Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Seks av ti ASA oppfyller likestillingskravet
Per 1. juli 2007 oppfyller 57 prosent av allmennaksjeselskapa kravet til kjønnsrepresentasjon i styret. Samanlikna med 1. januar 2007 er dette ein klar auke.
Lova om kjønnsrepresentasjon i offentleg åtte føretak og privat åtte allmennaksjeselskap (ASA) trådde i kraft 1. januar 2006. Den gangen oppfylte 17,5 prosent av allmennaksjeselskapa kravet. 1. juli 2007 var det registrert 517 aktive ASA i Brønnøysund-registra. 294 av desse, 57 prosent, oppfyller kravet. Dette er ein klar vekst samanlikna med 1. januar 2007, då 193 føretak (38 prosent) fylte likestillingskravet.
Manglar 305 kvinner
I dag er tre av ti styrerepresentantar kvinner. Det manglar framleis 305 kvinner for å oppfylle kravet om kjønnsrepresentasjon. Det er likevel ein framgang frå januar 2006 då 18 prosent av styrerepresentantane var kvinner, og det mangla heile 600 kvinner for å oppfylle kravet. 116 allmennaksjeselskap har ingen kvinner i styret, og i underkant av 4 prosent av styreleiarane er kvinner.
308 av allmennaksjeselskapa, 59,6 prosent, oppfyller no kravet om eigarvalde styrerepresentantar. 49 av føretaka har krav om tilsettevalde styrerepresentantar. 30 av føretaka, 61 prosent, oppfyller dette kravet.
Kvinnelege styrerepresentantar er yngre og har meir utdanning
Gjennomsnittsalderen til dei kvinnelege styrerepresentantane er 45,6 år, medan gjennomsnittsalderen til dei mannlege er 51,2 år. 43,4 prosent av kvinnelege og 26,7 prosent av mannlege styrerepresentantar er under 45 år. Medan seks av ti mannlege styrerepresentantar har høgare utdanning, gjeld dette for sju av ti kvinnelege.
KravKravet til kjønnsfordeling blant dei eigarvalde styrerepresentantane varierer med storleiken på styret. Dersom det er to eller tre eigarvalde styrerepresentantar, skal begge kjønn vere representerte. Har styret fire elle fem eigarvalde styrerepresentantar, skal kvart kjønn vere representert med minst to. Har styret seks til åtte eigarvalde representantar, skal kvart kjønn vere representert med minst tre. Minst fire av kvart kjønn skal vere representerte i styret dersom styret består av ni eigarvalde styrerepresentantar, og er det ti eller fleire eigarvalde styrerepresentantar skal kvart kjønn vere representert med minst 40 prosent. Det er vidare krav til dei tilsettevalde styrerepresentantane. Ved meir enn ein tilsettevald representant i styret skal begge kjønn vere representerte. Kravet til kjønnsrepresentasjon fell bort dersom eit kjønn utgjer mindre enn 20 prosent av dei tilsette. Dersom eit allmennaksjeselskap har meir enn ein vararepresentant skal også her begge kjønn vere representerte blant desse. |
Kjelder
Datagrunnlaget er alle registrerte allmennaksjeselskap i Einingsregisteret/Føretaksregisteret i Brønnøysundregistra per 1. juli 2007.
Tabeller:
- Tabell 1 Allmennaksjeselskap, etter krav om eigarvalde og tilsettevalde styrerepresentantar. 1. januar og 1. juli 2007
- Tabell 2 Styrerepresentantar i allmennaksjeselskap, etter kjønn. 1. januar og 1. juli 2007
- Tabell 3 Styrerepresentantar i allmennaksjeselskap, etter kjønn og alder. 1. juli 2007
- Tabell 4 Styrerepresentantar i allmennaksjeselskap, etter kjønn og utdanningsnivå. 1. juli 2007
- Tabell 5 Allmennaksjeselskap, etter krav om eigarvalde styrerepresentantar og talet på eigarvalde styrerepresentantar. 1. juli 2007
- Tabell 6 Allmennaksjeselskap, etter krav om tilsettevalde styrerepresentantar og talet på tilsettevalde styrerepresentantar. 1. juli 2007
- Tabell 7 Allmennaksjeselskap, etter krav om eigarvalde og tilsettevalde styrerepresentantar og talet på styrerepresentantar. 1. juli 2007
- Tabell 8 Allmennaksjeselskap, etter krav om vararepresentantar og talet på vararepresentantar. 1. juli 2007
Kontakt
-
Jimmy Wong
E-post: jimmy.wong@ssb.no
tlf.: 40 81 14 29