakt
-
Jimmy Wong
E-post: jimmy.wong@ssb.no
tlf.: 40 81 14 29