Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Manglar over 600 kvinner i styra
Det manglar 600 kvinner for å oppfylle krava om kjønnsrepresentasjon i styra til allmennaksjeselskapa. Berre 17,5 prosent av selskapa oppfyller desse krava. 215 av føretaka har ikkje ei einaste kvinne i styret.
Lova om kjønnskvotering i styret tredde i kraft 1. januar i år. Frå no har dei nær 500 allmennaksjeselskapa to år på seg til å få inn 40 prosent kvinner i styra.
Kravet til kjønnsfordeling blant dei eigarvalde styrerepresentantane varierer med storleiken på styret. Dersom det er to eller tre eigarvalde styrerepresentantar, skal begge kjønna vere representerte. Har styret fire elle fem eigarvalde styrerepresentantar, skal kvart kjønn vere representert med minst to. Har styret seks til åtte eigarvalde representantar, skal kvart kjønn vere representert med minst tre. Minst fire av kvart kjønn skal vere representert i styret dersom styret består av ni eigarvalde styrerepresentantar, og er det ti eller fleire eigarvalde styrerepresentantar, skal kvart kjønn vere representert med minst 40 prosent. Det er vidare krav til dei tilsettevalde styrerepresentantane. Ved meir enn ein tilsettevald representant i styret skal begge kjønn vere representerte. Kravet til kjønnsrepresentasjon fell vekk dersom eit kjønn utgjer mindre enn 20 prosent av dei tilsette. Dersom eit allmennaksjeselskap har meir enn ein vararepresentant, skal også her begge kjønn vere representerte blant desse. |
17,8 prosent kvinner i styra i norske allmennaksjeselskap
1. januar 2006 var det registert 2 579 styreroller fordelte på 491 allmennaksjeselskap. Styrerollene omfattar styreleiarar, nestleiarar og styremedlemmer, og desse styrerepresentantane kan vere eigarvalde eller tilsettevalde. Av desse personane var 17,8 prosent kvinner. Tek ein med vararepresentantane så er 19,1 prosent kvinner.
17,5 prosent av føretaka oppfyller kravet
86 av dei i alt 491 allmennaksjeselskapa oppfyller no dei gitte krava om kjønnsrepresentasjon i styret. 20 prosent av føretaka oppfyller kravet knytt til eigarvalde styrerepresentantar, og 51 prosent av dei 71 føretaka med krav til tilsettevalde styrerepresentantar oppfyller dette kravet. Ser ein på vararepresentantane så oppfyller 53 prosent av dei 71 føretaka med vararepresentantar dette kravet.
Manglar 627 kvinner
For at alle allmennaksjeselskapa skal oppfylle kravet om kjønnsrepresentasjon, må 602 eigarvalde og 25 tilsettevalde menn bytast ut med kvinner. 215 av føretaka har ingen kvinner i styret.
Kvinnelege styrerepresentantar er yngre og har meir utdanning
Gjennomsnittsalderen på ein mannleg styrerepresentant er 51 år, medan gjennomsnittleg alder på ein kvinneleg styrerepresentant er 46 år. Kvinnelege styrerepresentantar er altså noko yngre enn mannlege, og dei har også meir utdanning. Medan 62 prosent av dei mannlege styrerepresentantane har høgare utdanning, har 70 prosent av dei kvinnelege representantane høgare utdanning.
Framgang sidan juli
Sjølv om det er eit stykke igjen til full likestilling i styra, så kan ein sjå endringar det siste halve året. 1. juli i fjor var det 78 av 519 allmennaksjeselskap (15 prosent) totalt som oppfylte krava, mot 86 av 491 (17,5 prosent) 1. januar i år. I juli mangla det 710 kvinner, og heile 266 allmennaksjeselskap hadde ingen kvinnelege styrerepresentantar.
Tabeller:
- Tabell 1 Allmennaksjeselskap etter krav om eigarvalde og tilsettevalde styrerepresentantar. 1. januar 2006
- Tabell 2 Styrerepresentantar i allmennaksjeselskap, etter kjønn. 1. januar 2006
- Tabell 3 Tal på og del av eigarvalde og tilsettevalde styrerepresentantar, og vararepresentantar i allmennaksjeselskap, etter kjønn. 1. januar 2006
- Tabell 4 Styrerepresentantar i allmennaksjeselskap, etter kjønn og alder. 1. januar 2006
- Tabell 5 Styrererepresentantar i allmennaksjeselskap, etter kjønn og utdanningsnivå. 1. januar 2006
- Tabell 6 Allmennaksjeselskap etter krav om eigarvalde styrerepresentantar og tal på eigarvalde styrerepresentantar. 1. januar 2006
- Tabell 7 Allmennaksjeselskap etter krav om eigarvalde styrerepresentantar og næring. 1. januar 2006
- Tabell 8 Allmennaksjeselskap etter krav om eigarvalde styrerepresentantar og tal på tilsette. 1. januar 2006
- Tabell 9 Allmennaksjeselskap etter krav om tilsettevalde styrerepresentantar og tal på tilsettevalde styrerepresentantar. 1. januar 2006
- Tabell 10 Allmennaksjeselskap etter krav om eigarvalde og tilsettevalde styrerepresentantar og tal på styrerepresentantar. 1. januar 2006
- Tabell 11 Allmennaksjeselskap etter krav om eigarvalde og tilsettevalde styrerepresentantar og næring. 1. januar 2006
- Tabell 12 Allmennaksjeselskap etter krav om eigarvalde og tilsettevalde styrerepresentantar og tal på tilsette. 1. januar 2006
- Tabell 13 Allmennaksjeselskap etter krav om vararepresentantar og tal på vararepresentantar. 1. januar 2006
Kontakt
-
Jimmy Wong
E-post: jimmy.wong@ssb.no
tlf.: 40 81 14 29