Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Menn styrer aksjeselskapa
Menn dominerer styra i norske aksjeselskap. Gjennomsnittleg 15 prosent av styrerepresentantane og dei daglege leiarane i aksjeselskap (AS) er kvinner. I allmennaksjeselskapa (ASA) er ein av fire styrerepresentantar ei kvinne, medan om lag 4 prosent av dei daglege leiarane er kvinner.
Di fleire tilsette eit aksjeselskap har, di høgare er delen kvinnelege styrerepresentantar. I AS med 250 eller fleire tilsette er 19,5 prosent av styrerepresentantane kvinner, medan tilsvarande tal for ASA er 35 prosent. Ei forklaring på denne skilnaden mellom AS og ASA kan vere lova om kjønnsrepresentasjon i styra (som berre omfattar ASA).
Om lag 14 prosent av dei daglege leiarane i AS er kvinner. Tilsvarande tal for ASA er vel 4 prosent. Delen kvinnelege daglege leiarar er større i føretak med få tilsette enn i føretak med mange tilsette. Aksjeselskap med ein til ni tilsette har størst del kvinnelege daglege leiarar (17 prosent).
Få personar med innvandrarbakgrunn i styra
I styra i AS og ASA er personar med innvandrarbakgrunn svakt representerte. Personar frå ikkje-vestlege land utgjer 1,3 prosent, og personar frå vestlege land utanom Noreg utgjer 1,9 prosent av styrerepresentantane. For daglege leiarar er delen med innvandrarbakgrunn noko høgare: 1,8 prosent har bakgrunn frå ikkje-vestlege land, medan 2,3 prosent er frå vestlege land.
Dei fleste styrerepresentantane og daglege leiarane frå ikkje-vestlege land i AS er mellom 25 og 44 år gamle, medan dei fleste norske og andre vestlege styrerepresentantane er i aldersgruppa 45 til 66 år.
Næringa som har størst del styrerepresentantar og daglege leiarar frå ikkje-vestlege land er hotell- og restaurantverksemd. Dette gjeld både i eksisterande og nyetablerte aksjeselskap. Her utgjer dei mellom 10 og 17,4 prosent.
Vanlegast med eitt styreverv
Sju av ti styrerepresentantar har éi styrerolle, medan ein av fire har to eller tre styreroller. Nesten ein av fire mannlege daglege leiarar har denne rolla i to eller tre føretak, medan tilsvarande tal for kvinnelege daglege leiarar er 11 prosent.
Eitt av ti nye aksjeselskap har ein styreleiar som og er styreleiar i fleire andre føretak. I to av tre nyetablerte aksjeselskap er den daglege leiaren samstundes styreleiar i føretaket.
Tabeller:
- Tabell 1 Styrerepresentantar i AS og ASA, etter kjønn, alder, utdanningsnivå, tilsettegrupper og næring. 1. januar 2007
- Tabell 2 Dagleg leiar i AS og ASA, etter kjønn, alder, utdanningsnivå, tilsettegrupper og næring. 1. januar 2007
- Tabell 3 Styrerepresentantar i AS og ASA, etter landbakgrunn, alder, utdanningsnivå, tilsettegrupper og næring. 1. januar 2007
- Tabell 4 Dagleg leiar i AS og ASA, etter landbakgrunn, alder, utdanningsnivå, tilsettegrupper og næring. 1. januar 2007
- Tabell 5 Styrerepresentantar i AS og ASA, etter kjønn, alder, utdanningsnivå, tilsettegrupper og næring. Nye føretak. 2006
- Tabell 6 Dagleg leiar i AS og ASA, etter kjønn, alder, utdanningsnivå, tilsettegrupper og næring. Nye føretak 2006
- Tabell 7 Styrerepresentantar i AS og ASA, etter landbakgrunn, alder, utdanningsnivå, tilsettegrupper og næring. Nye føretak. 2006
- Tabell 8 Dagleg leiar i AS og ASA, etter landbakgrunn, alder, utdanningsnivå, tilsettegrupper og næring. Nye føretak. 2006
- Tabell 9 Styrerepresentantar i aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA), etter talet på styreroller og kjønn. 1. januar 2007
- Tabell 10 Daglege leiarar i norske aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA), etter kor mange føretak dei er dagleg leiar i og kjønn. 1. januar 2007
- Tabell 11 Daglege leiarar i aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA), etter talet på styreroller og kjønn. 1. januar 2007
- Tabell 12 Styreleiarar i norske aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA), etter talet på roller som dagleg leiar og kjønn. 1. januar 2007
- Tabell 13 Styreleiarar i aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA), etter talet på styreroller og kjønn. 1. januar 2007
- Tabell 14 Nye aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA), etter rollene til dagleg leiar og styrerepresentantane, tal på tilsette, næring og fylke. 2006
Kontakt
-
Jimmy Wong
E-post: jimmy.wong@ssb.no
tlf.: 40 81 14 29