Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stadig fleire kvinner i styra
Fleire føretak oppfyller krava til kjønnsrepresentasjon no enn for eit år sidan. Prosentdelen som oppfyller krava har dobla seg frå 15 til nær 30 prosent. Det manglar likevel 545 kvinner for å oppfylla krava om kjønnsrepresentasjon i styra til allmennaksjeselskapa.
Lova om kjønnskvotering i styre trådde i kraft 1. januar i år. Per 1. juli oppfyller 151 av dei 510 allmennaksjeselskapa kravet. Delen allmennaksjeselskap som oppfyller krava til kjønnsrepresentasjon har dermed auka frå 15 til 29,6 prosent på eit år. Men framleis har meir enn kvart tredje allmennaksjeselskap ikkje ei einaste kvinne i styret, desse rundt 360 føretaka har no halvtanna år på seg til å få inn 40 prosent kvinner i styra.
21,4 prosent kvinner i styra i norske allmennaksjeselskap
1. juli 2006 var det registrert 2 631 styreroller fordelte på 510 allmennaksjeselskap. Styrerollene omfattar styreleiarar, nestleiarar og styremedlemmer, og desse styrerepresentantane kan vere eigarvalde eller tilsettevalde. Av desse personane var 21,41 prosent kvinner. Tek ein med vararepresentantane er 22 prosent kvinner.
Tre av ti føretak oppfyller kravet
151 av dei i alt 510 allmennaksjeselskapa (29,6 prosent) oppfyller no dei gitte krava om eigarvalde og tilsettevalde representantar i styret. Ser ein på dei ulike krava oppfyller 32 prosent av dei 510 føretaka kravet knytt til eigarvalde styrerepresentantar, og 51 prosent av dei 67 føretaka med kravet til tilsettevalde styrerepresentantar. Ser ein på vararepresentantane oppfyller 49 av 92 føretak (53,3 prosent) med vararepresentantar dette kravet.
Manglar 545 kvinner
For at alle allmennaksjeselskapa skal oppfylle kravet om kjønnsrepresentasjon, må 519 eigarvalde og 26 tilsettevalde menn bytast ut med kvinner. 189 av føretaka har ingen kvinner i styret.
Kvinnelege styrerepresentantar er yngre og har høgare utdanning
Gjennomsnittsalderen på ein mannleg styrerepresentant er 51 år, medan ein gjennomsnittleg kvinneleg styrerepresentant er 45 år. Kvinnelege styrerepresentantar er altså noko yngre enn dei mannlege. 69 prosent av dei kvinnelege styrerepresentantane har høgare utdanning mot 61,5 prosent av dei mannlege.
Framgang sidan i fjor
Sjølv om det er eit stykke igjen til full likestilling i styra, så kan ein sjå endringar sidan lova trådde i kraft for eit halvt år sidan. 1. januar i år mangla det 600 kvinner i ASA-styra, og 86 av 491, 17,5 prosent, oppfylte kravet om kjønnsrepresentasjon, mot 151 av 510, 29,6 prosent, i juli i år. I juli for eit år sidan mangla det 710 kvinner, og heile 266 allmennaksjeselskap hadde ingen kvinnelege styrerepresentantar.
Kravet til kjønnsfordeling blant dei eigarvalde styrerepresentantane varierer med storleiken på styret. Dersom det er to eller tre eigarvalde styrerepresentantar skal begge kjønn vere representerte. Har styret fire elle fem eigarvalde styrerepresentantar skal kvart kjønn vere representert med minst to. Har styret seks til åtte eigarvalde representantar skal kvart kjønn vere representert med minst tre. Minst fire av kvart kjønn skal vere representert i styret dersom styret består av ni eigarvalde styrerepresentantar, og er det ti eller fleire eigarvalde styrerepresentantar skal kvart kjønn vere representert med minst 40 prosent. Det er vidare krav til dei tilsettevalde styrerepresentantane. Ved meir enn ein tilsettevald representant i styret skal begge kjønn vere representerte. Kravet til kjønnsrepresentasjon fell bort dersom eit kjønn utgjer mindre enn 20 prosent av dei tilsette. Dersom eit allmennaksjeselskap har meir enn ein vararepresentant skal også her begge kjønn vere representerte blant desse. |
1 | Tallet ble rettet 12. oktober 2006. |
Tabeller:
- Tabell 1 Allmennaksjeselskap etter krav om eigarvalde og tilsettevalde styrerepresentantar. 1. juli 2006
- Tabell 2 Styrerepresentantar i allmennaksjeselskap, etter kjønn. 1. juli 2006
- Tabell 3 Talet på og del av eigarvalde og tilsettevalde styrerepresentantar, og vararepresentantar i allmennaksjeselskap, etter kjønn. 1. juli 2006
- Tabell 4 Styrerepresentantar i allmennaksjeselskap, etter kjønn og alder. 1. juli 2006. Kolonneprosent
- Tabell 5 Styrerepresentantar i allmennaksjeselskap, etter kjønn og utdanningsnivå. 1. juli 2006. Kolonneprosent
- Tabell 6 Allmennaksjeselskap etter krav om eigarvalde styrerepresentantar og tal på eigarvalde styrerepresentantar. 1. juli 2006
- Tabell 7 Allmennaksjeselskap etter krav om eigarvalde styrerepresentantar og næring. 1. juli 2006
- Tabell 8 Allmennaksjeselskap etter krav om eigarvalde styrerepresentantar og tal på tilsette. 1. juli 2006
- Tabell 9 Allmennaksjeselskap etter krav om tilsettevalde styrerepresentantar og tal på tilsettevalde styrerepresentantar. 1. juli 2006
- Tabell 10 Allmennaksjeselskap etter krav om eigarvalgte og tilsettevalgte styrerepresentantar og tal på styrerepresentantar. 1. juli 2006
- Tabell 11 Allmennaksjeselskap etter krav om eigarvalde og tilsettevalde styrerepresentantar og næring. 1. juli 2006
- Tabell 12 Allmennaksjeselskap etter krav om eigarvalde og tilsettevalde styrerepresentantar og tal på tilsette. 1. juli 2006
- Tabell 13 Allmennaksjeselskap etter krav om vararepresentantar og tal på vararepresentantar. 1. januar 2006
Kontakt
-
Jimmy Wong
E-post: jimmy.wong@ssb.no
tlf.: 40 81 14 29